Eit stort, kvitt skip ligg til kai på Nordfjordeid. Turistane i skipet har eit dårleg rykte. Dei legg att lite pengar i Noreg og forureinar mykje. I år kjem 87 cruiseskip til vestlandsbygda.
Politikarane har bestemt at cruiseturismen skal bli grønare, og diskutert korleis me kan tena meir pengar på besøka.
På Nordfjoreid har cruise vore eit viktig tema blant dei rundt 3100 innbyggjarane i årevis.
Urmakar og butikkeigar Harald Fagerstrand har hundrevis av turistar innom når cruiseskip ligg til kai.
Utan cruiseturistane hadde ikkje økonomien gått rundt for butikken hans på Nordfjordeid i Vestland.
– Det er ikkje tvil. Eg er veldig nøgd med cruiseturistane.
Men nesten halvparten av vestlendingar vil redusera cruisetrafikken.
47 prosent av dei spurde i Sogn og Fjordane og 43 prosent av dei spurde i Hordaland ønskjer å redusera cruisetrafikken, sjølv om det gir tapte inntekter for kommunar og næringsliv. Det viser ei undersøking Norstat har gjennomført for NRK.
Samtidig seier høvesvis 34 og 38 prosent nei til reduksjon. Resten veit ikkje. Sjølv om fleirtalet meiner det har blitt litt vel mykje cruise, er folk delt.
Men MDG er klare for å forby heile greia: Dei meiner ingen fossile cruiseskip skal få koma til Noreg.
– Me vil rett og slett strupa cruise-trafikken, seier partileiar Arild Hermstad.
– Det handlar om at utsleppa er for høge til at det er forsvarleg å driva med i ei tid der me er nøydde til å kutta utsleppa, seier Frøya Skjold Sjursæther, førstekandidat for MDG i Hordaland.
Arild Hermstad og Frøya Sjursæther ved eit cruiseskip som ligg til kai ved Bontelabo i Bergen.
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK– Me må snakka eit språk dei forstår
Tal Dagens Næringsliv har henta frå den cruiseorganisasjonen CLIA, viser at cruiseindustrien har tredobla utsleppa sine dei siste ti åra.
Hermstad er kritisk til at cruiseturismen framleis er i vekst og understrekar at det er dei fossile cruiseskipa dei vil til livs. Mindre skip som går på straum, ønskjer dei velkomne.
Men politikarane har allereie gjort tiltak for å minska utsleppa frå dei store maskinene.
MDG meiner dette ikkje monnar.
– Heile forbodet vart uthola og utsett, fordi cruiseindustrien ikkje vil omstilla seg. Då må me snakka eit språk dei forstår: Det er å berre seia nei.
Bakgrunnsbiletet på telefonen til Hermstad viser det tydelege standpunktet.
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK– Flyttar berre skipa
Bergen havn er staden med flest cruiseanløp kvart år. Anders Nyland, direktør i Visit Bergen, reagerer på MDG si løysing.
– Eg tenkjer at me ikkje kan forby alt me ikkje likar. Viss dei forbyr cruise i Noreg, så vil skipa berre gå ein annan stad, seier Nyland.
Anders Nyland i Visit Bergen er ikkje einig i at cruisenæringa ikkje er villige til å omstilla seg. Han kallar MDG sitt forslag for eit «tåpeleg symbolpolitisk utspel».
Foto: Sissel Rikheim / NRKHan får støtte av Monica Berstad i bransjeorganisasjonen Cruise Norway.
– Å forby kuttar ikkje utslepp, det flyttar berre skipa. Då mistar Noreg store inntekter og gode arbeidsplassar.
Monica Berstad er administrerande direktør i Cruise Norway.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK– Mange vil mista jobbane sine
Hermstad meiner det ikkje vil føra med seg spesielt store kostnadar å nekta cruiseskipa å koma til norske hamner.
– Desse turistane legg att lite pengar i kassen til byane våre og stadane dei stoppar, seier han.
Med under to år til omstilling, vedgår MDG at det vil by på utfordringar for lokalsamfunn som i dag er heilt avhengige av turistane som kjem med dei store skipa.
MDG si løysing er «omstillingsmiddel», altså pengar lokalsamfunna kan bruka på å tilpassa seg den nye situasjonen.
MDG-politikarane viser til at cruiseskip har høgare utslepp enn alle personbilane i Noreg til saman.
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRKBerstad kallar forslaget til MDG «temmeleg urealistisk» og viser til at cruiseanløp er planlagde fleire år i forkant. Ho er ikkje einig i at cruisenæringa ikkje klarar og vil omstilla seg.
– Me ser at dei nyaste skipa no kjem klargjorde til både den eine og den andre energikjelda, så eg forstår ikkje heilt desse utspela.
Både ho og Nyland peikar på at det er naudsynt med breitt samarbeid. Nyland viser til at frå 2026 må alle skip i Bergen kopla seg til landstraumanlegget, slik at dei ikkje forureinar lokalt når dei ligg til kai.
Han anslår at cruisepassasjerar legg att mellom ein halv og ein milliard kroner på land i vestlandshovudstaden.
– Kva vil eit eventuelt forbod bety?
– Det betyr at ganske mange menneske som jobbar i turistnæringa vil mista jobbane sine. Men det store fleirtalet som besøker Bergen kjem ikkje med cruise.
Avgjerande i regjering
For MDG står cruisesaka sentralt, også etter valet.
– Det som kjem til å vera avgjerande for oss når me skal støtta Støre i ei regjering, er at me kjem i gang med klimaomstillinga. Då er ein lett stad å byrja å ta tak i cruisenæringa.
Dei andre partia er ikkje einige om eit forbod er vegen å gå.
- William Jobling / NRK
Lars Haltbrekken (SV)
MDG sitt forslag er ikkje nok. Me må ha nullutslepp. MDG sitt forslag betyr at dei kan køyra på biodrivstoff og dermed kan cruisetrafikken for rikfolk stikka av med mykje av biodrivstoffet me treng til andre langt meir nyttige ting enn cruise. Derfor vil me ha nullutsleppskrav i alle fjordar.
- Marit Hommedal / NTB
Linda Monsen Merkesdal (Ap)
Eg meiner det er heilt feil verkemiddel å forby ei næring. For mange kystkommunar er cruisenæringa viktig for lokale arbeidsplassar. Arbeiderpartiet har saman med SP og SV i statsbudsjettet for 2025 blitt einige om å sjå på løysingar for konsesjonssystem eller andre former for reguleringar av cruisenæringa, basert på tåleevne for natur og kystsamfunn.
- Silje Rognsvåg
Terje Søviknes (FrP)
Det er typisk MDG å villa forby alt dei ikkje likar. Å stenga døra for ei heil næring vil vera eit slag i ansiktet for kystbyar som lever av turisme, og det vil svekka Noregs attraktivitet som reisemål.
FrP meiner me må heia på næringslivet og leggja til rette for omstilling, ikkje straffa dei med forbod, reguleringar og nye skattar og avgifter. Derfor er FrP også mot den nye turistskatten næringa.
- Lise Åserud / NTB
Kjell Ingolf Ropstad (KrF)
KrF er positive til strenge krav for å kutta utslepp frå cruise og annan skipsfart, men me meiner det bør skje gjennom ei målretta regulering og realistisk overgang til lågutsleppsløysingar, men ikkje ved å innføra eit totalforbod allereie i 2027. Eit så kort tidsperspektiv kan i praksis stansa all cruisetrafikk til Noreg, med store konsekvensar for lokalsamfunn som er avhengige av turisme.
- Anders Eidesvik / NRK
Sofie Marhaug (R)
Forbodet i verdsarvfjordane som regjeringa har lagt fram er eit steg i rett retning, men løyser på ingen måte miljøproblema. Det same gjeld moglegheita for kommunane til å innføra lokal cruiseavgift. I praksis vil dette berre forskyva skipa til neste fjord eller kommune, og utsleppa vil då berre fortsetja som tidlegare. Derfor har Raudt jobba i fleire år for å kraftig avgrensa cruiseturismen
- William Jobling / NRK
Sveinung Rotevatn (V)
Me vil ha utsleppsfrie cruiseskip, men regjeringa har år etter år utsett nullutsleppskrav. Venstre meiner desse krava må innførast så raskt som mogleg - både for små og store skip. I tilleg vil me leggja betre til rette for landstraum og fyllestasjonar. MDG sitt forslag om forbod er symbolpolitikk som ikkje hjelper næringa framover.
- Rolf Petter Olaisen / NRK
Erling Sande (SP)
Me er einige i at cruisenæringa må kutta utslepp og møta strenge miljøkrav, men det må gjerast på ein realistisk måte. Før me kan forby fossil cruisetrafikk, må ny teknologi og infratstruktur faktisk vera på plass. Viss ikkje risikerer me symbolpolitikk utan verknad.
- William Jobling / NRK
Sveinung Steinsland (H)
MDGs forslag om totalt forbod mot fossil cruisetrafikk innan 2027 er urealistisk og vil skade Noreg som reisemål. Me meiner det er meir rett å stilla krav som næringa faktisk kan oppfylla innan ei realistisk tidsramme. Teknologien for heilt fossilfrie cruiseskip er rett og slett ikkje moden nok til å gjennomføra ei så rask omstilling.