Dronninga om cruiseutslepp i fjordane: – Du går faktisk i eksos

Dronning Sonja ville snakke om cruiseutslepp då ho besøkte Flåm. Statsminister Erna Solberg signaliserer at 1. august kan vere ein mogleg dato for cruiseopning.

Dronning Sonja i Flåm

I FLÅM: Dronning Sonja ville snakke om nullutslepp og cruiseturisme då ho besøkte Flåm i Aurland.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Eg har gått til Skageflå og opplevd Geiranger når det har lege eit lokk ... du går faktisk i eksos, altså, sa dronning Sonja då ho og kong Harald møtte representantar for næringslivet og turistbransjen i Flåm tysdag.

Slik plasserte hos eg sjølv i debatten om å gjere norske verdsarvfjordar utsleppsfrie innan 2026, slik Stortinget har vedteke.

Dronninga tok sjølv initiativ til å diskutere temaet då møtet nærma seg slutten.

Møtet skjedde inst i Aurlandsfjorden i Vestland der kongeparet er på rundreise.

I Flåm, som i årevis har satsa stort på cruisetrafikk, byr regelendringa på utfordringar.

– Diskusjonane har vore nokså høglydte i kommunen, sa Aurland-ordførar Trygve Skjerdal (Sp).

LES OGSÅ: Kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026 blir ståande – cruisenæringa fortvilar

Rapport foreslår endringar i Bergen

– Vi ønskjer at cruiseturismen i Bergen skal bli betre. For dei som bur her og for dei som kjem på besøk, seier reiselivsdirektør Anders Nyland i Visit Bergen.

Ein rapport laga av Visit Bergen og Bergen Havn foreslår at skipa som kjem til Bergen bør kome på ulike tidspunkt på døgnet, og ligge til kai i lengre tid.

– Rapporten er eit viktig bakgrunnsdokument. Målet er å stimulere til ein berekraftig cruiseturisme, seier finansbyråd Erlend Horn (V).

Mindre overfylte gater, mindre klimautslepp og turistar som legg at meir pengar er målet.

– Det viktigaste er å spreie trafikken betre, og unngå at alle kjem om morgonen og bruker byen om føremiddagstimane, seier hamnedirektør Jonny Breivik i Bergen Havn.

Sverige opna hamnene for cruiseskip i førre veke. I Noreg er dei foreløpig stengt.

I eit møte i bedriftskanalen i Høyre har statsminister Erna Solberg signalisert at 1. august kan vere ein realistisk dato for cruiseopning. Det skriv E24/BT.

Koronasertifikatet skal kunne nyttast ved større arrangement og kystcruise innanlands.

  • England opna for cruiseskip med lukka utflukter 31. mai.
  • Sverige tar imot cruiseskip utan ilandstiging frå veke 23 og med lukka utflukter frå veke 25.
  • Danmark opnar for mottak av cruise frå veke 23, men tillèt foreløpig ikkje ilandstiging.
Hurtigrutekaien i Bergen

CRUISESKIP TIL KAI: Koronapandemien har sett cruisetrafikken til Bergen på pause. Her frå eit anløp i 2014.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

– Viktig med avklaringar

I Flåm er saka om cruiseturisme og utsleppsfrie verdsarvfjordar i 2026 kontroversiell.

– Å få avklaringar på dette er utruleg viktig. Og det er utruleg viktig å få i løpet av denne vinteren som kjem, for det er no skipa bookar for 2026. Og dei er i villreie, sa driftssjef Sivert Bakk i Flåmsbana og Flåm utvikling AS under samtalen med kongeparet.

Han påpeika at vedtaket skaper uvisse i bygda.

– Flåmsbana står jo med dei gamle vognene og skal investere 800 millionar kroner i nye vogner dei neste fire åra. Og med den uvissa blir det vanskelegare å fornye seg, sa han.

Hans Majestet Kongen kom også eit forslag under diskusjonen:

– Løysinga må jo vere at det er nok land, eller nok stader som forlanger denne løysinga. Sånn at vi ikkje blir åleine om å ta denne belastninga, sa han.

Kongeskipet og «Future of the Fjords»i Nærøyfjorden i Aurland.

VERDSARVFJORD: Kongeskipet og passasjerkatamaranen «Future of the Fjords» i Nærøyfjorden. Dei norske verdsarvfjordane er Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Synnylvsfjorden og Tafjorden.

Foto: Heiko Junge / NTB