Hopp til innhold

Høge straumprisar skaper ny småkraft-bølgje

I fjor sa NVE at «eventyret er over». No teiknar høge straumprisar bilete av ein ny «småkraftboom».

Svartefoss kraftverk i Fjaler kommune

FJALER, VESTLAND: Tjøredalselva kraftverk utnyttar eit fall på 74 meter i Tjøredalselva. Årsproduksjonen er 3,9 GWh.

Foto: Oddgeir Sæle

Tal frå NVE viser at det akkurat no vert bygd 42 småkraftverk i Noreg. Eit småkraftverk er eit lite kraftverk som har ein produksjonskapasitet på under 10 MW.

Det er eit høgt tal, seier Leif Lia, som er «vasskraft-professor» ved NTNU.

Han viser til spådomane om at småkraftutbygginga ville stoppe opp då ordninga med elsertifikat vart avvikla ved årsskiftet.

I praksis vil det seie at småkraftverk som vart sett i drift frå 1. januar 2022 ikkje lengre vert subsidierte, og må rekne heile inntekta ifrå gjeldande straumpris. Noko som i utgangspunktet aukar grensa for kva som er «god butikk».

Så seint som i fjor uttalte difor NVE at det såkalla «småkrafteventyret» var over, symbolisert ved at talet på nye søknadar hadde stupt (sjå graf).

– Lukrativ investering

No seier Lia at høge straumprisar og den spente energisituasjonen i Europa teiknar bilete av ein ny «småkraftboom».

Eit tenkt småkraftverk i prisområdet NO2 vil med dagens straumpris vere nedbetalt på 1–2 år. Kva slags andre investeringar kan skilte med ei slik nedbetalingstid? spør Lia.

Direktør i Forte Vannkraft, Rein Husebø, seier til NRK at selskapet har sju småkraftverk under bygging, og ytterlegare 15–20 som «antakeleg vil starte bygging i løpet av eit par år».

Mange anlegg som ikkje var lønnsame for fem år sidan er godt lønnsame no, seier han.

NVE varsla i juni at dei vil gå vekk frå det kronologiske prinsippet og prioritere større vasskraftprosjekt framfor småkraft, dersom det vert kø i saksbehandlinga.

Bakgrunnen for varselet er at NVE trur det vil kome eit ras av søknader som følgje av auka straumprisar og omlegginga til kontantstraumskatt.

– Den regulerbare vasskrafta er ryggrada i det norske kraftsystemet, og vi vil prioritere desse, sa vassdrags- og energidirektør, Kjetil Lund.

Rart å utfordre stortingsfleirtalet

Småkraftforeininga kvitterte med at signalet var «umusikalsk» og på kant med energimeldinga der eit fleirtal på Stortinget ber regjeringa om å påskunde konsesjonsbehandlinga av småkraft.

– Det er litt rart at Kjetil Lund vel å utfordre stortingsfleirtalet, sa dagleg leiar i Småkraftforeninga, Knut Olav Tveit til Europower.

Bjarte Skår er direktør i Dale-selskapet Hywer, som leverer utstyr til å byggje småkraftanlegg.

– Å få svar på ein konsesjonssøknad kan ikkje ta så lang tid som det gjer i dag, seier han.

I desember fortalde NRK om Olav Fuglestrand som har venta i fleire år på å få svar på sin søknad.

Støre-regjeringa varslar i Hurdalsplattforma at dei vil leggje betre til rette for småkraft, men også «gjere ein gjennomgang av lovverket knytt til småkraft med sikte på å sikre nasjonalt eigarskap i sektoren».

I ein kronikk i Nationen skriv energipolitisk talsperson for Senterpartiet, Ole André Myhrvold, at utbygginga av småkraftverk er «ei av dei mest lågthengande fruktene vi har for auka kraftproduksjon».

Stortingets muntlig spørretime

– No skal vi få til den største satsinga på småkraftverk sidan sist vi var i regjering, seier energipolitisk talsperson for Senterpartiet, Ole André Myhrvold.

Foto: Vidar Ruud / NTB

250 småkraftprosjekt har alt konsesjon

Tveit i Småkraftforeninga seier at det er «rett at byggjeaktiviteten gjekk ned etter den første småkraftbølgja», men at aktiviteten no er høg at.

Per i dag er det 250 småkraftprosjekt som alt har konsesjon (godkjenning frå NVE).

Vi kan halde på i dette tempoet nokre år til, men treng nye konsesjonar for å halde tempoet oppe, seier Tveit.

I april heldt han på «å dette av stolen» då han vart presentert for ein rapport sa som sa at det er mogeleg å byggje ut 16,7 terawattimar (TWh) med ny småkraft i åra fram mot 2030.

16,7 TWh er til samanlikning det dobbelte av kraftforbruket i Oslo i løpet av eitt år.