Til saman 50.000 tonn med gammal plattform ligg klar ved anlegget til Aker Solutions på Stord i Vestland.
I løpet av halvanna år skal plattforma frå Gyda-feltet, og to plattformer frå Valhall-feltet, bli hogd opp i småbitar.
– Først vert plattforma stabilisert og sikra. Deretter startar jobben om bord, der alt avfall vert fjerna og sortert, seier Thomas Nygård, prosjektdirektør i Aker Solutions Stord, som viser NRK rundt på anlegget.
Eit av dei eldste felta
Blant dei plattformene som ligg på land no, er den gamle boreplattforma frå Valhall-feltet.
Det var det fjerde feltet som starta produksjonen i Noreg i 1982, men om bord no er det lite som minner om stordomstida.
Nesten alt er fjerna og berre rust og gamle røyr er det einaste som er igjen.
– Det siste dei fjernar er arbeidslysa, fortel Nygård.
Når alt er fjerna om bord vert føtene til plattforma sprengt slik at plattforma går i bakken.
Så vert metallet klipt opp og sortert, før det vert senda vidare til fleire stålverk i Europa.
– Alt skal resirkulerast, og målet er at 98 prosent skal tilbake i sirkulærøkonomien, seier Nygård.
Enorme mengder skal vekk
Ein rapport frå Offshore Energy UK anslår at det er enorme mengder med gamle oljeinstallasjonar i heile Nordsjøen.
Ifølgje dei finst det om lag éin million tonn med installasjonar som skal vekk i løpet av den nærmaste tiårsperioden.
I 2018 var dei same anslaga på 200.000 tonn. Dermed er det ein kolossal auke i anslaga over plattformer som nærmar seg slutten av levetida.
For verftet på Stord betyr det gode tider for opphogginga. Etter at Gyda og Valhall er hogd opp, skal dei ta i mot installasjonar frå felta Heimdal og Veslefrikk.
– Ordrebøkene våre er fulle til 2028, seier prosjektdirektøren.
Aukar levetida
På Valhall-feltet er dei gamle oljeplattformene erstatta med nye installasjonar.
Ole-Johan Faret, pressetalsperson i Aker BP, fortel at dei hadde sett føre seg å produsera 250 millionar fat med olje då Valhall starta produksjonen i 1982.
– No skal me halda fram drifta til 2060, og målet er å produsera 2 milliardar fat med olje, seier Faret.
SV: – For lett å få forlenga levetida
Lars Haltbrekken, som sit i energi og miljøkomiteen for SV, meiner det er for lett å få forlenga drifta på norske oljefelt.
– Automatikken i dette må det bli slutt på, meiner han.
Han siktar ikkje til Valhall-feltet spesielt, men det han oppfattar som ein altfor rundhanda forlenging av felt-levetid frå Olje- og energidepartementet si side.
– Alle søknadar om forlenging av drift må verta vurdert opp mot forpliktingane i Paris-avtalen og klimamåla, seier Haltbrekken til NRK.
God politikk å forlenga drifta
Amund Vik (Ap), statssekretær i Olje- og energidepartementet er ikkje samd med Haltbrekken.
Han meiner, tvert i mot, at det er god ressursutnytting å vidareutvikla norske felt.
– Avvikling ville ha vore brot med måla i petroleumspolitikken om god ressursforvaltning og høg verdiskaping, seier han.