Hopp til innhold

Har talane klare for Spellemann

Thea Hjelmeland og Karl Seglem har begge takketalane klare dersom det skulle bli Spellemannspris laurdag kveld. Forventningane er store, for begge to har drøymt om å få ein slik pris i mange år.

Karl Seglem og Thea Hjelmeland klar for Spellemann

Musikarane Karl Seglem og Thea Hjelmeland tek ein selfie for å feire at dei begge er nominerte til Spellemannspris. No er dei klare i Stavanger med takketale, dersom dei skulle få oppfylt draumane sine.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Thea Hjelmeland frå Førde er nominert til Spellemannspris både i kategorien «Indie» og «Årets Tekstforfattar.» Samstundes skal ho også opptre i TV-sendinga på NRK1 med ei av låtane frå hennar kritikarroste album «Solar Plexus.»

–Heilt sidan eg var lita har eg drøymt om å bli nominert til ein Spellemann. Eg har stått framfor spegelen med hårspray og øvd på takketalen. Det er rett og slett ein barnleg draum eg no opplever, og som eg forsøker å halde på. Eg tenkjer at dette skal eg berre nyte og ha det kjekt, seier Thea Hjelmeland då nrk.no treff ho eit døgn før utdelinga i Stavanger.

LES OG: I dag fekk Thea oppfylt jentedraumen
LES OG: Ekstreme kontrastar enda med ny plate: Ho måtte konfrontere nytt liv og død samstundes

Nominert for fjerde gong

Karl Seglem frå Årdal er nominert til Spellemannspris for fjerde gong. Han har aldri fått prisen, og seier han også har drøymt om å vinne i mange år.

–Eg vil bli fantastisk glad om eg får ein Spellemann. Det vil rett og slett vere stort for meg. Ikkje fordi eg har blitt nominert tre gonger før og ikkje fått, men fordi eg denne gongen har laga ei plate som kanskje overgår alt det eg har gjort før, seier Seglem.

Han seier at dersom han vinn pris vil han bli både rørt, glad og inspirert til å halde fram med musikk så lenge eg kan. Seglem er nominert til Spellemann i klassen «Jazz» for albumet «Som Spor» som han gav ut i haust.

Karl Seglem og Thea Hjelmeland under Spellemann 2014

Karl Seglem og Thea Hjelmeland har begge stor tru på kvarandre under utdelinga av Spellemannsprisar i Stavanger laurdag kveld.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Vil danse, skrike og vise følelsar

Karl Seglem har også takketalen klar dersom han skulle vinne.Han meiner det er viktig å vere klar dersom det skulle skje, sjølv om dette er første gong han har skrive takketale på førehand. Thea Hjelmeland har hatt talen sin klar lenge.
–Ja, det har eg. Det er viktig å vere budd på alt. Istaden for å bli tatt på senga, kan eg då heller bruke energien på å vise følelsar, danse og skrike, seier Hjelmeland. Ho nyttar dei siste timane før utdelinga laurdag kveld til å sy kjole på hotellrommet.

LES OGSÅ: Sprengsyr på Spellemannkjolen
LES OGSÅ: Her får ho Luttprisen:Thea er årets artist i Sogn og Fjordane
LES OGSÅ: Kritikarane jublar for Thea si nye plate


Arve Henriksen frå Stryn er nominert til Spellemannspris i «Open Klasse», men han er på turne i utlandet og vil ikkje vere tilstades under utelinga. Martin Tungevaag frå Stad er nominert til «Årets hit», og kjem til Stavanger først på laurdag.