Hopp til innhold

Milliardoverskot: Aluminiumsverka til Hydro er reine pengemaskiner

Aluminiumsverka på Vestlandet sørger for at pengane renn inn like fort som metallet som renn ut av ovnane til Hydro.

Hydro Aluminium Sunndal

GULLVERK: Hydro Sunndal er den store pengemaskina i Hydro-familien med eit overskot på nær ein milliard i fjor.

Foto: Roar Halten / NRK

Aluminiumsgiganten Hydro la i dag fram eit årsresultat for 2016 før skatt på over 1,8 milliardar kroner.

– Etterspurnaden etter aluminium er framleis god, og prisane har auka, noko som har bidrege til eit solid kvartal for Hydro. Eg er særleg glad for å sjå at fleire og fleire bilprodusentar vel aluminium av omsyn til vekt og miljø, seier konsernsjef Svein Richard Brandtzæg.

Det er Hydro Sunndal som er den desidert største pengemaskinen i Hydro-familien. Der kunne dei notere 940 millionar kroner i årsresultat. Fabrikksjef Eivind Mikalsen kan gni seg i hendene.

– Vi har lagt bak oss eit godt produksjonsår. Dei tilsette gjer ein kjempeinnsats kvar dag, og eg er glad for å slå fast at vi er konkurransedyktige i den globale industrien vi er ein del av.

Straumutfall påverka

Wenche Eldegard

GODT NØGD, TRASS ALT: Fabrikksjef Wenche Eldegard ved Hydro Årdal

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Hydro Årdal hadde to straumutfall i 2016. Dette fekk negativ innverknad på produksjonen, og fabrikksjef Wenche Eldegard er difor veldig godt nøgd med at verket fekk eit årsresultat på 305 millionar kroner.

– Straumutfalla gjorde at vi fekk ein del ustabilitet i drifta. Men særleg i andre halvår har det vore svært god drift. Orgnisasjonen har gjort ein utruleg god jobb, slik at vi kom tilbake på sporet.

Resultatet var 115 millionar dårlegare enn i 2015. Eldegard seier at det er lågare aluminiumpris som er den viktigaste årsaka til skilnaden, men at også straumutfalla har hatt innverknad.

Aluminiumsblokker i Høyanger

GRÅTT GULL: Produksjonen av aluminium i Norge når stadig nye høgder.

Foto: Hydro

«Premie» for ny teknologi

Veslebror Hydro Høyanger sette produksjonsrekord i 2016 og fekk eit årsresultat på 77 millionar kroner. Fabrikksjef Stian Tangen seier at 70 prosent av ordrane er med ny teknologi, noko som gjer at dei tener betre.

– Dermed kan vi ta ut ein premie på toppen av aluminiumprisen som blir fastsett i London kvar dag. På den måten kan vi hente ut høgare margin enn mange av konkurrentane våre i andre land gjer.

Hydro Høyanger-arbeidar

VINN PÅ NY TEKNOLOGI: 70 prosent av produksjonen i Høyanger er med ny støypeteknologi.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Metallverket på Karmøy hadde eit årsresultat på 315 millionar kroner. I tillegg hadde valseverket der eit resultat på 49 millionar.

På Hydro Husnes vart årsresultatet 60 millionar kroner Av det kom 50 millionar i det fjerde kvartalet.

– Vi avrunda 2016 på ein veldig god måte, og den positive trenden held fram i 2017, seier fabrikksjef Per Øyvind Sævartveit.

– Veldig god drift

Og heile Hydro-familien kan no gle seg over at aluminiumprisane er på veg oppover. Fabrikksjef Wenche Eldegard i Årdal er optimist.

– Akkurat no ser det veldig positivt ut. Vi har bra marknad, det er veldig god drift, og aluminiumsprisane er på veg oppover. Så no er vi optimistiske for 2017, iallfall så langt vi kan sjå.

Den største satsinga til Hydro i Norge framover er bygginga av den nye teknologipiloten på Karmøy, der også staten er inne med store midlar gjennom Enova.

– Bygginga på Karmøy er godt i gang, vi forventar å starte produksjonen ved det nye anlegget i fjerde kvartal, seier konsernsjef Svein Richard Brandtzæg.

Dei fem Hydro-verka i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har til saman 2302 tilsette.