Hopp til innhold

Investerer i karbonfabrikken

Hydro vil bruke 60 millionar kroner på å oppgradere og auke produksjonen av anodar med 30.000 tonn årleg på Årdalstangen.

Årdalstangen med Årdal Karbon

BLIR SATSA PÅ: Karbonanlegget til Årdal Metallverk på Årdalstangen.

Foto: Kjell Arvid Stølen

– Dette er ei utruleg viktig investering for Årdal Metallverk, og det er ei stadfesting på at Hydro satsar langsiktig på Årdal, seier fabrikksjefen i Årdal, Wenche Eldegard.

I dag produserer karbonanlegget 190.000 tonn i året. Fabrikken skal også rustast til å lage større anodar enn i dag.

– Vi skal levere anodar til pilotanlegget på Karmøy, til Hydro i Høyanger, Hydro Sunndal og til vårt eige metallverk i Årdal. Alle har planar om å bruke større anodar i produksjonen av aluminium, og difor er det viktig at vi utviklar karbonanlegget i takt med dette, seier Eldegard.

Wenche Eldegard

– VIKTIG: Fabrikksjef Wenche Eldegard.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ikkje fleire tilsette

Auken i produksjonen skal skje utan at driftskostnadene aukar noko særleg. Det betyr mellom anna at talet på tilsette ikkje aukar.

– Vi skal gjere dette med den same bemanninga vi har i dag. I investeringa ligg det nokre forbetringar, nye måtar å jobbe på, mellom anna ein automatkran.

Det meste av arbeidet skal vere fullført innan utgangen av året.

– Arbeidet vil bli gjort i fleire fasar, noko vil stå klart til sommaren, vi satsar på å vere heilt ferdige utpå nyåret 2018, seier fabrikksjef Eldegard.