Skulevalet i september 2023 viste at ungdomspartia på høgresida, Høgre og Framstegspartiet, var dei mest populære blant elevane.
Begge brukte appen TikTok for å løfte sitt politiske syn.
No ønskjer fleire parti ifrå venstresida å vere med i kampen om dei unge veljarane.
– Vi ønskjer å vere ein motstemme til FpU og Unge Høgre, og TikTok er ein god arena til å nå ut til dei unge, seier leiar i Sosialistisk Ungdom, Synnøve Snyen.
AUF vil også vere meir til stades på TikTok for å nå unge veljarar. Ungdomspartiet vil løfte fram både partipolitikk og profilar.
– Høgresida har fått dominere på TikTok, så vi må vere meir synlege der, noko vi skulle vore for lenge sida. Vi blir nøyde til å steppe opp gamet, seier leiar i AUF Vestland, Oda Medhus.
Simen Velle (FpU) og Ola Svenneby (UH), som er leiarane i dei to partia, er også blant politikarane med flest følgjarar på den populære appen.
Ein app som samlar mange ungdommar
Tal frå Statistisk sentralbyrå vise at fire av ti 16–19 åringar finn nyhende på TikTok. I aldersgruppa 20–24 år er talet 25 prosent.
Også Fagforbundet har fått mange nye medlemar etter at organisasjonen tok i bruk TikTok. Tal medlemar har gått frå knappe 1000 til 40 000 medlemmar i løpet av få månader.
Saka var først omtalt i avisa Klassekampen.
– Akkurat no trur ikkje eg det er nokon andre sosiale medium som samlar så mange ungdommar som TikTok, seier Some-ekspert, Magnus Hoem Iversen.
Det store gjennombrotet for norsk politisk innhald på TikTok var med skulevalet 2023. Då tok det for alvor av, noko som høgresida utnytta til det fulle.
– Vi ser at det blir meir vanleg å bygge sterke enkeltprofilar som representere dei ulike ungdomspartia, og i dag konsumere den yngre generasjonen mykje innhald frå influensarar.
Men blir ungdommar påverka? Dette seier dei:
Anders Scheflo
– Eg hadde sett mykje politisk innhald på TikTok rundt skulevalet og kommunevalet. Det var med på å påverke kva parti eg stemte på, som var FpU. I ettertid av valet har det vore litt komisk å sjå kva dei har lagt ut på appen.
Linnea Botnen
– Nei, eg blir ikkje så veldig påverka. Eg låg merke til at enkelte parti var veldig aktive på TikTok rundt valet, og eg fekk mykje politisk innhald opp. Blant anna Simen Velle, folk som prøvde å etterlikne han og klipp frå Debatten.
Sofie Storevik Solheim
– Eg blei litt påverka rundt valet. Ein legge merke til at dei prøve å engasjere ungdommar, med blant anna triks som at det skal bli billegare alkohol og at dei skal fjerne fråværsgrensa. Dei kjem med mange forslag på kva dei vil gjere, men dei har ikkje så mange løysningar.
Brendon Constantine Terry
– Ja, eg har blitt påverka av TikTok under skulevalet. Det hjelpte meg til å velje det partiet eg gjorde. Eg visste litt frå før av kva eg skulle stemme, men hadde ikkje det partiet prestert så bra som det gjorde under skuledebatten, så er det ikkje sikkert eg ville stemt på dei.
Astrid Solheim Kiil
– Eg trur ungdomspartia er veldig opptatt av reaksjonar, dei kan seie veldig dryge ting for å få reaksjonar. Eg blei ganske påverka av eitt parti, og eg blei kanskje litt meir sikker på kva eg sjølv vil stemme. Så TikTok påverkar meg litt.
Blir du påverka av politiske parti på TikTok?
Ja 9%
Kanskje litt 10%
Nei 78%
Veit ikkje 3%
Avstemningen er lukket. 159 stemmer totalt
Politikarar får kjendisstatus
Tone Sofie Aglen, som er politisk kommentator for NRK, har også lagt merke til enkeltparti som har vore flinke til å treffe ungdommen.
– Høgresida sine ungdomsparti og deira leiarar har brukt TikTok på ein veldig personleg måte, noko som har gitt dei litt kjendisstatus.
Men sjølv om høgresida har prestert godt på sosiale medium, så forklare Aglen at det skal meir til enn å gjere det bra på TikTok.
– Ein kan ikkje seie at dei gjer det bra berre på grunn av TikTok. Viss politikken ikkje treff så funkar ikkje TikTok åleine, meiner Aglen.
Vil sjå meir av det
Det er lettare i påverke dei som stemmer for første gong. Det seier valforskar Johannes Bergh.
– Det er riktig av partia å treffe unge veljarar der dei kan, seier valforskaren.
Han meiner politiske parti kjem til å fortsette på sosiale medium, spesielt TikTok, i framtida også.
– Vi vil nok sjå meir av dette fram til neste val som er Stortingsvalet i 2025.
Han syns det er både fordelar og ulemper med at unge får politisk informasjon via denne appen.
– Det er grunn til å vere bekymra for at informasjon på TikTok kan bidra til polarisering, på ein anna side er det bra med eit bevisst engasjement. Det er ein god måte å få folk interessert i politikk.