Hopp til innhold

Ekstreme kontrastar enda med ny plate: Ho måtte konfrontere nytt liv og død samstundes

I dag kjem Thea Hjelmeland med sitt andre album, "Solar Plexus". Plata er eit resultat av at Hjelmeland dei siste åra har opplevd alt frå stor glede til den aller djupaste sorg.

Artisten framfører låta Quererte live i Hordaland i dag

NY PLATE: I dag gir Thea Hjelmeland ut plata "Solar Pleksus", som er eit resultat av ein svært krevjande sorgprosess og mange års arbeid. Her spelar ho Quererte i dag. Foto: Jarl Omestad.

«No har det byrja. Eg kjenner det knyt seg i Solar Plexus. Men denne gongen er det sumarfuglane som tvinnar fram eit nett av spaning. Ein dag att. Så er musikken allemannseige. Nytt kapittel.»

Å konfrontere både nytt liv og døden på same tid: Det har vore ekstreme krefter og kontrastar som har prega livet mitt dei siste åra.

Thea Hjelmeland om sorgen

Det skreiv Thea Hjelmeland på Instagram i går. Og i dag er dagen. I dag gav ho ut ny plate: "Solar Plexus". Og framleis er ho like spent.

– Eg er rett og slett kjempespent. Eg kjenner det godt. Det er masse sommarfuglar. No har eg jobba så mange år med denne plata. Det å kome ut med ei ny plate er akkurat det eg sa: Eit nytt kapittel.

Mange år på leit

For plata er eit nytt kapittel. Det er ei plate prega av heile spekteret av kjensler, frå eit liv som har vore prega av akkurat det same.

Hjelmeland har leita etter seg sjølv. Det kan ofte vere ein klisje, men 27-åringen frå Førde har verkeleg opplevd mykje.

Ho spelte sin første konsert med eigne songar utanfor restauranten Pikant med eit band som heitte "Øydelagd Strømpebukser" då ho var 13 år, og fortel at ho sidan den gongen har ho leita. Leita etter sitt eige uttrykk.

Ho har reist mykje. Ho har spelt mykje. Og ho budde på Cuba ein lengre periode.

– Eg har reist veldig mykje i verda. Og eg har vel vore veldig flyktig, i eit indentitetssøk. Eg har leita etter kva eg skulle. Eg har visst det var musikken, men det å tørre det fullt ut – det å vere kunstnar – er ein risikofylt situasjon.

Det var vel i 2007 eg kom heim til Førde og til Førdefestivalen.

Slo rot, men røska opp rota umiddelbart

På den internasjonale musikkfestivalen Førdefestivalen fann ho det ho hadde leita etter.

– Det eksploderte for meg. Eg var på ein opningskonsert med eit Balkan-orkester. Eg berre skjønte at «eg er jo frå Sogn og Fjordane». Det er her eg er ifrå. Det er det som er meg. Kva er det eg leitar ute i verda for? Det skjønte eg då verda kom til Førde.

Eg vart gravid. Så fekk vi vite at han hadde ein alvorleg sjukdom, og at han ikkje hadde lenge igjen å leve. Det har vore ein lang prosess. Og ei veldig, veldig tung sorg.

Thea Hjelmeland

– Då eg følte at eg hadde falle veldig på plass, og plassert alt inni meg sjølv, så møtte eg ein fransk musikar og vart kjempeforelska og flytta til Paris. Så eg reiv på ein måte opp att røtene mine med ein gong.

Ho levde i Paris i fleire år og levde av musikken for første gong.

– Det var veldig spanande. Mykje impulsar, og eg kom rett inn i jazzmiljøet og jamsessions på klubbar om nettene. Det var veldig spennande. Vi var veldig forelska.

(Artikkelen held fram under biletet)

Thea Hjelmeland

FORELSKA: Thea Hjelmeland og hennar franske kjærast var svært forelska. Ho vart gravid, og han vart alvorleg sjuk.

Foto: Andrew Amorim

Eitt nytt liv til verda, og eitt ut

Dei bestemte seg for å etablere seg. Men det ikkje alltid livet er så enkelt.

– Eg vart gravid. Og så fekk vi vite at han hadde ein alvorleg sjukdom, og at han ikkje hadde lenge igjen å leve. Det har vore ein lang prosess. Og ei veldig, veldig tung sorg, seier Hjelmeland.

I midten av august fortalde Thea Hjelmeland NRK om den tunge tida, utan å gå i detalj. Ho var ikkje klar. Men no er ho klar for å fortelje.

– Det er voldsomt og ekstremt å konfrontere at ein skal bli mor for første gang, samtidig som ein mister ein av sine kjæraste: Å konfrontere både nytt liv og døden på same tid: Det har vore ekstreme krefter og kontrastar som har prega mitt liv dei siste åra.

Men ho hadde likevel ikkje noko val. Ho måtte gå vidare.

– Eg skulle bli mor. Det er jo eit anna menneske i mitt liv som er viktigare enn meg. Så eg har brukt god tid, eg har gått djupt og konfrontert meg sjølv og mine eigne kjensler.

Plata eit resultat av konfrontasjonen

Plata vart eit resultat av heile den tunge prosessen. Men Hjelmeland er klar på at plata ikkje er sorgtung og depressiv.

– Ho er heller det stikk motsette. Ho er eit resultat av at eg har gått gjennom ein krevjande prosess. Men ho er også eit resultat av ei stor utfordringa eg har tatt og kome meg gjennom, seier Hjelmeland.

– Korleis er det å dele slike kjensler med publikum?

– For meg er det veldig naturleg. Eg er slik som person. Eg er eit veldig kjenslemenneske, og så er eg ærleg: det er ikkje noko filter mellom musikken min og mine eigne kjensler. Det går rett inn og rett ut att.

Slik har ho alltid jobba. Foreldra var musikarar og kunstnarar, og Hjelmeland seier ho lærte tidleg og bruke musikk og kunst som eit verktøy for å få ut alle kjensler, tankar og inntrykk der orda ikkje lenger strekk til.

– Plata har ein høg og positiv energi, og er veldig levande og kontrastfylt. Ho har eit enormt spekter av glede og filosofisk retningar og refleksjonar. Og det har blitt veldig vakkert. Det er ein siger i seg sjølv, seier Hjelmeland

– Eg er så frykteleg stolt av denne plata. Eg er så nøgd. Ho er for meg heilt optimal.

Høyr to av låtane til Hjelmeland i radioklippet under:

Høyr heile praten og to låtar frå Thea Hjelmeland: Alt frå stor glede, til djup sorg, og til eit litt spesielt platecover.