Hopp til innhold

Norsk jord trugar dansk bygd etter jordskred frå avfallsanlegg

Norsk forureina jord kan bidra til alvorleg miljøkatastrofe i Danmark.

Statsminister Mette Frederiksen (S) og miljøminister Magnus Heunicke (S) i Danmark besøker sammen med borgermester Torben Hansen (S) og kommunaldirektør Jesper Kaas Schmidt Nordic Waste ved Ølst, Randers mandag den 22. januar 2024. Et stort jordskred fra jordrensningsfirmaet Nordic Waste truer området med bl.a. forurensing.

ENORME MENGDER: Statsminister Mette Frederiksen (S) og miljøminister Magnus Heunicke (S) på synfaring hjå Nordic Waste sør for Randers måndag 22. januar 2024. 5000 lastebillass med nesten 200.000 tonn massar er køyrd vekk for å stabilisera skredet.

Foto: Bo Amstrup / Ritzau Scanpix

Eit enormt jordskredsdrama er i ferd med å utspela seg i sakte film i Danmark.

I over ein månad har danske styresmakter forsøkt å avverja ein miljøkatastrofe, etter at fleire millionar kubikk med jord begynte å siga ved jordrensingsanlegget Nordic Waste sør for Randers like før jul.

Styresmaktene fryktar at skredet i verste fall kan gravlegga den vesle byen Ølst og renna ut i elva Alling.

Miljøstyresmaktene er no i alarmberedskap.

NRK kan i dag fortelja at nær ein halv million tonn av dei ureine jordmassane kjem frå Noreg.

Lasteskip etter lasteskip med forureina norsk «byjord» har gått frå norske kaianlegg og hamna i det som no kan bli ein av dei største miljøskandalane på dansk jord.

Landsbyen Ølst i Danmark som står i fare for å bli truffet av jordskredet fra avfallsanlegget Nordic Waste

DANSK IDYLLL: Bygda Ølst sør for Randers ligg faretrugande til. Bak ligg millionar av forureina jordmassar som konkursramma Nordic Waste har deponert over mange år. No er massane i rørsle.

Foto: Bo Amstrup / Ritzau Scanpix

Fleire hundre tusen tonn stammar frå Noreg

Nordic Waste har spesialisert seg på å ta imot ureina massar med jord, for så å reinsa desse og selja dei vidare til blant anna bygg- og anleggsbransjen.

Sidan selskapet fekk ei miljøgodkjenning til å ta imot forureina jord i 2018, er i alt 3,8 millionar tonn blitt køyrd inn på jordsorteringsanlegget, viser ei samanstilling frå Randers kommune, ifølge dansk Radio4.

Men berre knapt 5 prosent av alt avfallet er handtert og seld vidare, skriv danske Radio4 måndag.

Nordic Waste gav tidleg opp å få kontroll, og overlet ansvaret til Randers kommune. I mange veker har lastebilar gått i skytteltrafikk døgeret rundt for å stabilisera skredet.

Denne veka gjekk Nordic Waste konkurs. I Danmark går debatten høgt om kven som skal betala for den enorme oppryddinga.

Blante dei ureine jordmassane i anlegget stammar 440.000 tonn frå Noreg – og hovudsakeleg frå Vestlandet.

TV2 Østjylland skreiv denne veka at mange skipsleveransar til Randers havn - som hadde Nordic Waste som mottakar - stamma frå København og Bergen.

NRK har fått innsyn i eksportløyver, som viser at selskapet Envir AS har hatt avtale om avfallseksport til Nordic Waste sidan 2020.

– Rundt 80 prosent av jordmassane me har tatt imot til vårt anlegg på Laksevåg har blitt sendt vidare til Danmark. Totalt er det snakk om rundt 400.000 tonn. Dette er lettare ureine massar, og ikkje farleg avfall, seier dagleg leiar Kolbjørn Akervold i Envir.

– Først og fremst synest me dette er frykteleg trist. Både for lokalsamfunnet der nede og for dei tilsette i selskapet.

Envir sitt oppbevaringsområde i Simonsviken næringspark på Laksevåg i Bergen

LASTEOMRÅDE: Frå dette næringsområdet på Laksevåg i Bergen har Envir lasta og frakta ut 400.000 tonn med ureine gravemassar. Entreprenørar frå bergensområdet har betalt for å kvitta seg med massane.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Vasking av norsk «byjord»

Envir profilerer seg som ein grøn industripartnar, som tar imot «store, problematiske avfallsmasser» og bearbeider desse til gjenbruk i byggebransjen.

Med dagens teknologi klarar dei å omdanna i underkant av 20 prosent. Resten blir frakta med lasteskip sørover.

Tal NRK har fått frå Miljødirektoratet viser at 17 skip med i overkant av 60.000 tonn jord i 2020 blei frakta frå anlegget på Laksevåg i Bergen til Randers hamn.

Dette er ureine massar selskapet har tatt imot primært frå bygg- og anleggsbransjen i bergensregionen.

– Den typiske kunden vår er eit entreprenørfirma som utfører oppdrag for ein privat eller offentleg utbyggar.

Kolbjørn Akervold i Envir AS

DAGLEG LEIAR: Kolbjørn Akervold i Envir.

Foto: Envir AS

Akervold omtalar jordmassane som «byjord». Det er hovudsakleg oppgravde massar frå bygg- og anleggsprosjekt der grunnen har vore kjemisk påverka gjennom mange år, og jorda ikkje kan nyttast til nye prosjekt.

Han understrekar at jorda dei har sendt til Danmark er kategorisert som lettare forureina. Nordic Waste sin hovudgeskjeft var å vaska dei ureine massane med vatn, og deretter ta ut grus, stein og rein jord til bruk i nye byggeprosjekt.

Forureininga som blei igjen, kunne deponerast.

Ingen av løyva for eksport av norsk jord gjeld jord som er klassifisert som farleg avfall.

– Dette er massar du finn over alt, anten du bygger bustader, bygg eller infrastruktur. Det er ikkje svært forureina eller farleg avfall, som til dømes stammar frå industrien.

– Me har redusert eksporten til Nordic Waste den siste tida, og i år hadde me ikkje planlagt å senda noko særleg.

12. januar sende danske Miljøstyrelsen beskjed til Envir og Miljødirektoratet om mellombels stans i transporten av avfall.

Det får ingen praktiske konsekvensar for selskapet.

– Me bygger for tida om vårt anlegg, slik at me skal kunna tilverka ein vesentleg større del av gravemassane sjølve. Difor tek me ikkje imot så mykje massar frå kundar akkurat no, men når det nye anlegget opnar til sommaren har me tru på at me kan vinne att så mykje som 80 prosent.

Jordskredet nordaust på Jylland har på det meste flytta seg ni meter i døgeret. No er farten redusert til rundt to meter.

Randers kommune har jobba på spreng for å unngå at ureine massar hamnar i vassdraget Alling, og vidare ut i fjordbassenget og havområdet Kattegat.

– Stor interesse for norsk jord

Waste & Mineral Recovery er det andre norske selskapet som har sendt norsk jordavfall til det danske anlegget, ifølge Miljødirektoratet.

Tal viser at det i 2022 blei sendt i underkant av 40.000 tonn lettare ureina jordmassar.

– Den jorda me har levert har primært gått til vasking. Dei har vore interesserte i norsk jord, fordi den som regel inneheld mykje stein, seier styreleiar og dagleg leiar Trond B. Berg i selskapet.

Også han omtalar jordmassane som lettare forureina.

Selskapet hadde ingen planar om å eksportera jordmassar i år.

– Me har kjent til det danske anlegget lenge, eit anlegg som har vore rekna som eit «up and coming» gjenvinningsanlegg for vasking av jord. Eg har sjølv vore der fleire gongar og sett det dei har gjort. Det er veldig synd for både lokalsamfunnet og selskapet at det endar slik.

Nordic-waste-flyfoto-1.4.2023
Nordic-waste-flyfoto_17.6.2021

Her kan ein sjå korleis jorda beveger seg sakte, men sikkert over alt den møter på. På biletet frå 2021 ser ein ei stor lagerbygning. På biletet frå 2023 er store deler av bygningen borte.

Flyfoto: sdfi.dk

«Meget, meget alvorleg»

Allereie i romjula omtalte miljøminister Magnus Heuncike (S) ifølge danske DR situasjonen som «meget, meget alvorleg».

COWI har i ein rapport anslått at oppryddinga og tiltaka mot vidare skredutvikling kan ta fleire år. Rekninga kan koma opp mot nesten 3,4 milliardar norske kroner.

I førre veke anslo selskapet i ein rapport at Ølst kunne bli begravd i fem meter med jord. Skredet hadde då ein fart på ni meter om dagen.

Nye målinger indikerer at arbeidet med å stabilisere skredet no ser ut til å bere fruktar.

Geoteknisk ekspert Carsten Steen Sørensen i COWI seier til DR måndag kveld at farten på skredet no er redusert til rundt to meter om dagen.

– Me har skremt innbyggarane med den rapporten, men eg trur dei kan sova godt no.

Vassprøver tatt før jul viste særleg høge konsentrasjonar av tungmetall, men sidan har konsentrasjon gradvis gått ned. Ifølge DR inneheld likevel jorda ved Nordic Waste komponentar som ligg over lovlege grenseverdiar.