Hopp til innhold

Her går penge­maskinen i bakken

Totalt pumpa Gyda-plattforma opp 290 millionar fat med olje. Men torsdag vart oljeeventyret hennar avslutta med 50 kilo dynamitt.

Gydaplattformen ble torsdag sprengt på Stord. Foto: Lars Melkevik/Aker Solutions

Gydaplattformen ble torsdag sprengt på Stord. Foto: Lars Melkevik/Aker Solutions

50 kilo dynamitt, fordelt på 28 ladningar, var torsdag ettermiddag nok til at Gyda-plattforma vart sendt rett i bakken på Aker Solutions sitt demoleringsanlegg på Stord.

På førehand var det etablert ei fleire hundre meter stor tryggleikssone.

Verksemder, nabolag og lokalsamfunn var på førehand varsla om operasjonen.

Det den største plattforma som nokon gong er lagt i bakken på denne måten, iflg. verksemda.

Gyda-plattforma veg 18.000 tonn.

Det svarar til vekta av om lag 9.000 utgåver av ein av dei mest populære bilmodellane i Noreg, Tesla model Y.

Dei veg om lag 2.000 kilo.

– Dette gjekk heilt etter planen, seier Thomas Nygård, sjef for demoleringsverksemda ved Aker Solutions Stord.

Sprenging Gyda-plattformen.

Plattforma stod på seks føter, som vart sprengt ned.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Stålet vert smelta om

Dermed er siste punktum sett for plattforma, som i si tid vart bygd ved Rosenberg sine verft i Stavanger og Egersund.

No ventar ei gedigen stålsaks på å klippa stålstrukturane opp i mindre bitar.

Deretter vert stålet skipa til smelteverk ulike stader i Europa.

Olja på Gyda-feltet vart oppdaga så tidleg som 1980, men det var først i 1990 at produksjonen kom i gang.

Her pågår det flammeskjæring i Gyda.

Flammeskjæring om bord i Gyda-plattformen. Luften er fylt med en skarp lukt av brent stål.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Thomas Nygård står bak en stor haug med kabler på Gyda. Stålholken bak ham er Valhall.

– Folk har hatt dette som arbeidsplass i mange år, sier Thomas Nygård om Gyda.

«Velkommen til Gyda. Tenk sikkerhet», står det på et skilt på helikopterdekket.

«Velkommen til Gyda. Tenk sikkerhet», står det på et skilt på helikopterdekket.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Fungerande verftsdirektør ved Aker Solutions sine fire verft i Noreg, Jan Ertesvåg, var med og bygde plattforma på slutten av 80-talet i Stavanger.

– Dette var den første jobben eg hadde i oljeindustrien, fortel Ertesvåg.

No er han øvste direktør for verftet som i den eine enden byggjer nye plattformer.

I den andre enden vert dei demontert.

– Me er med frå fødsel til grav. Og det er veldig bra at me klarar å resirkulera 98 prosent av alt stålet, seier han.

Konsernet ser føre seg store moglegheiter innan såkalla demolering i åra framover.

Stengt etter alvorlege avvik

For Gyda-plattforma er berre for småtteri å rekna samanlikna med dei verkeleg store som etter kvart skal vekk.

– Statfjord A og Gullfaks er verkeleg store elefantar på norsk sokkel, seier Ertesvåg.

Gyda-plattforma var i drift frå 1990 til hausten 2021.

I eit innlegg på Facebooksida til Offshore Noreg er det mange som skryter av eit godt arbeidsmiljø om bord i driftsåra.

Men dei siste åra gjekk ikkje alt på skjener. Sommaren 2018 måtte plattforma stengja ned produksjonen etter at det vart avdekt ei rad alvorlege avvik under eit tilsyn.

– Graverande funn, sa pressekontakt Øyvind Middtun i Petroleumstilsynet til Dagens Næringsliv.

Mellom anna skal tennkjelder ikkje ha kopla ut som dei skulle, noko som i verste fall kunne ha skapt eksplosjonar, meinte tilsynet.

Repsol på si sida hevda at funna ikkje var så alvorlege, men at dei umiddelbart tok affære og stengde ned.

Pengemaskin og utslippskjempe

For to år sidan var det definitivt slutt for feltet.

27. november 2021 forlét dei 13 siste tilsette plattforma med kurs for Sola.

I dei åra Gyda var i produksjon henta plattforma opp 290 millionar tonn med oljeekvivalentar. Med dagens oljepris svarar til det verdiar for svimlande 26,3 milliardar amerikanske dollar.

I norske kroner svarar til det cirka 287 milliardar kroner.

NRK har bede Asbjørn Torvanger i miljøstiftinga Cicero rekne på kva 290 millionar tonn oljeekvivalentar fører til i CO2-utslepp.

– Ved fullstendig forbrenning vil 290 millionar tonn oljeekvivalentar råolje generere cirka 900 millionar tonn CO2, skriv han.

Dette er då utslepp som blir rekna i landa olja er brukt, og ikkje i Noreg.

900 millionar tonn CO2 er omtrent 18 gongar så mykje mye som dei snaut 50 millionar tonn CO2 som heile Norge slepp ut i løpet av eit år.