Hopp til innhold

Hove klar for Strømsgodset

Sogndal-talentet Johan Hove (17) er klar for Strømsgodset. Det melder begge klubbane på sine nettsider.

Johan Hove

FØRSTE PÅ 2000-TALET: Johan Hove (17) vart i 2016 den første spelaren født på 2000-talet som fekk speletid i eliteserien då han kom innpå i ein kamp mellom Sogndal og Aalesund.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Hove har signert ein kontrakt med blåtrøyene som strekkjer seg over dei neste 3,5 åra.

17-åringen vart den første spelaren født på 2000-talet som debuterte i eliteserien då han vart bytta inn borte mot Aalesund i 2016.

– Det er med ilt i magen at vi slepper Johan frå oss i dag, då vi ville ha han her hjå oss. Dette er noko Johan sjølv vil, og vi ønsker han lukke til vidare, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke til klubben si nettside.

– Ei tøff avgjerd

Hove har 29 offisielle kampar for Sogndal og har 38 aldersfastlagde landskampar.

Bjørn Petter Ingebretsen

NØGD: Godset-trenar Bjørn Petter Ingebretsen meiner Hove passar godt inn i klubben og har eit stort potensial. – Han er arbeidsam, gjer det enkelt med ball og har god fotballforståing, seier han til godset.no.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

No ser han fram til å trekkje drammensklubben si blå trøye over hovudet.

– Det har vore ei tøff avgjerd å reisa frå Sogndal, men eg trur det er eit val som er godt for meg. Sogndal ville veldig gjerne ha meg med vidare, men eg følte også at Strømsgodset hadde veldig lyst til å få meg over. Det var ei totalvurdering som vart avgjerande, seier Hove til Sogndal si nettside.

Vil passa inn

 Jostein Flo

SKRYT: Sportssjef Jostein Flo rosar spelarutviklinga i Sogndal etter at dei hentar sin andre spelar på fire år frå Fosshaugane.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Sogndølen var i førre veke på treningsopphald med Strømsgodset. Både sportssjef Jostein Flo og trenar Bjørn Petter Ingebretsen likte det dei såg.

– Johan har gått gradane i Sogndal heile vegen. Eg synest det er på sin plass å skryta av Sogndal og deira måte å driva spelarutvikling. Det har også vore ein veldig god prosess med leiinga for å få til denne overgangen. No skal vi hjelpe Johan til å ta det neste steget og vi er trygge på at han vil passa veldig godt inn her hos oss, seier Flo til godset.no.

– Uoversiktleg for alle

Håvard Flo og Johan Hove

YNGST: – Johan har vore med oss i lang tid, er fødd og oppvaksen i sentrum og har følgt klubben. Det er litt spesielt, det er det, vedgår Håvard Flo (t.v.) etter at Johan Hove vart klar for Strømsgodset i dag.

Foto: RUNE SJØBERG / Sogndal Fotball

Dei to klubbane er ikkje ukjende for kvarandre. For fire år sidan gjorde midtstoppar Gustav Valsvik same valet. Fleire var kritiske då nyhenda kom om at Hove trena med Godset.

– Det har vore uoversiktleg for alle partar, men no har vi fått ei avklaring på ei sak som veldig mange meiner mykje om, seier sportsleg leiar Håvard Flo til NRK.

– Er dette eit teikn på at Sogndal er på veg vekk frå den lokale profilen?

– Nei, det trur eg ikkje. Vi har veldig fokus på ein sterk profil, og Johan var del av det og ein del av framtida. Han var ein spelar vi skulle utvikle og forme.

Ynskte speletid

Edin Øy (17) får instruksar av trenaren

SKIL LAG: I helga vart det klart at årdølen Edin Øy (t.h.) går gratis til den svenske 2. divisjonsklubben Ljungskile. Samstundes har Sogndal henta keepertalentet Håvard Hetle frå Breimsbygda.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Flo seier Hove ynskte meir speletid. Noko Sogndal ikkje kunne garantere.

– Men, det er sterk konkurranse i laget og spesielt i posisjonen Johan spelar. Så er det Eirik som på sportsleg grunnlag tek ut laget han meiner er best for å konkurrere, seier han og ynskjer Hove lukke til på Marienlyst.