Hopp til innhold

Yvonne brukte kontantstøtta til å starte eiga bedrift

Fem parti går til val på å fjerne kontantstøtta fordi ho «held kvinner utanfor arbeidslivet». Yvonne Aga Romøren skapte ein ny arbeidsplass då ho gjekk heime.

Yvonne Aga Romøren

HUGLEIK: – Det er heilt greitt å starta noko som du drøymer om. Då er du ei betre mor også, seier Yvonne Romøren som starta bedrifta "Kort Levert" då ho gjekk heime med ungane sine.

Foto: Arne Stubhaug

I 2017 fekk Yvonne Aga Romøren tvillingar. Det betydde dobbel kontantstøtte, og ein sjanse til å utforske ein draum ho hadde gått med lenge: å starte si eiga bedrift.

– Du må belage deg på lite inntekt i starten, og du må ofre litt for å få det til. Då var kontaktstøtta utruleg viktig, seier ho.

Er det riktig å bruke tid på å starte bedrift når du eigentleg skal passe ungar?

– Eg trur ikkje ungane har vondt av å vere med mor på jobb. Når dei var vakne, brukte eg all mi tid på dei. Men når dei sov er det ingen som seier at du ikkje kan drive med andre ting.

Yvonne Aga Romøren
Foto: Arne Stubhaug

Held kvinner utanfor arbeidslivet

– Det finst betre ordningar for å starte bedrift enn kontantstøtta, seier Torbjørn Vereide, som er listetopp for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane.

Tore Storehaug er stortingsrepresentant for KrF i same fylke.

– Når ei tvillingmor klarar å starte bedrift i tillegg til å ha omsorga for to små, bør politikarane applaudere og ikkje moralisere, seier han.

Nyoppretta bedrifter er ikkje hensikta med kontantstøtta, men ein fin effekt ikkje desto mindre, seier han.

– Denne saka viser jo at familiane kombinerer kontantstøtte med jobb og det å skape arbeidsplassar.

Kontantstøtta har vore ein omdiskutert storleik i norsk politikk heilt sidan ho blei innført av Kjell Magne Bondeviks første regjering i 1998.

I alt går fem parti til val på at dei vil erstatte kontantstøtta med ei «ventestøtte», og i vår gjekk også Høgre inn for å skrote ordninga, mot vilja til statsminister Erna Solberg.

Medan Jonas Gahr Støre fekk massiv motbør frå partikameratar da han opna for å frede ordninga attende i 2014.

VRIPC-WM6Tk

TAPTE SLAGET: Mot statsminister Erna Solberg si vilje vedtok landsmøtet i Høgre i mai å vrake kontantstøtta.

Foto: Javad Parsa / NTB

KrF har vore ganske åleine

Familiepolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Anette Trettebergstuen, varsla i juli at ho vil gjere alt ho kan for å fjerne støtta om Ap kjem i regjering. Alt bortsett frå å stille ultimatum.

I 2020 og 2021 vart det sett av høvesvis 1,6 og 1,5 milliardar til kontantstøtta i statsbudsjettet.

På venstresida er det i dag berre Senterpartiet og MDG som vil bevare ordninga, men også her er det spenningar. I MDG har eit mindretal i programkomiteen gått inn for å avvikle ordninga.

Tore Storehaug, finanspolitisk talsperson KrF.

VIL BEHALDE STØTTA: Førstekandidat til Stortinget for KrF Sogn og Fjordane, Tore Storehaug, er positiv til kontantstøtta.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Boe

Fødselshjelparen KrF har på si side tatt til orde for å supplere ordninga med ein «kontantstøtte for eldre».

Noregs Kvinne- og familieforbund var blant dei som tok til orde for å få på plass kontantstøtta.

Leiar i forbundet, Aina Alfredsen Førde, saknar ein diskusjon rundt arbeids- og integreringspolitikken.

– Det held ikkje å bruke argumentet med at kontantstøtta hindrar kvinner med innvandrarbakgrunn frå å komme inn i arbeidslivet. Då må ein sjå på arbeids- og integreringspolitikken, ikkje kontantstøtta, seier ho.

Torbjørn Vereide

VIL INNFØRE EIN ERSTATNING: Førstekandidat til Stortinget for Ap i Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide, vil erstatte kontantstøtta med ventestøtte.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Blir ei betre mor

Attende i Årdal ser Yvonne inga motsetnad mellom gründer- og morsrolla. Tvert om.

– Det er heilt greitt å starta noko som du verkeleg brenn for og gjer noko som du draumar om. Då er du ei betre mor og!

Yvonne Aga Romøren
Foto: Arne Stubhaug