Hopp til innhold

Basehoppulukka: – Ting tyder på at fallskjermen ikkje løyste seg ut

Mannen som onsdag kveld omkom i ei basehoppulukke i Aurland var utanlandsk statsborgar.

Basehopparulukke i Gudvangen

OMKOM: Politiet trur begge dei to basehopparane fekk problem med fallskjermane sine då dei hoppa frå Nebbet og Brekkeberget i Aurland.

Foto: Tiril Ure Hylland

Politiet har fått stadfesta identiteten til den omkomne, men ynskjer på noverande tidspunkt ikkje å seie kvar mannen kom frå.

Pårørande er ikkje varsla om ulukka.

– Vedkommande er nok berre i Norge på tur. Vi har bede Kripos om hjelp til å varsle dei pårørande, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Vest politidistrikt.

Løyste seg ikkje ut

Ulukka ved Skjerpi i Nærøydalen vart meldt klokka 1920. Vitne såg fallskjermhopparen komme i høg fart mot bakken etter hoppet frå fjellet Nebbet.

– Vi har ikkje fått avhøyrt dei som har sett dette, men det er ting som tyder på at skjermen ikkje løyste seg ut, seier Rimmen og legg til at politiet i dag vil avhøyre vitne til ulukka for å få kartlagt kva som skjedde før og under hoppet.

Det er også rutinemessig bede om obduksjon av den omkomne.

Ny hoppar fekk problem

Nokre timar etter ulukka fekk politiet melding om ei ny hoppulukke. Denne gong ved Brekkeberget i nabobygda Flåm. Her såg eit vitne at basehopparen fekk problem med skjermen sin. Hopparen landa i ei steinur.

Også denne basehopparen er utanlandsk statsborgar.

– Han vart henta ned av Sea King og er frakta til Haukeland sjukehus, seier Rimmen.

Sjukehuset opplyste i natt at mannen er alvorleg skadd. Politiet har førebels ingen indikasjon på kva som gjekk gale.

– Vi håpar å få det på det reine når vi snakkar med vedkommande, seier Rimmen.