Trur ikkje på at forureininga i Flåm gjekk opp då cruiseskipa forsvann

Utsleppet av svoveldioksid gjekk opp då cruisetrafikken i Flåm forsvann. No meiner fleire at målingane er ubrukelege, og at eit verdifullt «null-år» er kasta vekk.

Cruiseskipa Marella Explorer og Queen i Aurlandsfjorden ved Flåm.

SKIPA FORSVANN – MEN SVOVELUTSLEPPA GJEKK OPP: I eit normalår er det cruiseskip i Flåm nesten kvar dag i sommarhalvåret. Dette biletet er frå i fjor sommar.

Foto: Helge Sunde / Samfoto

I fjor var det 158 cruiseanløp i Flåm. I år har bygda inst i Aurlandsfjorden hatt besøk av eitt cruiseskip.

Korona-pausen i cruisetrafikk var difor eit godt høve til å gjere kontrollmålingar og undersøke kor mykje forureininga gjekk ned.

– 2020 er eit fantastisk år for oss som forskar på luftkvalitet, seier Lasse Petterson, forskingskoordinator ved Nansensenteret i Bergen.

Forklaringa er at unntaksåret gjev forskarane «eitt kvitt år» å samanlikne andre år med.

No er målingane i Flåm klare, men dei viser ikkje kor mykje forureininga gjekk ned.

I staden viser dei at utsleppet av svoveldioksid gjekk opp.

«Ein smule oppsiktsvekkjande», skriv Sogn Avis, som fyrst omtala saka.

Lasse H. Pettersson, Nansensenteret

KONTROLLMÅLINGAR: – 2020 er eit fantastisk år for oss som forskar på luftkvalitet, seier Lasse Petterson.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Dette må vera feil

Resultata viser 33 mikrogram svoveldioksid per kubikkmeter, som er høgare enn på nokon annan målestasjon i Noreg.

– Det første eg tenkte var at dette må vera feil, seier hamnesjef i Aurland, Tor Mikkel Tokvam.

Det har han antakeleg rett i, meiner Kjersti Tørnkvist.

Ho er avdelingsdirektør ved Norsk institutt for luftmåling (NILU), som overvaker, samlar inn og analyserer data om luft og miljø.

– Det er sjølvsagt vanskeleg for oss å seia bastant at dei ikkje er til å stola på. Men mykje tyder på at målingane i Flåm ikkje er korrekte.

Frå 1. mars 2019 har det vore eit krav i verdsarvfjordane at skip må bruke drivstoff med maksimalt 0,1 prosent svovelinnhald.

Konsekvensen er at den politiske debatten om cruiseskip kan ha gått glipp av eit verdifullt datasett, seier Tørnkvist:

– Ingen hadde forventa eit nullår på denne måten her, så det hadde vore fantastisk å kunne målt og hatt gode data frå eit slikt år.

Kjersti K. Tørnkvist

NEPPE KORREKTE: – Mykje tyder på at målingane i Flåm ikkje er korrekte, seier Kjersti Tørnkvist Norsk institutt for luftmåling (NILU).

Foto: Ingar Næss

Kirsten Å. Øystese er prosjektleiar for Grønn skipsfart hos Norsk klimastiftelse.

– Politikarar trenger gode data for å sette inn riktige tiltak og for å kontrollere at tiltalene har effekt, seier ho.

– Altfor lettvinn metode

Heller ikkje avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet, Bjørn Pedersen, stoler på målingane.

Han seier at målingar av miljøutslepp «krev mykje meir enn å montera opp nokre sensorar».

– Det gav eg også uttrykk for til representantar frå Flåm før målingane starta, seier han.

I 2017 kom Sjøfartsdirektoratet med ein rapport som slo fast at utsleppa frå cruiseskipa i Geiranger og Flåm skapte helsefarlege mengder svevestøv.

I Geiranger vart det sett i gong arbeid med ein eigen reguleringsplan. Forskarar frå Universitetet i Bonn fekk ansvar for metode, sensorar, analysar og rapportar, og prosjektet skal gå over mange år.

Flåm valde ei løysing med mikrosensorar plassert på to stader. På kaia i sentrum og ved Flåm skule.

– Vår forsking og erfaring med denne teknologien er at det er svært varierande kvalitet på sensorane. Dei kan også bli påverka av temperatur og luftfukt, seier Kjersti Tørnkvist i NILU.

LES OGSÅ: Tek imot over 150 cruiseskip, men vil ikkje måle luftkvaliteten

Bjørn E. Pedersen, avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.

FOR ENKELT: – Gode målingar «krev mykje meir enn å montera opp nokre sensorar, eigar avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet, Bjørn Pedersen.

Foto: Grethe Nygaard / Grethe Nygaard

– Kan stole på målingane

Målingane i Flåm er utført av Scanmatic AS. Administrerande direktør i selskapet, Kim Steinsland er samd i at svovelmålingane er høge, men at «utstyret er etteretteleg og av høg kvalitet».

– Om motivet er å skaffa seg ei oversikt over årsakssamanhengar og effektar av det eine kontra det andre, så er dette etter vår oppfatning ein heilt relevant og god målemetode.

I Geiranger har verdiane for svoveldioksid vore måla sidan 2015. Der har dei tre faste målestasjonar, i tillegg til ein mobil stasjon som vert nytta for å kalibrere data frå dei tre andre.

Katrin Blomvik er direktør i stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.

– Juli-tala viser den beste luftkvaliteten vi har hatt nokon gong, seier ho.

Ho seier 2020-tala vil vere «veldig interessante» fordi dei kan haldast opp mot tidlegare år «då det var full rulle i skipstrafikken».

– Men tala gjev ikkje meining i seg sjølv. Dei må analyserast og fortolkast.

Katrin Blomvik Bakken

FULL RULLE: 2020-tala er interessante fordi dei kan haldast opp mot tidlegare år «då det var full rulle i skipstrafikken», seier Katrin Blomvik i Geirangerfjorden Verdsarv.

Foto: Tore Ellingseter / NRK