Hopp til innhold

Johan blir tidenes yngste proff i Sogndal

Sogndal Fotball og Johan Hove er samde om ein avtale som bind 15-åringen til Eliteserielaget til 2019. – Det er heilt klart ein milestolpe, smiler midtbanespelaren.

Håvard Flo og Johan Hove

SIGNERTE: Håvard Flo er godt nøgd med å ha sikra seg signaturen til Johan Hove. Dei neste åra skal 15-åringen kombinere proffspel med Sogndal og idrettsfag ved Sogndal vidaregåande skule.

Foto: RUNE SJØBERG / Sogndal Fotball

I ein alder av 15 år, 11 månader og fem dagar blir Johan Hove den yngste spelaren som har skrive proffkontrakt med Sogndal Fotball.

– Det er ein draum som går i oppfylling, og gjer alt det harde arbeidet eg har lagt ned til no vel verdt. Likevel, så står att det mykje hardt arbeid. Eg skal jobbe knallhardt for å vere med å bidra for Sogndal, seier han til NRK.

– Ei god kjensle

Johan Hove

STUDIAR: Sjølv om han no blir ein løna fotballspelar, ser Johan Hove viktigheita av å ta seg utdanning. – Eg går inn for å fullføre tre år på vidaregåande i alle fall, men blir det fire år så er det inga krise, seier han.

Foto: RUNE SJØBERG / SOGNDAL FOTBALL

Sjølv har midtbanespelaren visst ei stund at tida ville komme der han fekk kontrakt med Sogndal.

Hove fyller 16 år i september. Og allereie ein del av A-lagsstallen til Sogndal.

– Likevel blir det ei overrasking når du set der med den signerte kontrakten i handsen. Det er ei god kjensle, med mykje spenning og sjølvsagt veldig mykje som kjennast annleis, seier Hove som denne helga spelar bortekamp for 3. divisjonslaget Sogndal 2 mot Træff.

– Kva betyr det for deg i kvardagen at du no har proffkontrakt?

– Det blir mykje tøffare konkurranse. No er eg med i gruppa og konkurrerer på lik linje med alle andre. Det er eg motivert for og klar for å gjere.

– Fin utvikling

Sportsleg leiar Håvard Flo er svært nøgd med å sikra seg ein ny ung og lovande gut frå eigen klubb. Dei har det ikkje vore for mange av i Sogndal dei siste åra.

– Dette er ein spelar som har hatt ein veldig fin utvikling dei siste åra. Johan handterer nivået på A-lagstreningane på ein flott måte, seier Flo i ei pressemelding.

Hove står med 18 kampar med flagget på brystet for G15 og G16-landslaget og er etablert som ei viktig brikke for sistnemnde.

Yngst, yngst, yngst

Midtbanespelaren vart Sogndal sin yngste debutant i eliteserien då han to minuttar før slutt kom inn i 4-1-sigeren borte mot Aalesunds FK. Då var han 15 år, åtte månader og ein dag gamal. Geir-Erik Røysi hadde den gamle rekorden med 16 år og 13 dagar.

I same kampen vart Hove også den første spelaren i eliteserien som er fødd etter tusenårsskiftet. No gler 15-åringen seg til framhaldet.

– Eg skal jobbe knallhardt for å spele meg inn. Målsetjinga er å få prøve seg litt meir utover vårsesongen neste år, men det er mykje som skal skje før den tid, seier han.