Hopp til innhold

Ferjemannskap har fått nok: Slik skal problempassasjerane stoggast

Ferjemannskap i Noreg ber om at leiinga ser til Frankrike for å «oppdra» problempassasjerane som kjeftar og smeller.

Bilferjene Ampere og Stavanger

FERJE-TEMPERAMENT: Enkelte «mister hovudet» i møte med ferjetilsette. No blir det etterlyst tiltak.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det har i sommar vore fleire stygge tilfelle av hets og utskjelling av matrosar på norske ferjer.

Som regel handlar det om verbal kjeftbruk, men ved enkelte høve har saka blitt meldt til politiet.

Tidlegare denne veka vart ein matros påkøyrd av ein forbanna bilist.

Det skjedde om bord i bilferja «Ampere» på E39 over Sognefjorden.

– Heldigvis går det greitt med den tilsette, men det er ei påkjenning å bli påkøyrd og han fekk ein skade, seier informasjonssjef Cathrine Gjertsen.

Ifølge politibetjent Jørgen Espeseth Kaslegard har vitne forklart at matrosen prøvde å stoppe sjåføren på veg ut av ferja. Vedkommande køyrde i staden vidare og skal ha treft matrosen med bilspegelen.

Politiet har ikkje fått avhøyrt sjåføren enno.

No ber tillitsvalde om at dei som styrer ser til Frankrike for inspirasjon.

Nulltoleranse i Frankrike

Dei franske statsbaner, SNCF har 180.000 tilsette og eit jernbanenett på over 30.000 kilometer.

I ein stor kampanje fortel selskapet om følgjene av å skjelle ut eller angripe ein tilsett.

«Eg respekterer deg. Du respekterer meg. Vi respekterer kvarandre», seier plakaten.

Kampanje på franske tog

Plakatar som denne møter togpassasjerar i Frankrike og manar dei reisande til å vise respekt.

Foto: Privat

Deretter står det i detalj kva straff som ventar ved å skjelle ut eller angripe ein konduktør. Både fengsel og bot ventar.

Bakgrunnen for kampanjen er tal som viser meir enn 5.300 tilfelle av verbal og fysisk vald mot tilsette.

– Det er ein reell plage og påverkar alle: Menn eller kvinner, i alle regionar, på tog, i salsområde eller på nett, uttalte tryggleiksdirektør Patrick Auvrèle i fjor.

Tog

Det har i sommar vore fleire stygge tilfelle av hets og utskjelling av matrosar på norske ferjer.

Foto: DOMINIQUE ANDRE / PHOTOBIM

Vil stramme inn

Informasjonssjef Cathrine Gjertsen i Norled har ikkje tal på kor mange saker dei har årleg.

– Ønskjer de slike verkemiddel som dei har i Frankrike?

– Vi har ikkje sterke meiningar om lovutforminga. Dette er noko vi må sjå på med fagforbunda våre, seier ho.

Hovudtillitsvalt i Norled, Tore Årland vil gjerne at ferjeselskapet ser til Frankrike.

– Det må kanskje til at vi gjer det same her. På alt som heiter kollektiv transport, dessverre.

Hovedtillitsvalgt i rederiet Norled, Tore Årland.

Hovudtillitsvalt i Norled Tore Årland er skaka over oppførselen til enkelte på ferjene. – Med tanke på det som har vore i media i sommar, så er det skremmande at folk ikkje tek til seg at det er mjuke trafikantar som står på dekk.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Han vil spele inn for reiarlaget at skilting kan vere ein god måte å få bukt med problemet på.

– Eg synest at det er heilt på sin plass. Det bør bli opplyst i skjermar i salongen at vi forventar ein fin oppførsel av folk som reiser.

Ifølge Årland har dei kvart år «ein del» saker som blir politimelde.

Konsekvensane for dei det gjeld kan vere ganske alvorlege. Til dømes kan yrkessjåførar risikere å få sparken, fortel han.

Fem politimeldingar

Matros Karl-Andreas Grinde Pedersen er tillitsvalt for 300 tilsette i Fjord1, mellom anna matrosar.

Også han vil ha «franske tilstandar».

Karl-Andreas Grinde Pedersen, tillitsvalt i Fjord1

Karl-Andreas Grinde Pedersen er tillitsvalt i Fjord1. I sine tolv år som matros på Bjørnafjorden og Boknafjorden har fem sjåførar blitt politimelde for vald eller ufin oppførsel mot han.

Foto: Stig Naustdal

– Eg trur ein del folk ikkje er klar over konsekvensane av ufin og dårleg oppførsel, seier Grinde Pedersen.

Fem gonger har han sjølv politimeld sjåførar, som har vore valdelege eller svært ufine i språket.

– Eit par gongar dagleg opplever eg ufine kommentarar eller at folk gir ein finger.

Transportkonsernet Vy registrerer at det blir stadig meir utskjelling og angrep på deira tilsette.

– Vi såg ein tydeleg auke i vanskelege kundesituasjonar under pandemien, med ein topp i 2020 med 27 meldingar, seier pressevakt Kaja Rynning Moen.

I snitt går selskapet til politiet med 10-15 meldingar i året.

– Det går på truslar og vald mot personalet vårt, men vi har nok mørketal her, og fleire saker vi ikkje melder.