Hopp til innhold

Tore bidreg til elbil-boom i distrikta

Elbilar er ikkje lenger eit byfenomen. Salstala for 2020 viser at den kraftigaste auken av elbilar skjer i distriktsfylka.

Tore Kirketeig

NØGD EIGAR: Tore Kirketeig kjøpte seg ein splitter ny elbil for få dagar sidan.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er ein fenomenalt god bil. Stillegåande, moderne og kompakt.

Tore Kirketeig frå Førde er strålande nøgd, få dagar etter han tok steget og kjøpte sin første elbil – den splitter nye Volvo xc40.

Den tidlegare køyrelæraren har eit langt liv bak seg i ulike fossile bilar. No ventar ein ny kvardag.

– Det er klart det er ei vanesak dette med å måtte lade når ein er på lang tur, men vi pensjonistar har heldigvis god tid, seier Kirketeig.

Auke i distriktsfylke

Meir enn halvparten av førstegongsregistrerte, nye personbilar i 2020, er elbilar.

For styremaktene har dette vore eit viktig mål med tanke på at alle nye bilar i 2025 skal vere nullutsleppsbilar.

Medan andelen i 2019 var 42 prosent, byksa den opp til 54 prosent i 2020, viser tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken.

Ein viktig årsak til hoppet er ein nærmast eksplosiv auke av elbil-salet i fleire typiske distriktsfylke.

Auken er kraftig både med tanke på tal på bilar og prosentdel.

  • I 2015 var berre 8 prosent av nye bilar i Sogn og Fjordane elbilar. I 2019 auka andelen til 28 prosent. I 2020 heldt auken fram til nesten 42 prosent.
  • Hedmark selde 9 prosent elbilar i 2015, 31 prosent i 2019 og heile 46 prosent i 2020.
  • Finnmark 3 prosent i 2015, 11 prosent i 2019 og 23 prosent i 2020.

Tendensen er den same i så godt som alle fylka, og veksten er størst i distrikta.

Stor jubel

Elbilforeningen meiner dette er ei stadfesting av at elbilen ikkje berre er eit byfenomen.

– Det her er heilt fantastisk. Elbilsatsinga har endeleg teke av i typiske distriktsområde. Vi er på god veg mot målet om at elbilar skal vere for alle, seier Unni Berge, leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Elbilforeningen.

Unni Berge, Norsk elbilforening

NØGD: Dei siste tala viser at elbilsatsinga også har teke av i typiske distriktsområde, meiner leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Elbilforeningen, Unni Berge.

Ho viser til at om ein bryt ned tala frå det siste året, så har andelen av elbilkjøparar auka nærmast frå månad til månad.

– Finnmark og Troms hadde til dømes ein elbilandel på 49,5 prosent i desember. I Nordland 60 prosent. Det er heilt utruleg.

Ho trur 2021 kjem til å bli året der elbil blir det normale å kjøpe når ein vel ny bil.

Stor auke

Tore Fossen i Berge & Co merkar godt den aukande interessa.

Han er marknadssjef i eit selskap som har lokalkontor på ulike delar av Vestlandet.

– Etterspørselen etter elbil, særleg det siste året, har vore formidabel. Folk er nøgde også. Tilbakemeldingane eg får er at dei som kjøper elbil ikkje vil tilbake til diesel eller bensin.

Tore Fossen, marknadssjef i Berge & Co

NY KVARDAG: Eit fleirtal av bilane marknadssjef Tore Fossen i Berge & Co sel, er elbilar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Elbilandelen til forhandlaren er no på 67 prosent, men på enkelte bilmerke er den langt høgre. Som eit døme nemner han Audi, der elbilandelen no er på 82 prosent. Mykje på grunn av Audi e-tron, som i 2020 vart bestseljaren på landsbasis.

– Eg trur tendensen vi ser no berre kjem til å halde fram, seier han.

– Momsfritak viktig

Rett før jul sa EØS-tilsynet ESA ja til framleis momsfritak for kjøp av elbil.

Det meiner Elbilforeningen kanskje er det viktigaste tiltaket dei neste åra for at auken i elbilsalet skal halde fram.

Ho åtvarar mot innstrammingar no når salet tek av i typiske distriktsområde.

– Momsfritak gjer at bilen konkurrerer når folk står i butikken og skal kjøpe ny bil. Det er det aller viktigaste verkemiddelet for å sikre at folk skal ha råd til å kjøpe elbil.

I dag er det rundt 3200 ladestasjonar på norske vegar. Eit tal som er på veg oppover.

Elbil-lader

FLEIRE LADARAR: Det finst i dag 3200 ladestasjonar på norske vegar. Ein viktig årsak til at fleire kjøper elbil i distrikta.

Foto: Robert Hansen / NRK

Politisk rådgjevar i Opplysningsrådet for vegtrafikken, Rikard Gaarder Knutsen, seier alt ligg til rette for at andelen kjem til å auke vidare.

– Eg trur trenden kjem til å halde fram. Vi vil sjå ein kraftig forbetring i ladeinfrastrukturen i åra som kjem. Dei nye modellane vil i enda større grad dekke folk sine behov med tanke på rekkevidd, seier han.