Hopp til innhold

Slik hamna jord frå norsk bossfylling på skandaledeponiet i Danmark

Bergen kommune sa dei ikkje ville senda avfallet frå den gamle fyllinga langt av garde. Likevel enda mange tonn i Danmark.

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Store mengder forureina massar frå Noreg ligg gravlagt i den gigantiske jordfyllinga som den siste tida har laga nyheitsoverskrifter i Danmark.

Jordskredet hos selskapet Nordic Waste blir omtalt som ein miljøkatastrofe. Prislappen på oppryddinga blir enorm.

Denne veka kunne NRK fortelja at nesten ein halv million tonn er frakta på lasteskip over Skagerrak.

Les også Norsk jord trugar dansk bygd etter jordskred frå avfallsanlegg

Statsminister Mette Frederiksen (S) og miljøminister Magnus Heunicke (S) i Danmark besøker sammen med borgermester Torben Hansen (S) og kommunaldirektør Jesper Kaas Schmidt Nordic Waste ved Ølst, Randers mandag den 22. januar 2024. Et stort jordskred fra jordrensningsfirmaet Nordic Waste truer området med bl.a. forurensing.

Ønskjer ikkje transportera avfall over lange avstandar

Men kvar stammar dei frå?

Blant anna frå eit bossdeponi i Bergen.

I 2020 starta arbeidet med som skulle bli Noregs første sanering av eit historisk bossdeponi.

Slettebakken deponi

UTE AV SYNE UTE AV SINN: I mange tiår låg bergensarane sitt avfall gravlagt under desse fotballbanane. No er området grave opp og massane reinska og sendt til gjenvinning. Mange tonn ligg i massedeponiet i Danmark.

Foto: Bergen kommune

Alt den gongen sa kommunen at deler av dei ureine massane kunne hamna i utlandet.

– Me er pålagde å tenka miljø også her, og me ønskjer ikkje transportera avfall med bil eller båt over lange avstandar, uttalte mellom anna prosjektleiaren til NRK i 2020.

No kan NRK fortelja at over 6000 tonn med lettare forureina jordmassar frå den gamle bossfyllinga blei sendt til jordavfallsmottaket til Envir på Laksevåg.

Mesteparten av dette blei lossa på frakteskip og sendt direkte til Nordic Waste i Danmark.

Dette var primært jordlag som låg over eller under sjølve deponiet, og kategorisert som «lettare forureina jord».

Det bekreftar dagleg leiar Kolbjørn Akervold.

– Det blei gjort ei grovsortering, og element som store steinar, røter, garn, tauverk og anna bos blei plukka vekk. Men mesteparten blei nok sendt til Danmark.

Den gamle bosfyllinga på Slettebakken er det første deponiet i Norge som blir gravd opp og sortert på staden. Over 200.000 tonn jord blir vaska og sortert.

Jord som ikkje kan brukast på nytt blir sendt til "behandling". Over 6000 tonn, eller rundt 500 lastebillass med massar, er køyrd til Envir på Laksevåg som forureina jordavfall.

Men Envir klarar knapt å gjenvinna 20 prosent. Mesteparten av massane frå Slettebakken blei sendt direkte på store frakteskip til Nordic Waste i Danmark.

Målet var ytterlegare "nyttegjøring av massene" . Men danske medier skriv at knapt 5 prosent blei behandla. Nesten alt frå deponiet i Bergen blei gravd ned i kjempedeponiet ved Ølst.

– Frykteleg lei

Rundt 80 prosent av deponiet på Slettebakken bestod av hushaldningsavfall. Kommunen fann blant anna dekk, flasker og eksospotter.

Eit nøysamt sorterings- og vaskesystem har handtert sjølve bosset, og sendt mykje til gjenvinning og gjenbruk. Dei reine massane har blitt brukt om igjen på anlegget.

I tillegg har det vore ein del massar der me har sortert ut stein og grus, som er brukt om att på Slettebakken. Resten er levert Envir, seier Geir Haveraaen, avdelingsleiar i Bymiljøetaten i Bergen kommune.

Har Bergen kommune ein kommentar til at deler av jordmassane frå deponiet på Slettebakken blei frakta med lasteskip til Danmark og enda i det som no blir rekna som et skandaledeponi?

Massane er levert til godkjent mottak i Noreg, Envir. Me synest situasjonen som har oppstått i Danmark er frykteleg lei, og håpar dei lukkast med det arbeidet dei no gjer for å få kontroll på situasjonen.

Sender 80 prosent til Danmark

Envir profilerer seg som eit selskap som vil «redefinera måten byggebransjen handterer fjerna masse på. Målet er å tilby «virkelig sirkulære, lønnsomme og risikofrie løsninger» til kundane.

Envir As har i dag løyve til drift av avfallsanlegg kor dei tar imot, behandlar, lagrar og lastar forureina massar med båt.

Enkelt forklart køyrer entreprenørar forureina gravemassar inn til levering. Firmaet sorterer ut rein stein, og tilbyr dette til gjenbruk.

Men selskapet klarar berre å bruka att i underkant av 20 prosent av det som kjem inn.

Resten går på lasteskip til Danmark.

Envir sitt oppbevaringsområde i Simonsviken næringspark på Laksevåg i Bergen

LOSSEKAI: Her i Simonsviken næringspark på Laksevåg har Envir sendt ut nesten ein halv million tonn med forureina jordmassar.

Foto: John Inge Johansen / NRK

I eksportpapira sendt til danske styresmakter står forklaringa på at dei sidan 2020 har sendt 450.000 tonn med jordmassar:

«Ingen nyttiggjørelsesløsninger i Noreg».

– Det stemmer. Dei som finst (to på Austlandet, eit i Rogaland og eit i Trøndelag) er alt for små samla sett til å kunne dekka det norske behovet. Er det noko me historisk har hatt meir enn nok av, er det jord og stein, og skog, dalar og område å dumpa massar i. Danskane har det ikkje på same måte, seier Akervold i Envir, før han legg til:

– Noreg er ei sinke på dette området.

Selskapet bygger no om sitt anlegg. Når det står klart vil dei kunne tilverka og utnytta opp mot 80 prosent av det dei tar inn. Dette er også litt av grunnen til at eksportstansen til Danmark ikkje får konsekvensar for drifta.

Nordic-waste-flyfoto-1.4.2023
Nordic-waste-flyfoto_17.6.2021

Her kan ein sjå korleis jorda beveger seg sakte, men sikkert over alt den møter på. På biletet frå 2021 ser ein ei stor lagerbygning. På biletet frå 2023 er store deler av bygningen borte.

Flyfoto: sdfi.dk

Kva betyr «nyttiggjøre»?

Envir AS har i dag løyve til eksport av lettare forureina jordmassar til «nyttiggjørelsesprosjekt» i Danmark.

I kontrakten mellom bergensfirmaet og det danske selskapet som formelt tar imot massane står det at Envir risikerer å måtte ta tilbake jordavfallet dersom ikkje kravet om «nyttiggjering» blir oppfylt.

Selskapet har levert massar på to kontraktar til Danmark, begge på 300.000 tonn. Totalt er det levert 448.924 tonn frå selskapet i Bergen.

Dansk Radio har omtalt at berre rundt 5 prosent av dei totale jordmassane ved Nordic Waste er blitt behandla og frakta ut av deponiet.

I kontrakten som NRK har fått innsyn i står det at mengde avfall som skal gjerast nytte av er 300.000 tonn. «Mengde avfall som ikke skal nyttiggjøres utgjør 0 tonn».

Korleis vurderer Envir denne formuleringa og dette vilkåret i kontrakten?

Vår klare vurdering er at desse vilkåra er oppfylt, i og med at Nordic Waste har nyttiggjort massane og bekrefta dette til oss.

– På dansk blir «nyttiggjøre» brukt om det me på norsk vil kalla bakkeplanering eller landskapsforming. «Nyttiggjering» må ikkje forvekslast med det som skjer på Slettebakken i Bergen og det Envir skal i gang med; som er sortering, vasking, reinsing og gjenbruk av ulike stein-, grus- og sandfraksjonar i massane, fortel Akervold.

Han legg til at Nordic Waste var i ferd med å handsame allereie deponerte massar, og at framstillinga om 5 prosent handsame massar er litt unyansert.

Han understrekar likevel at massedeponia er gårsdagens måte å gjera det på.

Framtida er vaskeanlegg.

NRK har bede danske Miljøstyrelsen om ein kommentar til kontraktspunktet om nyttiggjering. Miljøstyrelsen har fredag ettermiddag ikkje svart.

Historia om Slettebakken: Måtte fikse 70 år gamle problem Søppelfyllingen under fotballbanene har lekket ut gift i 60 år – nå skal det bort

Slettebakken avfallsdeponi