Hopp til innhold

Fem tenåringar sikta etter knivangrep i skogholt: – Han har knytt seg til hendinga

Mann i 50-åra blei knivstukken av maskerte gutar. Ein gut under den kriminelle lågalder har i avhøyr «knytt seg til hendinga».

Mann ble knivstukket i et skogholt i Gaupne i Luster

ÅSTAD: I dette skogholtet gjekk fleire unge gjerningsmenn med finlandshetter til angrep på ein mann i 50-åra. – Relasjonen mellom dei involverte er ein sentral del av etterforskinga, seier politiadvokaten.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Retting: I ein tidlegare versjon av denne saka skreiv NRK at mannen er busett i Gaupne. Dette er ikkje riktig, og opplysninga er fjerna frå artikkelen.

I eit skogholt i Gaupne i Luster blei ein mann i 50-åra fredag ettermiddag angripen av fleire maskerte tenåringar.

Mannen blei stukken med kniv i armen og i halsområdet, og blødde ifølge bistandsadvokaten kraftig då han sjølv fekk ringt politiet.

Deretter blei han flogen til sjukehuset i helikopter.

Fem gutar – alle i starten eller midten av tenåra – blei fredag sikta for kroppsskade eller medverknad til kroppsskade.

No er siktingane oppjusterte til grov kroppsskade eller medverknad til det.

– Det er på grunnlag av skadane og at det er nytta ein reiskap, seier politiadvokat Bernt Dahlsveen i Vest politidistrikt.

To av dei sikta blei avhøyrde laurdag ettermiddag. Ein 15 år gamal gut erkjenner ikkje straffskuld, og nektar for at han har gjort noko straffbart.

Den andre som blei avhøyrt laurdag har knytt seg til hendinga, opplyser hans forsvarar Ivar Blikra.

Guten er under 15 år.

– Han er under den kriminelle lågalder, og vil difor rutinemessig bli følgt opp gjennom kontakt med barnevernstenesta, skriv han i ei melding.

Blikra vil ikkje svara på om guten erkjenner knivstikking.

Les også Fem personar er sikta etter knivstikking

Knivstikking i Luster

Hevdar han blei stukken av fleire

Laurdag føremiddag forklarte mannen seg for politiet på Haukeland universitetssjukehus.

– Det har vore veldig dramatisk og skremmande for han. Han er medtatt, men fatta.

Bistandsadvokat Rolf Knudsen fortel at mannen frykta for sitt eige liv då han blei omringa og angripen i skogholtet eit stykke utanfor Gaupne sentrum.

Ifølge advokaten blei mannen stukken ved kragebeinet og i armen, av det som for han stod fram som ukjente personar.

– Han blei påført fleire stikk, og opplever å ha blitt stukken av meir enn éin person. Han blir verande på sjukehuset nokre dagar til, men det er uvisst når han kan skrivast ut, fortel Knudsen.

Skogholt i Gaupne i Luster der mann ble angrepet med kniv

SKOGHOLT: Knivstikkinga skjedde i eit skogholt. Dei sikta er i starten eller i midten av tenåra.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

– Det blei sagt nokre få ord

Knudsen vil av omsyn til etterforskinga ikkje seia kva som var bakgrunnen for at mannen var i skogholtet.

– Eg vil ikkje gå nærare inn på kvifor min klient var der, eller kva som eventuelt har blitt sagt om motiv.

Han vil heller ikkje seia noko om kva gjerningspersonane eventuelt har sagt i forkant av knivstikkinga.

– Det blei sagt nokre få ord, men av omsyn til etterforskinga kan eg ikkje gå innpå det.

Ifølge Knudsen er den fornærma opphavleg frå Sogn og Fjordane.

Advokat Rolf Knudsen

BISTANDSADVOKAT: Rolf Knudsen representerer den fornærma mannen i 50-åra.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Nektar straffskuld – politiet tok beslag i klede og sko

– Klienten min erkjenner å ha vore i området, men han forklarar at han ikkje har noko med hendinga å gjera. Han erkjenner ikkje straffskuld, seier forsvarar Ivar Hauge laurdag kveld.

Han representerer ein 15 år gamal gut som er sikta.

15-åringen har sete i avhøyr i lag med foreldra sine i over fem timar. Der har han ifølge Hauge forklart seg om kva han gjorde fredag.

Bakgrunnen for siktinga er ifølge forsvararen at politiet tok beslag i mobiltelefonen hans.

I tillegg tok politiet beslag i kleda og skoa hans.

Hauge vil av omsyn til etterforskinga, og at fleire skal forklara seg, ikkje gå i detalj på kva tenåringen har sagt om det han har gjort og sett.

– Foreldra tar dette veldig på alvor, og guten er sjølvsagt prega av dette. Han har forklart seg så godt som han kunne om det han har kjennskap til. Han meiner han ikkje har gjort noko straffbart.

– Kva har han forklart om sin relasjon til den fornærma?

– Han har forklart seg også opp mot den fornærma, men dette er ikkje noko eg vil gå fortelja om no.

15-åringen er busett i Indre Sogn, og har ifølge Hauge tilknyting til området.

Han omtalar dei andre fire sikta som kameratar og kjenningar av sin klient.

Ingen av dei sikta blei pågripne etter hendinga. Alle fekk reisa heim til foreldra sine, med tilbod om oppfølging frå barnevernet.

Politiadvokat Bernt Dalhsveen i Vest politidistrikt

POLITIADVOKAT: Bernt Dahlsveen i Vest politidistrikt.

Foto: Brynjar Myrtveit Osgjerd / NRK

Relasjonen ein sentral del av etterforskinga

Relasjonen mellom mannen og dei fem tenåringane er sentrale å få avklart, poengterer politiadvokat Dahlsveen.

– Når det gjeld relasjonen mellom dei sikta og den fornærma er det ein sentral del av etterforskinga. Det kan stå fram som at den fornærma ikkje har vore eit tilfeldig offer. Utover det kan me ikkje gå i detalj på relasjon før alle har blitt avhøyrde.

– Motiv, foranledning og hendingsgangen er heilt sentralt i etterforskinga. Per no er det for tidleg å gå ut med motiv, seier Dahlsveen.