Hopp til innhold

Nei, eksamen gjekk ikkje til helvete

Trass lite eksamenstrening og dystre spådommar, har koronastudentane gjort det nesten like godt på eksamen som tidlegare år.

Jørgen Sakshaug

EKSAMEN: Førsteårsstudent Jørgen Sakshaug er ferdig med sine første eksamenar på høgskulen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Reiselivsstudent Jørgen Sakshaug (20) ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) hadde ikkje hatt eksamen sidan førsteklasse på vidaregåande skule.

Før jul entra han eksamenslokale på nytt, med betrakteleg mindre eksamenstrening enn tidlegare førsteårsstudentar.

Eg var jo litt usikker på korleis det kom til å gå. Men eg følte eg hadde god kontroll på pensum, og at eg kom til å stå.

Trass nervar, gjekk eksamen ganske greitt for Sakshaug.

Han fekk både B-ar og C på eksamenane sine.

Og greitt kan det sjå ut som om det har gått for dei fleste nye studentane.

Fleire universitet og høgskular oppgir at karaktersnittet for førsteårsstudentar er relativt likt eller noko lågare samanlikna med tidlegare år. Det same gjeld strykprosenten.

Eg trur folk lærte å jobbe sjølvstendig under korona sidan det var dårlegare kvalitet på heimeundervisninga, meiner Sakshaug.

Jørgen Sakshaug

Reiselivsstudent Jørgen Sakshaug er nøgd med eksamensresultatet på sin første eksamen på høgskulen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Les også Oskar tror mange kan gå på eksamenssmell

Oskar Dahl Johansen, student

Ganske lik strykprosent

Ved Høgskulen på Vestlandet er strykprosenten for 19-åringane 0,6 prosentpoeng høgare enn hausten før pandemien. Karaktersnittet var 0,12 karakterpoeng lågare.

Det er prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal ved Høgskulen på Vestlandet fornøgd med.

– Vi var veldig bekymra for at det skulle bli tøft for dei når dei ikkje hadde eksamen frå vidaregåande, men det viser seg at det har gått betre enn vi kanskje hadde forventa.

Tusenvis av elevar har fullført heile den vidaregåande utdanninga utan ein einaste eksamen.

Studiestader forventa auka mentalt press for studentane som aldri har hatt eksamen før.

Fleire universitet og høgskular har tilbydd kurs for å dempe nervane til studentane.

Men Naustdal trur i likskap med Sakshaug at koronastudentane har lært seg å jobbe meir sjølvstendig på vidaregåande.

Ho meiner mellom anna heimeskulen har sett større krav til å strukturere kvardagen sjølv.

Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal

Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker

Informerte godt på førehand

Thomas Mikkelsen er studierådgjevar ved Høgskulen på Vestlandet og har vore med å utvikle førebuingsmaterialet til eksamen.

Han opplevde ikkje at studentane var meir stressa for eksamen i haust enn tidlegare eksamensperiodar.

– Det å ha eksamen er for mange ein spent situasjon uansett.

Han viser til Studentanes helse og trivselsundersøking, som viser at omtrent like mange studentar blei plaga av eksamensangst våren 2018 som våren 2022.

Mikkelsen fortel at høgskulen i haust har vore aktive med å informere studentane om det praktiske rundt eksamen og eksamensmeistring.

Studentane har fått hatt prøveeksamen på førehand og studentrådgjevarane har vore tilgjengeleg med tips og triks.

– Eg trur at dette kan vere med på å gjere eksamensopplevinga litt betre når det kjem til gjennomføring og prestasjonar.

Han fortel at høgskulen kjem til å halde fram med tilboda om eksamensmeistring.

– Skal vere nervøse

Til våren har Sakshaug i Sogndal berre heimeeksamen.

Denne eksamensforma dempar nervane vel så mykje som eksamenserfaringane frå hausten.

Jørgen Sakshaug

Jørgen Sakshaug trur koronastudentane har fått betre studievanar under korona.

Er ungdom for bekymra?

Nei, det eg trur ikkje. Eg trur ein skal vere litt nervøs før eksamen. Det skal følast viktig, seier Sakshaug og legg til

Det er jo ei usikkerheit å gå inn til noko for første gong, som alt elles i livet.

Les også Koronakulla slapp eksamen: Studiedraumen til Ole Petter (22) kan gå i vasken

Ole Petter Vestli.