Hopp til innhold

Ho overvakar råstoffet som skal spare miljøet for store mengder CO₂-utslepp

ÅRDAL (NRK): Dei tilsette på Hydro i Årdal gliser breitt om dagen. Jobben dei gjer står sentralt når Hydro om nokre månader startar opp med verdas mest klima- og energieffektive produksjon av aluminium.

Line Rudrudjordet, operatør på Hydro i Årdal

HJØRNESTEINSBEDRIFT: Line Rudrudjordet skulle eigentleg berre jobbe på verket i eit halvt år. No har ho vore der i elleve år og ser fram til å vere der i minst elleve til.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Dette er ufatteleg spennande, seier operatør Line Rudrudjordet som jobbar med å sjekke anodane i ein stor fabrikkhall ved metallverket i Årdal.

Nettopp desse anodane er viktige når Hydro seinare i år opnar det nye pilotanlegget sitt på Karmøy. Der skal dei teste ut ein ny type elektrolyseomnar som skal klare å produsere aluminium med eit lågare straumforbruk enn nokon andre i verda.

Teknologien er utvikla og testa ut i Årdal, og skal prøvast ut i fullskalaproduksjon på milliardfabrikken i Rogaland. Verket i Årdal skal levere anodane, eit av dei viktigaste råstoffa i aluminiumsproduksjonen.

– Det betyr veldig mykje for oss at vi er vist tilliten til å lage anodane. Men det betyr også at vi må konsentrere oss og levere høgkvalitetsprodukt i framtida. For dette er eit prestisjeprosjekt for Hydro, seier karbonsjef Rune Breidvik i Årdal.

– Dei tilsette er stolte

Det er gått to år sidan nyheita kom om at Hydro vil bruke over fire milliardar kroner på å byggje eit nytt pilotanlegg på Karmøy. 70 ingeniørar, 50 av dei med base i Årdal, står bak det Hydro meiner skal sikre framtida for den kraftkrevjande aluminiumsindustrien i Norge. Nøkkelen er nye og meir energieffektive omnar som skal få meir aluminium ut av kvar kilowatt straum.

Metallverket i Årdal skal levere anodar til produksjonen på Karmøy, ei oppgåve fabrikksjef Wenche Eldegard tek på høgste alvor.

– Aluminiumsomnane på Karmøy skal starte med dei beste anodane og det blir anoder frå Årdal. Eg er utruleg stolt, og ser at dei tilsette er stolte av å få vere med på dette.

Wenche Eldegard, Line Rudrudgjordet og Rune Breidvik på Hydro i Årdal

STOLTE: Fabrikksjef Wenche Eldegard på Hydro sitt metallverk i Årdal seier ho kvar dag kjenner på korleis dei tilsette er stolte over det dei får vere med på. Her saman med operatør Line Rudrudjordet og sjef for karbonavdelinga, Rune Breidvik.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Viktig for miljøet

Kina har dei siste åra produsert meir aluminium enn dei brukar sjølve, og har eksportert store mengder. Det har ført til at prisane i periodar har falle dramatisk.

For å klare å møte konkurransen må verka i Norge stadig forbetre seg. Eldegard trur ikkje nødvendigvis det er på pris dei kan slå ut sine konkurrentar i tida framover.

– Vi ser at kvalitet blir veldig viktig framover. Det å ha anodar som er produsert med elektrisk kraft basert på vasskraft er utruleg viktig for miljøet. Og no får vi levere anoder til Karmøy som skal bli verdsleiande på CO₂-utslepp.

– Kan vasskrafta og reduksjon av CO₂-utslepp vere det som kan løfte Hydro i Årdal inn i framtida?

– Eg trur miljøfaktoren blir ein utruleg viktig konkurransefaktor i framtida, og har trua på at vi skal få dette til.

Frå Årdal karbon på metallverket i Årdal

Av 540 tilsette på metallverket i Årdal jobbar 97 på avdelinga for karbon. Der blir det produsert ca. 200.000 anoder i året.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK