Thea Hjelmeland er nominert til Spellemannspris både i klassen «Indie» og «årets tekstforfattar. » Ho skal også framføre låta si «Feathery» under den store direktesende prisutdelinga på NRK1. Der har ho tenkt å gjere inntrykk både musikalsk og visuelt.
–Ja, no driv vi og syr og fargar tekstilar. Eg har jo planlagt dette ganske lenge. I mange år har eg tenkt på at dersom eg ein dag vert nominert til ein Spellemannspris, så skal eg kle meg anleis, seier Thea Hjelmeland og ler varmt.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Kaos på hotellrommet
NRK.no får vere med inn på hotellrommet hennar i Stavanger, der ho og veninda Vilde Jensen Hjetland jobbar hektisk for å få kostymet klart. Rundt oss på alle kantar heng det stoff i fargar og former vi ikkje får lov å seie noko om.
–Vi har hengt opp skilt med ikkje forstyrr på utsida av døra, og det skal nok få henge der til søndag, seier dei to.
Skal leike seg til resultat
I løpet av dei komande timane skal mykje av det vi ser rundt oss settast saman til kostymet Thea Hjelmeland skal nytte under utedelinga av Spellemannsprisen laurdag kveld.
–Vi har plukka ut elementa vi skal bruke, teksturar, form og farge. No held vi på å modellere og leike oss fram til den riktige forma, seier Hjetland.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Blir nok lite søvn i natt
Men dei to er enno ikkje heilt klare på korleis resultatet kjem til å bli til slutt. Men dei er likevel heilt sikre på at dei skal bli ferdige til TV-sendinga startar.
– Ja, sjølvsagt blir vi det. Vi har full kontroll. Sjølv om det berre er elementa du ser rundt oss her no, skal vi samle det heile og bli ferdig. Men det kan nok hende det vert lite søvn i natt, seier duoen Hjetland og Hjelmeland.
Perfekt for TV-sending
Dei to har også tidlegare gjort kunstprosjekt saman i duoen sin som dei kallar «Dotti». Men denne gongen blir det med store deler av Norge som publikum. I løpet av fredag ettermiddag får dei også besøk på hotellet av Spellemannarrangørane, men Thea trur ikkje at dei kjem til å synst kostymet blir vel mykje.
–Nei, dette må no vere ein draum for ein TV-produksjon som Spellemann, seier Hjelmeland før dei held fram syjobben på hotellrommet.