Hopp til innhold

Innfører fjell­vettreglar for ferje­reisande: – Veldig på tide

Ferjeselskap tek opp kampen mot dritslenging mot ferjemannskap. Ti reglar skal få folk til å skjerpe seg.

Ferjebillettørar på Oppedal

VIS RESPEKT: Dei nye ferjevettreglane spelar på fjellvettreglane, som i desse dagar er aktuelle for nordmenn i påskefjellet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er ikkje ukjent for tilsette på ferjene å få slengt drit etter seg på jobb.

Ein av desse er Simon-Emiil Bergstrøm Waage som i to somrar jobba som kaibillettør på Sognefjorden.

Nesten dagleg vart han hetsa av sinte og irriterte passasjerar.

– Eg har blitt kalla idiot, eg har fått skulda for at folk ikkje rekk ferja, og eg har blitt kalla nazist, fordi eg bad ein bil om å vente til neste avgang.

Simon-Emiil Bergstrøm Waage

Hets har vore kvardagskost for kaibillettør Simon-Emiil.

Foto: Privat

I fjor sommar bad ferjemannskap om tiltak for å få bukt med sinte «problempassasjerar».

No har Fjord1 rulla ut Ferjevettreglane, ein kampanje som dei håpar kan hjelpe med dette.

Det spelar på dei kjende og kjære fjellvettreglane, som er aktuelle for mange i desse påskedagar.

– Vi vil auke kompetansen blant våre reisande slik at folk oppfører seg annleis mot våre tilsette, seier Rebecca Liset i Fjord1.

– Det er heilt fantastisk, og veldig på tide, seier Simon-Emiil.

Skal oppdra folk i ferjeskikk

Fleire reiarlag har kasta seg på kampanjen, som er laga av Fjord1.

Norled har bestemt seg for å la reglane rulle over skjermane om bord på sine ferjer.

– Eg er positiv til alle tiltak som kan gjere arbeidsdagen vår lettare og meir behageleg, seier hovudtillitsvald i Norled, Ilja Vasiljevs.

Men om desse reglane vil endre folks haldningar, vil berre tida vise.

Les også Simon (19) blir hetset på jobb: – Jeg har fått skylda for første og andre verdenskrig

Ferjebilletør

I tillegg handlar ferjevettreglane om å bevisstgjere folk om utrygge situasjonar om bord.

– Vi ser at mange brukar mobil eller har barn på fanget når dei køyrer om bord, og det gjer folk uoppmerksame. Det er eit problem i heile landet, seier Liset.

Ho trur mange gløymer at eit ferjesamband er ei forlenga vegstrekning over fjorden, og at vegtrafikklova også gjeld når dei køyrer om bord.

Fjord1-ferje ved Fodnes

Fjord1-ferje ved Fodnes.

Foto: Anna Gytri / NRK

Vasiljev har tru på at auka merksemd vil få passasjerar til å tenke seg om før dei skjeller ut ferjetilsette.

– Med desse reglane har vi noko å vise til «på papiret» når det gjeld ufin oppførsel, seier han.

Ikkje alle er hyggelege

Den første Ferjevettregelen lyder slik:

Ver hyggeleg og vis respekt for mannskap og medpassasjerar.

– Det er jo tragisk at vi har kome dit at det må skrivast på eit ark for at folk skal skjønne at ein ikkje skal oppføre seg respektlaust, seier Simon-Emiil.

Om eit par månadar skal han truleg tilbake i sommarjobben på ferjekaia og er spent på om kampanjen vil ha ønska effekt.

– Eg skal i alle fall printe ut reglane og ha dei i lomma, så kan eg dele ut til folk.

Ferjebilletør

Simon-Emiil Bergstrøm Waage trur at ferjevettreglane blir etablerte hos folk dersom dei er synlege nok. Her på kaia på sambandet Lavik-Oppedal i fjor.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Har tru på kampanjen

– Det er jo dumt at folk ikkje kan oppføre seg. Det handlar om normal folkeskikk, meiner passasjerane Anders Holt og Mathias Waagen på ferjesambandet Mannheller-Fodnes i Sogn.

Anders Holt og Mathias Waagen

Anders Holt og Mathias Waagen synest tiltaket er positivt og håper det fører til meir respekt for dei som jobbar på ferjene.

Foto: Tora Carlsen Haaland

Dei har tatt mykje ferje i området. Dei har aldri sjølv vore vitne til at andre passasjerar oppfører seg dårleg, men dei støttar kampanjen og trur han kan få folk til å seie ifrå dersom dei ser ufin oppførsel:

– Folk burde bli behandla med respekt og få respekt for den jobben dei gjer.

– Korleis reagerer de sjølv når de er på ferja og så kokar det litt i toppen?

– Det kokar aldri i toppen.

Les også Tatt på rumpa og kalt dum: – Man må nesten bare tåle det

Anette