– Ulukkene er krevjande for alle i Aurland

– Det er veldig krevjande for heile kommunen. Det rører ved oss alle, seier ordførar Noralv Distad (H) i Aurland.

Noralv Distad

TRAGISK: I løpet av ein time i kveld fekk ordførar Noralv Distad (H) melding om to basehoppulukker i kommunen. Han seier dei mange luftsportulukkene pregar heile Aurland.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kommunen opplevde onsdag kveld si sjette dødsulukke innan luftsport sidan 2013.

I tillegg vart ein basehoppar alvorleg skadd etter at han trefte fjellvegen i Brekkeberget i Flåm.

– Det er veldig tragisk når slikt skjer. Tankane våre går til den næraste familie til den omkomne. No har eg ikkje kjennskap til den andre ulukka, men det er djupt tragisk, seier Distad til NRK seint onsdag kveld.

Ulukkesåret 2013

Alvorleg basehopp ulukke ved Brekkeberget i Aurland.

ALVORLEG: Berre ein time etter dødsulukka i Gudvangen fekk politiet melding om nok ei alvorleg basehoppulukke i Brekkeberget i nabobygda Flåm.

Foto: Arne Veum

Aurland er ein populær kommune innan luftsportsmiljøet. Vassbygdi, Flåm og Gudvangen er har alle stupbratte fjell som ekstremsportutøvarar likar godt å kaste seg utfor.

Også tidlegare har det vore dødsulukker både i Vassbygdi og Gudvangen.

Det verste ulukkesåret var 2013, der tre personar omkom. To basehopparar i Gudvangen og ein speedrider i Vassbygdi.

I tillegg er fleire utøvarar skadde i ulukker.

– Det er like ille kvar gong og mange blir involverte. Både dei næraste til dei som omkjem eller blir skadde, men også hjelpemannskap og lokalbefolkninga. Slike ulukker rører ved oss alle, seier han.

Ville forby basehopping, fekk nei

Etter dei tre dødsulukkene for fire år sidan bad kommunen Justis- og beredskapsdepartementet avklare om dei kunne forby basehopping i Aurland. Svaret då var nei.

– Luftsport og spesielt basehopping er risikosport og det er diverre mange dødsulukker i sporten. Vi har tidlegare teke opp med departementet at det er problematisk for dei som utøver sporten, hjelpemannskap og bygda elles. Tilbakemeldingane er at det ikkje er aktuelt å legge restriksjonar, seier Distad.

– Kjem de til å ta dette opp på nytt i politiske fora?

– Det er for tidleg å seie noko om. Først og fremst må dei som skal hjelpe gjere sin jobb, så må vi få samla informasjon om det som har skjedd og vurdere seinare.

– Men dette er ein risikosport som etter mi meining har altfor mange ulukker, avsluttar han.