Hopp til innhold

Hotelleigaren gjekk tom for stikkontaktar til elbilane

Nesten halvparten av norske hotell tilbyr no lading av elbil. NHO og NAF håpar reiselivsbedriftene kan bidra til å hindre ladekøane frå sist sommar.

Kvikne hotell

POPULÆRT REISEMÅL: Kviknes Hotel i Balestrand opplevde i fjor sommar ein enorm auke i talet på gjester som kom med elbilar til hotellet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det var bilar som plasserte seg rett utanfor inngangen, fordi det var einaste plass med stikkontakt, humrar hotelleigar Sigurd Kvikne i Balestrand.

Denne veke investerte hotellet ved Sognefjorden i ein eigen ladestasjon, med hjelp frå det lokale kraftselskapet.

– Det var stor etterspurnad etter stikkontaktar, seier Kvikne.

Kviknes hotell er del av ein nasjonal trend. NHO Reiseliv har gjort ei undersøking blant nær 500 reiselivsbedrifter.

På spørsmål om ein elbil-ladar var tilgjengeleg for gjesten eller i nærleiken til bedrifta svara 45 prosent ja.

– Det er jo sjølvsagt opp til kvart enkelt hotell om dei ønskjer å tilby lading til gjestene, men vi registrerer at fleire og fleire gjer det, seier kommunikasjonsdirektør i NHO Reiseliv, Merete Habberstad.

Opning av ladestasjon ved Kviknes Hotell i Balestrand.

OPNING: Denne veka opna den nye ladestasjonen ved Kviknes Hotel i Balestrand. Dei er ikkje først, men førebels har berre under halvparten av norske reiselivsbedrifter tilbod om lading.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Flest ladarar er det i Viken og Agder, med Vestland på tredjeplass. I Troms og Finnmark svarte berre 24 prosent av reiselivsbedriftene at dei hadde ein elbil-ladar tilgjengeleg.

Habberstad seier hotella kan ha ein viktig rolle i å byggje infrastruktur for lading:

– Med elbilladarar bidrar hotella mot at fleire transportledd går mot lav eller nullutslepp, seier ho.

Ei undersøking frå Defa syner at talet på hotellgjester som brukar ladestasjonar auka med 45 prosent frå 2019 til 2020.

– Om gjester kunne booka lading på same tid som dei bestiller rom, ville det gjort bilferien meir føreseieleg for elbilistar, seier Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i NAF.

I dag er det førstemann til mølla-prinsippet som gjeld. Ryste håper det får konkurranse:

– Eit godt og velorganisert ladetilbod ved hotella vil letta trykket på ladestasjonane langs vegen. Er du trygg på at du får lada der du skal sove, slepp du ekstra ladestopp undervegs, seier ho.

LES OGSÅ: Må ut med meir enn 25 millionar for å gi elbilar lademoglegheit

Vanlegare at hotell tilbyr lading

– Vårt inntrykk er at det blir stadig vanlegare at hotell tilbyr lading, seier Christina Bu, generalsekretær i Norsk elbilforening.

I fjor sommar kartla dei kor det var mest kø. Undersøkinga viste at 1 av 3 elbilistar opplevde ladekø «ofte eller alltid».

Ladestasjonane på Dombås, Brokelandsheia og Lom kom dårlegast ut.

– Vi må få plass fleire hurtigladarar. Årets sommar har vore ein stresstest av ladenettverket, sa Bu til NRK i fjor.

No har dei laga eit «ladekart» kor bilistane kan sjekke om hotellet deira tilbyr lading.

For å unngå irritasjon og venting ber NAF om fortgang for å få fleire hurtigladarar.

– Det hastar å få på plass et betre ladetilbod mange stader i landet, seier kommunikasjonssjef Ryste.

I dag er det om lag 400.000 elbilar på norske vegar, fordelt på 17.000 ladepunkt. Det viser tal frå Nobil.

– Vi ser at den store bøygen er manglande kapasitet i nettet og ikkje minst høge anleggskostnader, seier Ivar Horneland Kristensen, administrerande direktør i Virke.

Han er tilfreds med at Stortinget har bedt regjeringa om å sjå på ein ordning med anleggsbidrag gjennom Enova:

– Det vil bidra til at bensinstasjonsbransjen kan dele på kostnadene ved utbygging av nettet, og dermed vil vi forhåpentlegvis auke talet på ladestasjonar langs vegen.

LES OGSÅ: Salstala for 2020 viser at den kraftigaste auken av elbilar skjer i distriktsfylka.

Ladestasjon ved Kviknes Hotel i Balestrand.

NYTT TILBOD: No kan seks bilar lade samstundes hos Kviknes Hotel i Balestrand. Frå før har hotellet to ladarar for Tesla.

Foto: Privat