NRK Meny
Normal

Martin vart vitne til at basehopparen gjekk i bakken

AURLAND/FLÅM (NRK): Martin Nesbø (20) heiv seg på telefonen då han såg basehopparen gå i bakken i fjellsida over Flåm. Hopparen ligg på sjukehus med alvorlege skader.

Martin Nesbø vart vitne til at basehoppar gjekk i bakken i Flåm

FALL I BAKKEN: Martin Nesbø viser fjellområdet Brekkeberget der den utanlandske basehopparen fekk problem i siste del av svevet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

20-åringen frå Flåm peikar opp i Brekkeberget, eit fjellparti der aurlendingane for lengst har blitt vande til at luftsportsutøvarar kastar seg utfor. I går kveld vart Nesbø vitne til at ein basehoppar fekk store problem med skjermen sin.

– Fallskjermen løyste seg ut, men så fekk han problem. Han vingla veldig, og dei siste tjue til ti meterane small han kraftig i bakken. Han fekk ei hard landing, så eg skjønte med det same at dette ikkje kunne vere bra.

Nesbø kasta seg på telefonen og fekk varsla politiet før han tok seg opp til bøen der hopparane pleier å lande.

Luftambulansen heisar ned helsepersonell i samband med basehoppulukka i Flåm i Aurland 28. juni 2017

ALVORLEG SKADD: Luftambulansen kom til Flåm i går kveld, og heisa ned helsepersonell til den skadde basehopparen i Brekkeberget. Mannen vart seinare løfta ut frå området med eit redningshelikopter.

Foto: Arne Veum

Skal ha hatt tryggleiksutstyr

Då Nesbø kom opp på bøen såg han ein annan mann springe oppover i fjellet. Nede på bøen låg ein fallskjerm, så Nesbø forstod det som at dette må ha vore ein hoppar som hadde landa trygt like før.

– Han kleiv oppover i steinrøysta i eit forrykande tempo.

Heile tida hadde Nesbø kontakt med politiet. Nesbø fortel at dei etter kvart fortalde at dei hadde fått livsteikn frå den skadde basehopparen. Etter det Nesbø fekk vite skal den utanlandske mannen ha brukt både nakkeskinne og ryggskinne.

– Slik eg forstod det var det med å berge livet hans.

Både luftambulansen frå Førde og eit redningshelikopter vart sendt til Flåm for å hjelpe til. Luftambulansen fekk først heisa ned helsepersonell til den skadde, før han vart løfta ut av området med redningshelikopteret.

Mannen vart frakta til Haukeland universitetssjukehus. Dei opplyser torsdag føremiddag at mannen er innlagt med alvorlege skader.

Kort tid før ulukka i Flåm, omkom ein annan basehoppar etter ei ulukke i Gudvangen. Denne ulukka skjedde eit stykke oppe i Nærøydalen, ved Skjerpi. Ifølgje politiet tyder ting på at fallskjermen hans ikkje løyste seg ut.

Redningshelikopteret har henta ut skadd basehoppar i Flåm

HENTA UT: Mannen vart henta ut med eit redningshelikopter, og fekk behandling for alvorlege skader av helsepersonell på staden.

Foto: Martin Nesbø

– Bygdefolket er prega

Dødsulukka i nabobygda er den sjette dødsulukka dei siste fire åra. I 2013 ville både bygdefolket og ordføraren forby basehopping i Aurland. Ordføraren bad Justis- og beredskapsdepartementet avklare om dei kunne forby basehopping, men fekk nei. Ordføraren Noralv Distad vil no vurderer å ta saka opp att på nytt.

Martin Nesbø kjenner på ei uggen følelse etter å ha fått den dramatiske ulukka svært tett på i går.

– Det tok litt tid før eg klarte å roe meg og fekk sove i går kveld, og det surrar framleis litt tankar i hovudet, seier han.

Han veit at også andre i bygda sit med blanda kjensler.

– Dette pregar bygdefolket. Det er ikkje noko kjekt å få det så tett på med ulukker og dødsfall.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser