Hopp til innhold

Justering av kontantstøtta får kritikk frå høgre og venstre

Støre-regjeringa legg opp til ein «marginal endring» av kontantstøtta, og med det kjem kritikken både frå høgre og venstre side.

Illustrasjon kontantstøtte

IKKJE AVVIKLA MED DET FYRSTE: I Hurdalsplattformen varslar den nye regjeringa at ho ønsker å avvikle kontantstøtta til barn mellom 18 og 24 månader. Men i budsjettframlegget for 2022 er det lite spor av dette.

Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix

I Hurdalsplattformen seier den nye regjeringa at ho ønsker å avvikle kontantstøtta til barn mellom 18 og 24 månader.

I staden vil dei ha ei eiga støtteordning for dei som har søkt, men ikkje fått barnehageplass.

Men i budsjettframlegget for 2022 er det lite spor av dette, berre ein liten innstramming: Frå 1. august neste år er det ikkje lenger kontantstøtte same månad som barnet begynner i barnehage.

Hittil har kontantstøtta blitt gitt til og med månaden barnet begynner i barnehage, eller til og med barnet fyller 23 månader.

Justeringa får kritikk både frå høgre og venstre.

– Regjeringa følgjer i for liten grad opp lovnaden om å avvikle kontantstøtta, og vi vil difor legge press på dei i tida som kjem, seier Hege Bae Nyholt, stortingsrepresentant for Raudt.

Trude Brosvik i Kristeleg Folkeparti les justeringa som eit teikn på at den nye regjeringa ynskjer å signalisere motstand mot kontantstøtta, men ikkje har hatt tid til å gjere forarbeidet.

– Det var dette dei kunne få til raskt og utan meir utgreiing av konsekvensar. At dei gjern dette no trur eg er berre er for å understreke motstanden mot ordninga, seier ho.

Støre og Vedum legger frem Hurdalsplattformen

STØTTEORDNING, IKKJE KONTANTSTØTTE: I Hurdalsplattformen varslar den nye regjeringa at ho ønsker å avvikle kontantstøtta til barn mellom 18 og 24 månader.

Foto: Torstein Bøe / NTB

– Første skritt mot ein fullstendig avvikling

Ein mogleg konsekvens av å fjerne kontantstøtta er at fleire eittåringar vil søke om barnehageplass. Då er spørsmålet om alle kommunar kan garantere barnehageplass til alle.

– Vi er sjølvsagt glade for at det ikkje vert kutta meir i denne omgang, så framt det ikkje skjer noko i forhandlingane med SV. Men vi er redd dette er første skritt mot ein fullstendig avvikling, seier Hilde Auglend Vedelden, som er administrator i facebookgruppa Behalde kontantstøtta.

Formuleringa i Hurdalsplattformen vert omtala som ein «kompromiss», og historisk har det vore sterke spenningar mellom Sp og Ap om kontantstøtta, men også innanfor Arbeidarpartiet.

I 2014 fekk Jonas Gahr Støre massiv motbør frå sine egne då han opna for å frede ordninga.

Medan partikamerat og statsrådskollega Anette Trettebergstuen (Ap) har varsla at ho vil gjere «alt ho kan» for å fjerne ordninga. Alt bortsett frå å stille ultimatum.

LES OGSÅ: Yvonne brukte kontantstøtta til å starte eiga bedrift

Trude brosvik

EINASTE DEI RAKK: Trude Brosvik (KrF) les «den marginale endringa» som eit teikn på at den nye regjeringa ynskjer å signalisere motstand mot kontantstøtta, men ikkje har hatt tid til å gjere forarbeidet.

Foto: GUNHILD HJERMUNDRUD / NRK

Ser kva veg vinden bles

Noregs Kvinne- og familieforbund var blant dei som tok initiativ til kontantstøtta.

– Eg ser at det berre er ein lita endring i kontantstøtta så langt, men eg er ikkje i tvil om at den vert endra på sikt under dagens regjering, seier Aina Alfredsen Førde, som er leiar i forbundet.

Parlamentarisk leiar i Arbeidarpartiet, Rigmor Aasrud, sa tysdag at Ap, Sp og SV ikkje vil kome i mål med budsjettforhandlingane innan fredag. Det er dagen då finanskomiteen i utgangspunktet skulle legge fram si innstilling.

I staden vert det signalisert at det kan dryge fram til finansdebatten i Stortinget, som er planlagt 2. desember.

I 2011 gjekk Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum og dåverande barne- og familieminister Audun Lysbakken (SV) saman om å fjerne kontantstøtta til toåringar. Endringa trådde i kraft hausten 2012.

Silje Hjemdal

SKAPER UVISSE: Familiepolitisk talsperson i Frp, Silje Hjemdal seier regjeringa bør vere meir førekommande om kva dei vil med kontantstøtta.

Foto: Ida Yasin ANdersen / NRK

– Regjeringa skaper uvisse

Familiepolitisk talsperson i Frp, Silje Hjemdal seier til NRK at regjeringa bør vere meir førekommande om kva dei vil med kontantstøtta:

– Det einaste regjeringa og SV som mogeleg budsjettpartnar oppnår med ikkje å vere tydelege, er at de skaper meir uvisse og mindre føreseielegheit for familiane.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) seier til NRK at dei er klare på kva dei vil:

– Vi vil målrette kontantstøtteordninga mot dei minste barna, seier ho.

I praksis betyr det at dei vil sikre ordninga for barn mellom eitt og halvanna år, og at dei vil avvikle kontantstøtta for barn mellom halvanna og to år.

– Min ambisjon som barne- og familieminister er at vi med denne ordninga skal behalde kontantstøtta for dei minste barna på lang sikt. Den konkrete innretninga av småbarnsstøtta må vi sjå nærare på.

FAKTASJEKK: «Kontantstøtta held mødrer borte frå jobb og barn borte frå barnehage»

Kjersti Toppe

LANG SIKT: – Min ambisjon som barne- og familieminister er at vi med denne ordninga skal behalde kontantstøtta for dei minste barna på lang sikt, seier Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Foto: Leif Rune Løland / NRK