Små hender jobbar ivrig over potetkassene i Nygård barnehage i Gloppen. Ei og ei finn settepotetene vegen ned i jorda.
– Til hausten blir det mykje ...? Pedagogisk leiar Marita Bergset Alsaker ser på barna.
– Poteter!, kjem det kjapt.
Alsaker meiner det positivt at barna får sjå kvar maten kjem frå, slik at dei forstår prosessar og samanhengar i naturen.
– Det er ikkje så mykje poteter vi har, men til hausten blir det bra med ei skikkeleg grønsaksuppe med eigne poteter og gulrøter, smiler ho.
I barnehagen er temaa natur, klima og miljø ein naturleg del av kvardagen. Nyleg var barn og tilsette herfrå representerte ved klimaomstillingskonferansen i Sogndal. Der fortalde dei fagfolk om korleis dei jobbar med berekraft i kvardagen.
Satsar på dei nære tinga
At dei små kvardagshandlingane har positiv effekt, er styrar Ragne Mari Røed Kandal sikker på.
– Når vi sorterer bosset, så er barna med på det. Vi snakkar om det, så barna er med på både å gjere, undre seg og reflektere. Det å vere engasjert som vaksen, smittar over på dei.
– Har du målingsrestar eller lim igjen, kan du klippe opp og sjå kor mykje som er der. Det blir mange ting gjennom ein dag, og gjennom alle åra barna er i barnehagen.
ALLE KAN GJERE LITT: Små ting som å nytte matrestar, sortere søppel og bruke alt limet i tuben. Styrar Ragne Mari Røed Kandal i Nygård barnehage ønskjer å vise barna at alle kan gjere ein liten innsats for natur og miljø kvar dag.
Foto: Adam Pietrzak / Adam PietrzakKandal seier det ikkje berre er dei vaksne som lærer vekk til barna, dei sjølve lærer mykje tilbake.
– Barna undrar seg på ein genuin måte. Dei bryr seg mykje om dei små detaljane, og ser ting vi kanskje ikkje ser på same måten.
Har høner og kaninar
Barnehagen er tett innpå naturen. Frukttre og bærbusker blir stelt med og hausta av. Høner i eige hønsehus lever godt av frukt- og grønsaksrestar og brødskalkar frå nisteboksen til barna. På graset hoppar barnehage-kaninane-Rikki og Kokko rundt, dei får mykje omsorg frå små barnehender.
– Barna er ibuande veldig omsorgsfulle, mot kvarandre, mot dyra og naturen, seier Kandal.
Er nokon leie seg ein dag, søkjer dei gjerne til dyra, fortel dei vaksne i barnehagen.
– Det er veldig fint at dei får erfaringar og kjennskap til dyr heilt frå dei er små. Dei er ivrige etter å gi dei mat, stelle med dei og kose med dei, seier Alsaker.
Dei små kvardagstiltaka er noko Kandal håpar barna vil ta med seg i handling og haldning vidare i livet.
– Når foreldre fortel at dei har stoppa på veg til barnehagen fordi barnet såg eit rusk og dei måtte rygge tilbake – det er kjekt, smiler ho.
SJÅ VIDEO: Sjå TV-reportasjen frå Nygård barnehage her.