NRK Meny
Normal

Fotballeksperten står fast på at Florø-jubelen vil stilne

– Eg er overimponert over det Florø har fått til, men eg står fast på tipset mitt om at dei rykkjer ned.

Roger Risholt

IMPONERT: Roger Risholt trur Florø treng 12–13 poeng til for å sikre plassen i 1. divisjon. – Det er veldig, veldig positivt at ein så liten klubb, frå ein så liten by og med eit så lite budsjett hevdar seg så bra i 1. divisjon. Eg er overimponert, seier han.

Foto: Sebastian Nordli/NRK

Det seier Eurosport sin fotballekspert, Roger Risholt. Før sesongstart tippa han Florø Fotball nest sist i 1. divisjon.

– Ei veldig sjarmerande historie. Dei har halde saman sidan dei var lilleputt og har hatt same trenar. Heile historia er fantastisk, men kvaliteten er ikkje god nok, sa han då.

– Framleis tidleg

Etter ei sterk våravslutning er historia ei heilt anna. Terje Rognsø sitt mannskap tek sommarferie på åttande plass – tre poeng frå kvalifisering om opprykk til eliteserien.

Medan han meiner Jerv er den største negative overraskinga i årets 1. divisjon, ser han på Tromsdalen og Florø som dei mest positive overraskingane.

– Det er veldig feil i høve til det eg tippa, men det er framleis tidleg. Eg har sett Florø og er veldig, veldig imponert over det dei har gjort. Dei har ikkje hatt flaks, men dei har vore gode, seier Risholt.

Rognsø tek tippinga med ro

– Vi har hatt eit mål om å etablere oss i divisjonen. Vi går alltid på bana for å vinne. Men vi må vere realistiske også, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

For det har ikkje berre gått på skinner for dei svarte og blå i år, men ei skadeliste som ikkje ser ut til å gi seg.

Trass i at trenaren held jubelen tilbake enno, er han nøgd med at dei har gjennomført linja dei satsa på før sesongen.

– Vi har ynskja å satse på spelarar som ynskjer å bli bedre. Ei stund i starten lurte eg på om vi gjorde noko feil. Men no ser vi at linja har noko føre seg, og at vi er på veg til å etablere oss i divisjonen.

Står ved tipset

Sørlendingen i Eurosport meinte steget ville bli for stort for det unge Florø-mannskapet og at dei i beste fall ville klare kvalifisering for å unngå nedrykk.

Florø

VIL STILNE: Florø kom seint i gang med poengsankinga, men med fire sigrar på dei fem siste kampane har laget klatra vekk frå nedrykksplass. – Held dei seg, så viser det at det blir jobba veldig godt der oppe i høve til større klubbar med større budsjett som Fredrikstad, Jerv og Arendal, seier fotballekspert i Eurosport, Roger Risholt.

Foto: Truls Kleiven

Han minner om at Florø har nesten like mange poeng til nedrykksstreken som til kvalifisering om opprykk.

– Held dei fram som no, så klarer dei seg utmerka. Men eg trur botnlag som Arendal, Jerv, Fredrikstad og eit par klubbar til kjem til å bruke pengar for å komme seg opp, seier han.

– Ikkje ta av

Risholt meiner Florø har brukt pengane sine fornuftig, og håpar dei held fram slik. Han åtvarar også alle rundt klubben om å ta heilt av.

– Snakk om kvalifisering legg ekstra press på spelarane. Då kan tapa fort komme, ein ramlar på tabellen og sjølvtilliten slår feil veg, seier han.

– Om du får ny sjanse til å tippe ved halvspelt, kvar hamnar Florø i år?

– Eg får berre tippe dei ned, for då tek eg feil og alle i Florø er nøgde.

Laster innhold, vennligst vent..