Hopp til innhold

Koronakulla slapp eksamen: Studiedraumen til Ole Petter (22) kan gå i vasken

Avgangselevane som slapp eksamen skapar trøbbel for andre elevar som vil ta utdanning. Mange må ta opp fag for å kunne konkurrere med karaktersnittet til koronakulla.

Ole Petter Vestly

PRIVATIST: Ole Petter Vestly gjer seg klar til siste privatisteksamen før sommaren.

Foto: Martin Torstveit

PRIVATIST: Ole Petter Vestly gjer seg klar til siste privatisteksamen før sommaren.

Foto: Martin Torstveit

Ole Petter Vestli har fått sett livet sitt på vent.

Draumen er å studere jus i Bergen. Men ved kjøkkenbordet i Larvik verkar draumen fjern.

– Eg må nok ta opp fag neste år også, seier 22-åringen, som har vore privatist i eitt år allereie.

Vestli gjekk ut av vidaregåande to år før koronapandemien, og hadde den gongen eksamen på vanleg måte. Han er ein av fleire studentar som no ikkje kjem inn på studiet han ønsker, fordi karaktersnittet har sprunge frå han.

Han meiner årsaka er at avgangselevane under koronapandemien ikkje hadde eksamen.

– Dei slapp å ha eksamen, og ein går vanlegvis ned i karakterar på eksamen, seier Vestli.

– Korleis veit du det?

– Me høyrde det frå lærarane, og snittet mitt gjekk ned da eg hadde eksamen sjølv, seier han.

Viktige marginar

Ei analyse frå Utdanningsdirektoratet frå 2020 støtter påstanden til Vestli.

Nesten halvparten av elevane i undersøkinga deira fekk lågare karakter til skriftleg eksamen enn til standpunkt. I tillegg gjekk gjennomsnittskarakteren opp i nesten alle fellesfag i 2019–20.

Analysen til Utdanningsdirektoratet viser at det kan ha vore ein fordel for koronakulla at dei slapp eksamen.

– Med tanke på karaktersnittet dei skal bruke til å konkurrere om studieplassar så vil det heilt klart ha hatt ein positiv effekt for ein del elevar, seier Hilde Hjorth-Johansen som er seniorrådgjevar i Utdanningsdirektoratet.

Matte

Eksamenskarakterane kan bety mykje for karaktersnittet etter vidaregåande.

Me tek utgangspunkt i ein elev som har 4,0 i snitt frå standpunktkarakterane sine.

Eleven skal i tillegg ha fire eksamenar.

Viss eleven får karakteren tre på alle eksamenane sine så blir karaktersnittet til eleven 3,8.

Men viss eleven ikkje har eksamen så vil vedkommande framleis ha eit snitt på 4,0.

Ole Petter Vestly

Eit skilje på 0,2 i snitt kan bety mykje for dei som kjemper om skuleplassane.

Ole Petter Vestly

– Eg ville mest sannsynleg fått plass på jusstudiet om eg hadde 0,2 høgare i snitt på vidaregåande.

160.000 kroner på eksamenar

Vestli er ikkje aleine om å vere fanga som privatist. NRK har snakka med fleire studentar som no tek opp fag for å kunne utdanne seg til draumejobben.

– Eg rekna på det, og kom fram til at eg har bruka over 160.000 kroner på å ta opp fag, seier Marthe Strøm Thoresen.

23-åringen har bruka dei siste tre åra av livet sitt til å auke karaktersnittet. Draumen hennar er å studere medisin.

Thoresen innrømmer at ho måtte teke opp fag i utgangspunktet. Men ho rekna med å bruke eitt år som privatist. Maks to.

No må ho mest sannsynleg må ta opp fag for fjerde år på rad.

Marthe Strøm Thoresen med bøker på bordet foran seg.

Marthe Strøm Thoresen var ved godt mot på veg til nok ein privatisteksamen i mai i år.

Foto: Privat

Thoresen er sikker på at ho allereie hadde vore i gang med medisinstudia om det ikkje var for koronakulla som slapp eksamen.

– Alle venene mine har studert i mange år, mens eg sit her og tek opp fag. Eg syntest det er tungt. Ein får lyst til å gje opp draumen, seier Thoresen.

Ønsker løysing

Thorsen og Vestli hadde fem eksamenar kvar. Begge opplevde at snittet deira gjekk ned som følgje av eksamenane. No vil dei at politikarane skal endre spelereglane.

– Ein kunne for eksempel fordelt studieplassane 50/50 mellom koronaelevar og ordinære elevar. Det hadde vore meir rettferdig, seier Thorsen.

Ole Petter Vestli krev også at styremaktene tek grep.

– Dei kan for eksempel la vere å telje med våre eksamenskarakterar ved opptak til høgare utdanning, seier Vestly.

Kunnskapsdepartementet opplyser at dei er på saka.

– Under den førre regjeringa vart det sett ned eit utval som skal sjå på heilskapen i opptaksregelverket, og kome med forslag til endringar, seier statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel (Sp).

Oddmund Løkensgard Hoel

Oddmund Løkensgard Hoel er statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Foto: HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE

Fryktar for framtida

Likevel meiner statssekretæren at det ikkje berre er korona som har skulda for høge karaktersnitt.

– Eg forstår at det kan vere kjipt å ikkje kome inn på draumestudiet, men dei auka poenggrensene på nokre utdanningar kjem mest av alt av søkarrekordar fleire år på rad. Når fleire søker, aukar konkurransen om plassane på dei mest ettertrakta studia.

Thoresen og Vestli meiner det blir for enkelt å skulde på at studia er populære. Dei fryktar også at situasjonen vil bli verre for dei avgangskulla som kjem etter korona.

– Dei må konkurrere utelukkande med koronakulla. Ingen av dei har hatt eksamen på VG1 eller VG2 heller. Så må dei plutseleg ha fire eksamenar i VG3, seier Vestli.

Kvar einaste desimal tel når ein kjempar om å kome inn på dei mest populære studia. I søknadsprosessen blir karakterane rekna om til poeng. 0,1 i snitt er det same som eitt poeng.

I tabellen under kan du sjå utviklinga på poenga ein treng for å kome inn på eit utval studiar.

Poenggrenser ordinær kvote

Populære studier

2021

2020

2019

2018

Rettsvitenskap i Bergen

61,5

60,8

60

59,2

Medisin i Oslo

69,5

69

68,5

68,5

Siviløkonom i Bergen

58,3

57,4

56,4

56,5

Politiutdanning i Oslo

55,7

54,9

51

50,5

Psykologi i Oslo

66,6

65,7

65,7

64,9

Teknologiledelse i Trondheim

65,9

64,8

64,2

64,2

Poenga i tabellen viser berre grensene for ordinær kvote. Dette er poenggrensene Vestly og Thoresen prøvar å nå. Vestli manglar 1 konkurransepoeng for å kome inn på rettsvitskap i Bergen der grensa er 61,5. Poenggrensa har gått opp med 2,3 poeng sidan Vestli gjekk ut av vidaregåande i 2018.

Thoresen manglar omlag 1,5 poeng for å kome inn på medisin.

Grensene er annleis for dei som søker med førstegongsvitnemål. Tala i tabellen er henta frå Samordna opptak.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog