Hopp til innhold

Ella (18) vil klare seg utan hjelp frå foreldra

Rekordmange ungdommar kombinere deltidsjobb ved sidan av skule og studiar.

Ella Sofie Grønsberg Aase

ERFARING: Ella ville ha deltidsjobb ved sida av skule for å få arbeidserfaring.

Foto: June Erdalsdal Kolstad / NRK

– Eg vil tene mine eigne pengar og lære å handtere min eigen økonomi, seier Ella Sofie Grønsberg Aase.

Ho har deltidsjobb hos Dolly Dimple's Førde. Etter å ha jobba der i omtrent to år har ho opparbeidd seg verdifull erfaring innan kundeservice, matlaging og samarbeid med kollegaer.

Tal frå SSB vise at unge som har sommarjobb eller deltidsjobb tener nesten 100.000 kroner meir i året som vaksne.

Ella er ein av mange unge som jobbar hos Line Kilnes, eigar og dagleg leiar av pizzarestauranten. Ho understrekar at ungdom er ein viktig del av den daglege drifta.

– Definitivt! Eg hadde ikkje klart meg utan dei.

Les også Oliver (21) kasta opp av treningstrenden pre-workout

PWO

Rekordmange hentar ut frikort

I 2023 var det 139.126 i aldersgruppa 15 til 19 år som skaffa seg frikort.

Det vise tal frå Skatteetaten. Det er ein auke på nesten 10.000 sidan 2019.

– Vi ser over tid ein auke av fleire folk som skaffe seg frikort. Under covid-19 var det færre som gjorde det, men i løpet av 2021 og åra etter har det stege opp igjen.

Det seier Roar Lyby, seniorrådgivar ved Skatteetaten.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) vise også at mange unge kombinere jobb ved sida av skule og studiar. Dei fleste av desse er mellom 15 og 24 år

I 2023 oppgav 381.000 personar at dei studerte eller gjekk på skule, av desse hadde 344.000 også ein jobb.

Ina Emerense Sandnes
June Erdalsdal Kolstad / NRK

Ina Emerense Sandnes (19), deltidstilsett på klesbutikken Aerly

– Folk som er i same situasjon som meg er på eit stadium i livet, der vi skal prøve å finne ut kva vi skal gjere i framtida. Derfor syns eg det er veldig viktig at vi får prøvd oss i ulike bransjar og får erfaring som kan stå på CV-en. Noko som kan gjere det lettare for oss å få jobb seinare.

Ruben123 (1 av 1)
June Erdalsdal Kolstad / NRK

Ruben Gravdal Nedrebø (18), deltidstilsett på Power Sunnfjord

– Eg var på utplassering her og fekk tilbod om deltidsjobb etterpå. Så det gav meg moglegheita til å få litt arbeidserfaring, i tillegg til at eg kunne tene mine eigne pengar.

Eline
June Erdalsdal Kolstad / NRK

Eline Hauken (18), deltidstilsett Intersport Førde

– Eg ville tene mine eigne pengar og bli meir sjølvstendig. I tillegg så er det fint å ha noko å gjere på ved sida av skule.

Næringslivet har behov for dei unge

Norsk næringsliv skrik etter arbeidskraft. Det seier Henrik Drivenes, leiar i Handel og Kontor Ung. Han peikar på fleire fordelar ved å tilby unge ein jobb.

– Det er viktig at bedrifter slepp til unge i arbeidslivet. Dette er for å sørge for at fleire vil jobbe i bransjen og at dei tek fagbrev eller anna utdanning.

Ein av dei som dagleg ser at det trengst unge hender i norsk arbeidsliv, er Anne Karin Steen. Ho er senterleiar i Sunnfjord.

– Vi har heile tida behov for ungdommar, det er ein stor sirkulasjon når dei som er ferdig på vidaregåande flyttar, då har vi bruk for nye. Vi trenge folk som har lyst å jobbe i butikk.

Anne Karin Steen

Anne Karin Steen har stadig behov for nye ungdommar som vil jobbe deltid.

Foto: Ina Christin Løvseth

Les også Agathe (15) må velje mellom draumen og den trygge kvardagen

Skulevalg Dale