Hopp til innhold

Her vil han ha to atomkraftverk

Folk under førti og halvparten av ungdomspartia er positive til atomkraft på norsk jord. På grensa til «uforstandig», meiner landets siste reaktorsjef.

FINNMARK: KrF-politikar Truls Olufsen-Mehus til orde for to kjernekraftverk «lengst nord i landet». – Atomkraft er framtida, seier han til NRK.

PASSAR HER: Lokalisering handlar om nett, grunnstabilitet og nærleik til kompetansenettverk, men Finnmark har alt dette som kan passe, seier Truls Olufsen-Mehus (KrF).

Foto: KRF

For 18 år sidan foreslo ein ung og ivrig Frp-politikar (23) at Noreg burde byggje kjernekraftverk, og at Florø eller Gulen ytst i Sognefjorden kunne eigne seg som stad for produksjon og lagring av atomavfall.

Og sidan har Frank Willy Djuvik (41) vorte eldre og meir moderat?

Nei, i staden vart han innhenta av samtida.

I ein spørjeundersøking gjort av Norstat svarer no nær halvparten av nordmenn under 40 år at dei ønsker kjernekraft velkommen.

For ein som har bygd ein politisk karriere på å gå mot straumen, kan det by på utfordringar av eksistensiell art.

– Det er rart å vere mainstream. Kanskje eg må endre strategi, seier Djuvik til NRK.

Det kan likevel vere at KrF og Finnmark kjem han i forkjøpet.

I august tok KrF-politikar Truls Olufsen-Mehus til orde for to kjernekraftverk «lengst nord i landet».

– Atomkraft er framtida, seier han.

Tverrsnitt av deponiet som skulle huse lågradioaktivt avfall i Gulen.

VESTLAND: Tverrsnitt av deponiet som skulle huse lågradioaktivt avfall i Gulen.

Foto: HALSVIK-WERGELAND

Fire norske atomreaktorar

For to år sidan var kjernekraft fortida. Då vart den siste av fire norske atomreaktorar stengt.

– Eg må få seie at det er vemodig, sa Kjell Hugo Bendiksen, tidlegare direktør ved Institutt for energiteknikk (IFE).

Dei norske reaktorane var berre nytta til forsking. Straum frå kjernekraft vart skrinlagt av Stortinget tilbake i 1975, og har sidan vore eit ikkje-tema i norsk politikk.

Dei siste åra har likevel mange tatt til orde for å sjå på kjernekraft-alternativet på ny, godt hjelpt av striden om vindkraft og framskrivingar for straumbruk.

Noreg har i dag eit straumforbruk på rundt 135 TWh. Og høgare skal det bli.

Så kor skal all denne nye straumen kome ifrå? I tv-programmet Folkeopplysningen illustrerte Cicero-forskar Glen Peters det med ein fotball-metafor:

Jo da, du kan vinne med ni fotballspelarar på banen, men det er ikkje like lett.

Underforstått: Om vi skal nå togradermålet, gir det lite meining å utelukke kjernekraft frå energimiksen.

Det same seier FNs klimapanel.

Og Det internasjonale energibyrået (IEA).

Og EUs vitskapspanel (JRC).

Kjøletårn i Tyskland blir plukket fra hverandre

BYGGJAST NED: Et gammalt kjøletårn i Tyskland blir plukket frå kvarandre. Bildet er frå 2019. Sjølve anlegget, som ligg i den vestlege delen av Tyskland, vart stengt i 1988.

Foto: THOMAS FREY / AFP

– Må sette inn sterkare skyts

I fjor vart Klimavenner for kjernekraft oppretta. Henrik Berg er nestleiar i foreininga som ynskjer å «bidra til folkeopplysning og oppklaringar rundt kjernekraftmytane».

– Vi kan sikkert få til mykje med for eksempel havbasert vindkraft, men mengdene vi treng gjer at vi må sette inn sterkare skyts enn det, seier han.

Eller som Sten Inge Jørgensen i Morgenbladet skriv: «Eitt enkelt atomkraftverk kan erstatte alle dei planlagde vindmøllene i Noreg».

Ei oppteljing blant ungdomspartia viser enda større begeistring (sjå faktaboks).

Frå offisiøst norsk hald er stemninga meir laber.

I juni la statsminister Erna Solberg og olje- og energiminister Tina Bru fram stortingsmeldinga «Energi til arbeid», om korleis «energinasjonen Noreg» skal vidareutviklast.

Teknologiar som vert nemnt er karbonfangst- og lagring, havvind og hydrogenproduksjon.

Kjernekraft vart ikkje nemnt.

Klimavenner for kjernekraft

2020: I fjor vart Klimavenner for kjernekraft oppretta. Foreininga ynskjer å «bidra til folkeopplysning og oppklaringar rundt de mange mytane som er rundt kjernekraft».

Foto: Åse Igland Berg

– Ikkje noko akutt behov i Noreg

Ole Christen Reistad er avdelingsleiar ved Institutt for energiteknikk (IFE) og «Noregs siste reaktorsjef».

I eit intervju med nettavisa Framtida.no kallar han det «meiningslaust» og på grensa til «uforstandig» å snakke om kjernekraft i Noreg.

– Nokre ser ut til å tru at dette dreier seg om å sette opp nokon reaktorar, og så er vi i gang, seier han til NRK.

Han viser til at kjernekraft krev at heile samfunnet omstiller seg.

– Alt frå høgskular og universitet, til industri og forsking. Sikker kjernekraft krev ikkje berre eitt kompetent miljø som handterer dette åleine, men fleire.

Kristin Linnerud Professor i fornybar energi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Ho ser «ikkje noko akutt behov for kjernekraft i Noreg», men vil ikkje utelukke at dette endrar seg.

– Eg ser for meg at kjernekraft blir ein viktig del av global energiforsyning, men Noreg har komparative fortrinn på andre område, og spennande moglegheiter på havet, seier ho.

Nils Morten Huseby er administrerande direktør ved Institutt for energiteknikk (IFE), som tidlegare drev atomreaktoren i Halden.

– Diskusjonen om kjernekraft globalt er interessant og relevant, men for Noreg er ikkje atomkraft noko seriøst alternativ, seier han

Han viser til høge kostnader og utfordringane knytt til sikkerheit og avfallshandtering.

– Noreg som samfunn er rett og slett ikkje godt nok førebudd på kva atomkraft vil innebere, seier han.

Nils Morten Huseby, direktør IFE

IKKJE SERIØST: – Diskusjonen om kjernekraft globalt er interessant og relevant, men for Noreg er ikkje atomkraft noko seriøst alternativ, seier Nils Morten Husbey.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

Tyskland avviklar all atomkraft

Historikar ved BI, Pål Nygaard, saknar internasjonale avtaler «som på gode måtar sikrar ikkje-spreiing eller misbruk av våpen-potensialet».

– Det hjelper å bytte frå plutonium til thorium, men talande nok er det få utanom entusiastane som argumenterer for bruk av det siste.

I mars 2011 vart atomkraftverket Fukushima øydelagt. Same år bestemte Tyskland seg for å avvikle all atomkraft innan 2022.

Deira «mest idiotiske avgjerd» sidan krigen, meiner Nettavisen-spaltist Kjell-Magne Rystad.

Han ynskjer seg atomkraft på norsk jord, men trur det vil «sitte svært langt inne».

– Sjølv om det skulle bli eit prinsippvedtak om å tillate bygging, vil det sikkert bli krigerske tilstandar om lokalisering, seier han til NRK.

SLUTT: Innan 2022 skal alle atomreaktorane i Tyskland vere fjerna.