I Noreg har me to skriftspråk.
Nynorsk og bokmål.
Språklova skal sikre at statlege organ brukar minst 25 prosent av begge skriftspråka.
Men ein fersk rapport viser at det er dårleg stelt.
Ingen av departementa i regjering klarar dette.
Skriv du nynorsk eller bokmål?
Berre eitt organ gjer det dei skal
Kvart år kontrollerer Språkrådet korleis staten følgjer opp eigen språkpolitikk.
Kvifor?
Alle som har med norsk språk å gjere skal bli kjende med både nynorsk og bokmål. Språkrådet har no ferdigstilt ein ny rapport for 2022.
Resultatet?
Nesten utan unntak blir nynorsk neglisjert ganske kraftig.
Talet på prosent nynorsk på nettstadene til eit utval departement og dei underliggjande organa deira:
– Den situasjonen me har i dag, der berre eitt statsorgan oppfylte alle krava i fjor, er slik det har vore i mange år. Det er ikkje noko nytt. Me ser eigentleg veldig lite framgang frå år til år, seier seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes.
Av 15 departement og 157 underliggjande statsorgan, samt Statsministerens kontor, er det berre eitt statsorgan som oppfyller kravet:
- Medietilsynet.
Seksjonssjef Margrethe Kvarenes i Språkrådet seier årsaka til lite nynorsk er samansett.
Foto: Moment StudioMangel på kunnskap og vrangvilje
Over tid har Språkrådet merka seg at organa under departementet er dårlege på å følgje regelverket. Ifølge rapporten er det mange av dei som ser ut til å mangle vilje til å følgje opp lovverket.
Peder Lofnes Hauge er leiar i Noregs Mållag. Han meiner situasjonen er svært alvorleg.
– Dette viser at regjeringa må ta drastiske grep. Me har ein lang veg å gå for å få staten til å følgje staten sine eigne språkreglar.
Noregs Mållag har lenge meint at lova bør ha sanksjonar. – Det må svi å bryte lova, seier Peder Lofnes Hauge.
Foto: Kristianne Marøy– Kvifor er det så vanskeleg for departementa og dei statlege organa å følgje lovverket, og spesielt dette med å ha tekstar på nynorsk?
– Det er ein kombinasjon av mangel på kunnskap og vrangvilje, svarar Hauge og legg til:
– Språkpolitikken i statsorgan er eit leiaransvar, og me har diverre altfor mange statlege leiarar som verken evnar eller maktar å følgje lova. Somme er endåtil så arrogante at dei ikkje bryr seg.
Er det vond vilje, eller får dei det berre ikkje til?
Grafikk: Egil Ursin / NRK– Kva kan dei statlege organa gjere betre?
– Kursing og tilrettelegging. Leiarane kan gå føre som språklege rollemodellar, ta i bruk nynorsk, oppmode til nynorskbruk.
Hauge understrekar at dei også kan lære av andre organ som meistrar nynorsk og leggje ned eit arbeid for å nå målet.
Terskelen blir høg
Ekspertane meiner det er både lite kunnskap og lite vilje. Nord universitet er eit av statsorgana som har gjort det dårlegast.
Dei meiner det ikkje handlar om vilje, men om kunnskap.
– Nord universitet har diverre ikkje klart å oppfylle kravet om 25 prosent bruk av begge målformene, sjølv om dette er noko me har høgt oppe på agendaen vår, skriv kommunikasjonssjef Andreas Førde ved Nord Universitet.
SLIT: Nord universitet er langt unna kravet om 25 prosent nynorsk.
Foto: Bente H. Johansen– Ein av hovudgrunnane til dette ligg truleg i at det er få tilsette som til dagleg nyttar nynorsk som skriftspråk, og at terskelen difor blir høg for mange.
Førde understrekar at dei slett ikkje er nøgde med å kome dårleg ut.
– Difor er dette noko me tar tak i for å bli betre. Me set mellom anna krav om minimum 25 prosent nynorsk på sakene me publiserer i kommunikasjonskanalane våre, og senkar terskelen for dei tilsette ved å skaffe eit digitalt verktøy som kan omsetje tekst frå bokmål til nynorsk.
– Me skal halde oss til språkkrava som er sett, så me er berre nøydde til å prioritere å bruke tid på dette for å lukkast, seier Førde ved Nord Universitet.
Grafikk: Egil Ursin / NRKEngelsk forpurrar for nynorsken
Ein annan aktør som også slit med å oppfylle kravet om 25 prosent nynorsk er Luftfartstilsynet.
I eit brev til Språkrådet har Luftfartstilsynet forklart at dei har ei ekstra utfordring, nemleg engelsk.
– Som du ser av brevet vårt så har me ei ekstra utfordring ved at me og resten av luftfarten i veldig stor grad tek omsyn til engelsk. Det er det internasjonale luftfartsspråket, for å seia det litt enkelt, seier Håvard Vikheim, direktør for kommunikasjon.
PLANLAGT MØTE: Håvard Vikheim i Luftfartstilsynet seier dei tek det på alvor, og skal no møta Språkrådet – for å få råd.
Foto: LuftfartstilsynetHan understrekar at dei skal opptre i samsvar med norsk lov. Det blir likevel vanskelegare fordi dei tek omsyn til tre språk.
– Me har prioritert å nå brukarane våre for å kome ut med relevant tryggingsinformasjon først og fremst, og då har me prioritert bokmål og engelsk først.
Luftfartstilsynet har no avtalt eit møte med språkrådet 3. oktober. Dit skal seksjonssjef Margrethe Kvarenes. Ho er glad for at dei tek dette på alvor.
Men har ho trua på at departementa på sikt vil klare å nå målet?
– Litt og litt, med jamt og trutt arbeid og god rådgjeving. Og så må me nemne at dette er lovverket, det er ikkje valfritt om ein vil følgje lova. Så eg har trua på at me kjem dit.