Hopp til innhold

Lyktestolpar splittar bygda

Nye lyktestolpar skulle vere til glede for den vesle bygda. Men ikkje alle vil ha dei.

Hoddevik på Stadlandet

SPLITTA: Ja eller nei til nye lyktestolpar er den store saka i den idylliske bygda Hoddevik ved Stad.

Foto: Arne Stubhaug

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Bygder flest kjempar for gatelys.

Men i surfebygda Hoddevik på Stadlandet i kjempar fleire innbyggjarar mot å lyssette vegane.

– Dette kjem til å forsøple naturen her ute, seier Anne Kari Lerfald.

Lerfald, som tilhøyrer turistnæringa, er redd for at lyktestolpana skal gå utover attraktiviteten til den vesle bygda med 12 fastbuande.

– Ein av fasilitetane her ute er det reine og urørte kulturlandskapet. Lyktestolpane vil øydelegge mykje av dette. Det er ikkje det turistane kjem for, meiner ho.

Ifølgje NRK sine opplysningar skal ni av innbyggarane vere for lyktestolpane, medan tre er imot.

Hoddevika

Kvar år kjem tusenvis av surfarar frå heile verda til den forblåste vestlandsbygda. Dei lèt seg lokke av høge bølger og vill natur.

Foto: Jan Ove Hoddevik

Vanskeleg å få auge på surfarar i mørke våtdrakter

Målet er at lyktestolpane skal vere på plass i desember.

Leiar i Hoddevik velforeining, Geir Magne Hoddevik, meiner omsynet til trafikktryggleik må vege tyngst.

– I den mørke delen av året er det vanskeleg å få auge på surfarar i mørke våtdrakter som går langs vegen. Gatelys er nødvendig, seier han.

At fleire av medlemene i velforeininga bur andre stader, meiner han ikkje tek frå dei retten til å meine noko om gatelysa i bygda.

hoddevik

Velforeininga har i mange år jobba for å lyse opp bygda. Tidlegare i år fekk dei ja til planane.

Foto: Eirin Helene Rasmussen

Har aldri høyrd om bygdemotstand mot gatelys

Strid kring lyssetting av trafikkbileta er ikkje noko ukjend fenomen, men hovudregelen er at innbyggjarane kjemper for belysning. Ikkje imot.

Les også Beboere fortviler over mørke gater i Sandefjord

Vibeke Haugland Sletten, Sondre Vingerei og Elise Klaveness står sammen i den mørklagte Apolloveien i Sandefjord kommune.

Før var det stort sett kommune, ingeniørar, installatørar og produsentar som rådde over belysninga av byar og tettbygde strok. I dag vert også eigne lysdesignarar involvert.

Adrian Kasin i Vestland fylkeskommune har aldri høyrd om at bygdefolk protesterer mot nye gatelys.

– Nei, personleg har eg aldri høyrd om det. Vanlegvis er gatelys ettertrakta på bygdene, seier han.

Samtidig har han på generelt grunnlag forståing for at enkelte ikkje har sans for meir lyssetting.

– Lys kan verke som forureining, så det forstår eg, seier han.

Lysforureining engasjerer

Arne Follestad er forskar ved Norsk institutt for naturforsking.

Han meiner lys på feil stad til feil tid får for lite merksemd. Ikkje minst med tanke på dyrelivet.

Tilsvarande har fleire ekspertar på tvers av fagfelt engasjert seg for å avgrense lysbruken. Målet er å «ta tilbake natta».

MDG har OGSÅ teke til orde for å setje strengare krav til lys som blir sette opp.

Les også Slår alarm om lysets påvirkning på dyr og natur

Morgenstemning i Bjørvika.

Når det gjeld Hoddevika, peikar velforeininga på at lysa er viktig for å betre trafikktryggleiken.Lerfald meiner på si side at det er få folk ute i mørketida, og at det difor ikkje er behov for lys langs vegane.

– Det er rart det blir brukt pengar på noko det ikkje er behov for, seier ho.

– Du tener pengar på turisme og vil ikkje ha lyktestolpar av den grunn. Bør di stemme vege like mykje som dei som vil ha lys på grunn av trafikktryggleik?

– Ja, det synest eg. Kommunen og andre brukar Hoddevika som marknadsføring for turisme, noko vi også kan drive med i grisgrendte strøk. Men vi har ikkje blitt spurte om kva vi meiner.

Hoddevik

Fylkeskommunen seier at solceller vil bli brukte til å drive gatelysa i bygda. Planen er å gå over til LED-pærer og å spare straum.