Hopp til innhold

For Kari tok det over ti år før ho klarte å fortelje om overgrepa frå barndomen

For overgrepsoffer går det i snitt 17 år før dei torer å fortelje nokon om det som skjedde i barndomen. For Kari tok det over ti år.

Overgrepsofferet Kari

TØFFE TIDER: Kari blei misbrukt av ein slektning i fleire år. Først då ho hadde passert 20, torde ho å seie det til nokon.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg hadde tenkt igjennom mange gangar den dagen eg skulle seie det. Eg må jo seie det ein gang, for eg må jo melde det. For det er jo feil, fortel Kari.

Men ho er på ingen måte åleine om å vegre seg mot å fortelje om overgrep.

– Sjølv dei som har opplevd overgrep i vaksen alder anmelder ikkje. Blant dei som har opplevd slike hendingar i barndomen, høyrer det til sjeldanheitene at dei anmelder, seier psykologspesialist Kristine Altmann.

Gjennom jobben sin på Universitetssjukehuset i Nord-Noreg, møter ho dagleg kvinner og menn, som går igjennom djupe traume etter overgrep.

Sjølv etter langvarig behandling er det vanskeleg å snakke om det til nokon og enda verre å gå til politiet.

– Forsking syner at det tar 17 år i snitt før dei klarer å fortelje det. For nokon går det enda lenger tid, seier Altmann.

Chatrine Elholm ved Senter mot incest og seksuelle overgrep

LYTTAR: Chatrine Elholm i SMISO er opptatt av at dei skal vere eit lågterskeltilbod.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

– Tøft å ta kontakt

Det finst i dag ei rekkje støttesenter og andre tilbod til offer for seksuelle overgrep i Noreg.

Senter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO) har i dag kontor mange stadar i Noreg, og det var også der Kari til slutt fekk hjelp til å melde sin overgripar til politiet.

– Til oss kan dei kome utan å ha tilvising frå lege eller psykolog.Vi veit at berre å ta kontakt er ofte ganske tøft, så vi opererer med ganske kort ventetid slik at når dei først ringer eller står på døra, så skal dei få kome til veldig fort.

Det seier dagleg leiar for SMISO i Førde, Chatrine Elholm.

– Yngre melder oftare

Ho forstår godt at det for mange tar svært lang tid før dei torer å kome ut med historia si.

– Vi ser at dei yngre som kjem hit, melder sakene til politiet oftare enn dei eldre. Vi støttar dei i det, men vi prøver også å forklare om kva det er som ventar dei ved å gå igjennom ein rettsprosess.

Elholm opplever at mange overgrepsoffer vegrar seg mot å melde, også fordi dei er usikre på si eiga rolle i det som skjedde då dei var barn.

– Kanskje er dei så innprenta med at dei har ei skuld i det, som igjen fører til at dei ikkje ønskjer å melde det til politiet. I det ligg også ønsket om å forsøke å gløyme.

– Tøft i retten

For overgrepsofferet Kari, blei fleire rundar i tingrett og lagmannsrett ei sterk påkjenning.

– Dei sa jo også at det kom til å bli tøft og dei hadde jo heilt rett. Det eg kanskje burde ha visst litt meir om var kor tøft det kom til å bli.

Kari sin overgripar blei til slutt frikjend av lagmannsretten. Handlingane han utførte på Kari var forelda.

Ho har ofte angra på at ho melde overgrepa til politiet. Men i dag vel ho å fokusere på å jobbe for å få endra lovene.

– Eg ser framleis den vesle jenta. Eg prøver verkeleg å redde ho og dei andre som er i same situasjonen.