Hopp til innhold

Stadig fleire sel småkraftverka sine til utanlandske oppkjøparar. - Eit svik!

GLOPPEN (NRK): Låg forteneste gjer at stadig fleire sel småkraftverka sine til utanlandske oppkjøparar. No slår fleire alarm om det dei meiner er ei uønskt overtaking av fellesskapets ressursar.

Håkon >Sandvik

KRITISK: Håkon Sandvik i Gloppen er kritisk til småkrafteigarar som sel unna krafta til utanlandske eigarar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– For oss er det heilt uaktuelt å selje kraftverka. Vi tenkjer langsiktig, og er mest opptekne av å halde krafta i lokale hender, seier Håkon Sandvik.

Han er grunneigar på Rygg i Gloppen kommune, og medeigar i fleire kraftverk.

Dei siste tjue åra har mange bønder lagt elvane på gardane sin i røyr, og bygd kraftverk av ulik storleik for å produsere straum.

Dette har gitt dei ei kjærkomen inntekt i tillegg til gardsdrift og andre jobbar. Det har også bidrege til kring sju prosent av den totale straumproduksjonen her i landet.

Tapar pengar

I gode år kan pengane strøyme inn på kontoane til bønder som er medeigarar i småkraftverk, men i dårlege år er det ikkje alltid slik.

I fjor var straumprisen så låg at mange småkraftverk gjekk i minus.

Det betyr at eigarane av kraftverket må gjere jobben som heng saman med å drive eit lite kraftverk, men samstundes tapar dei pengar.

På same tid har noko anna skjedd.

Utanlandske pensjonsfond og andre investorar leitar med lys og lykter etter stader dei kan investere i grøn energi i Europa. Både fordi det blir sett på som ei lønsam investering, og fordi dei ønskjer å kunne vise til at delar av porteføljen deira er grøn og fornybar.

Salet til utlendingane skjer vanlegvis for ein periode på 40 eller 60 år. Etter det vil grunneigarane få hand om kraftverka att.

Video Konsesjonsprosess for småkraftverk for lang
Foto: Nyhetsspiller

– Gir frå seg makta

Resultatet er at investorane no bankar på døra til grunneigarar og bønder akkurat i det mange kanskje tykkjer det fristar å selje seg ut for ein enkeltsum.

Både NVE og Småkraftforeininga seier at det har vore ei markant auke det siste året, og no eig utanlandske eigarar meir enn 20 prosent av småkrafta her i landet.

– Eg meiner dette er eit svik. Utbygginga har vore gjort for å sikre bygdene og lokalbefolkninga, og så er det nokre som tenkjer kortsiktig og gir frå seg den makta, seier Sandvik i Gloppen.

Men han får kraftig motbør frå sambygdingen, Olav Fuglestrand.

Han er ein av dei som har vore med på å selje kraftverk til utanlandske investorar, og han skammar seg slettes ikkje over det.

– Grunnen til at mange no sel unna småkraftverk er jo at prisen er veldig god. Utanlandske kjøparar betalar ein veldig god pris, seier Fuglestrand.

Han er ikkje samd i framstillinga til Sandvik om at det er eit svik mot bygder og lokalsamfunn å selje vekk kraftverka.

– Dei pengane du tenar på eit slik sal vil jo også kome lokalsamfunnet til gode. Eit sal av eit småkraftverk kan gje bønder og grunneigarar mange millionar kroner, og dei pengane vil jo veldig ofte bli sprøyta tilbake i lokale bedrifter og føre til lokal vekst, seier Fuglestrand.

Senterpartiet vil hindre framtidige sal

Senterpartiet er einig med dei som ikkje likar at småkraftverka hamnar i utanlandske hender.

Ole Andre Myhrvold (Sp) i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget vil foreslå at alle nye konsesjonar på småkraft skal ha eit forbod mot å selje kraftverket til utanlandske eigarar.

– Vi kan ikkje gjere noko med dei konsesjonane som er gitt, men vi vil forsøke å hindre at utviklinga held fram, seier Myhrvold.

Stortingsrepresentant for Høgre, Liv Kari Askeland, likar ikkje forslaget frå Senterpartiet.

– Utanlandsk eigarskap er viktig for norsk næringsliv, anten det er tale om fiskeoppdrett eller verftsindustri. Kvifor skal ikkje utanlandsk kapital få lov til å investere i grøn, fornybar vasskraft?

Også Småkraftforeininga ristar på hovudet av forslaget til Senterpartiet.

– Eit slikt forslag vil gjere at bønder som ønskjer det, ikkje vil klare å selje, for norske investorar har ikkje nok kapital. For nokre kan det bety personleg konkurs i periodar der småkraftverka går med underskot, seier dagleg leiar i Småkraftforeininga, Knut Olav Tveit.