Hopp til innhold

Kapteinen med matchvinnande involveringar i begge endar av bana

FLORØ (NRK): Først avverja han scoring i mot, før han stonga inn det einaste målet i kampen. Vegar Gjermundstad var høgt og lågt, då Florø vann sin sjette strake.

Florø-Kongsvinger, Vegard Gjermundstad

HØGAST: Vegard Gjermundstad (nr. 37) knuste alle i lufta og stonga inn målet som sende heimelaget i føringa.

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..

33 minutt var spelt av første omgang. Ein omgang der Florø hadde dei største sjansane til å scora mål.

Men på ei kontring var plutseleg Kongsvinger-spelar Niklas Castro aleine med keeper og hadde ope mål. Men i det han skulle skyta vart han stoppa av ein oppofrande kaptein, Vegard Gjermundstad, som fekk blokkert.

Vegar Gjermundstad, Florø-Kongsvinger

JUBEL: Så glad vart Vegar Gjermundstad etter å ha sett inn den avgjerande scoringa.

Foto: Truls Kleiven

Og då laga såg ut til å gå til pause på stillinga 0–0 dukka Gjermundstad opp å stonga inn 1–0, og fleire mål vart det ikkje.

– Jobben min er å halda nullen bak der og det å scora er berre ein bonus. Eg kom meg opp og fekk godt treff i headinga, seier Gjermundstad til NRK etter kampen.

Trass i at gjestane hadde fleire gode sjansar til å utlikna i andre omgang, var det Florø som kunne jubla over sin sjette strake siger i førstedivisjon.

– Motstandaren er redd oss

Målet til Florø kom etter ein corner. Og det er ikkje første gong denne sesongen at Florø får full poengpott etter scoring på corner. Då dei slo Sandnes Ulf 3–1 på heimebane kom alle måla etter corner, og det var stopparane Runar Hove og Gjermundstad som scora alle måla.

Det er ikkje tilfeldig at vi scorar på dødball. Det har vi trena på og vi veit vi er gode på det. Vi ser at motstandaren er redd oss på dødball, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Terje Rognsø, Florø-trenar

Florø-trenar Terje Rognsø kunne glisa etter lagets sjuande siger på åtte kampar.

Foto: Truls Kleiven

For så langt denne sesongen har Florø scora 28 seriemål. Ni av dei står Endre Kupen bak, medan duoen Hove/Gjermundstad i midtforsvaret har scora sju til saman. Hove er faktisk nummer to på toppscorarlista i klubben, trass i at han er midtstoppar.

Og i kampen mot Kongsvinger var Rognsø nøgd med forsvarsspelet.

– Førre helg var vi ikkje bra bak der, men i dag var vi gode. Og vi møtte ei angrepsrekke med stort sett berre spelarar som har erfaring frå eit høgare nivå, seier Rognsø.

Sjansebonansa

Dei 1523 tilskodarane på Florø stadion fekk underhaldning frå første spark på ballen før kvilen, og det var heimelaget som var nærast scoring.

For sjølv om dei måtte venta heilt til det 45. minutt før Gjermundstad ruva høgst og heada inn 1–0 scoring på corner i det siste minuttet av omgangen, var det nok av sjansar i forkant.

Vegard Gjermundstad, Florø-Kongsvinger

I NETTET: 1–0 scoringa frå Vegard Gjermundstad.

Foto: Truls Kleiven
Runar Hove, Florø-Kongsvinger

NÆRE PÅ: Runar Hove var nære på å sende heimelaget i føringa tidleg i første omgang.

Foto: Truls Kleiven

Den alle størst kom også etter ein corner frå Christer Husa. Stopparmakker Runar Hove fekk to sjansar, først med ei heading i tverrliggaren, før returen vart blokkert. Og Stefan Aase fekk ein tredje sjanse på den same dødballen, men også den vart blokkert.

Kongsvinger sin største sjanse var det Niklas Castro som fekk, då han runden Florø-keeper Niklas Frenderup, men i siste liten dukka Gjermundstad opp og fekk inn ei blokkering.

Eksperten sitt tips til skamme

Kveldens motstandar var Kongsvinger. Den første kampen mellom laga tidlegare i vår enda med 2–1-tap, etter at Florø tok leiinga 1–0.

Før sesongen tippa Eurosport sin fotballekspert Roger Risholt Florø som soleklar nedrykkskandidat, og trass i ei god avslutninga på vårsesongen stod han på tipset i slutten av juli.

Men då han kåra dei beste spelarane og trenarane i førstedivisjon gjennom sommaren på eurosport.no tidlegare denne veka var Florø godt representert. Endre Kupen topp lista over spelarar, men Risholt hadde også fått plass til Runar Hove på topp ti lista. Blant trenarane var det Terje Rognsø som hadde imponert mest.

Laster innhold, vennligst vent..