Hopp til innhold

Midt i det grøne skiftet er ordreboka snart fullteikna med oljeprosjekt

Aker BP skal investera enorme 135 milliardar på norsk sokkel i åra framover. – Fare for at det går utover satsinga på grøne prosjekt, åtvarar professor.

Johan Castberg, produksjonsskip ved Aker Solutions Stord

STORT: Dette skipet skal om få år pumpa opp olje og gass. Det sikrar no store inntekter for Aker Solutions på Stord.

Foto: Olav Røli / NRK

Ved Aker Solutions sitt verft på Stord står oppdraga i kø om dagen.

Dei om lag 1.700 fast tilsette er i full gang med ferdigstilling av produksjonsskipet Johan Castberg for Equinor.

Skipet skal etter planen starta å pumpa opp olje og gass i 2024.

I tillegg skal to nye plattformer for Aker BP verta bygd på same verftet i åra fram mot 2028. Dei skal til to felt i Nordsjøen. Berre ei endeleg politisk godkjenning står att.

– Samla vil dette vera investeringar på over 30 milliardar berre her på Stord, seier administrerande direktør i Aker BP, Karl Johnny Hersvik.

Takkar oljeskattepakken

Selskapet skal samla gjera investeringar på 135 milliardar på norsk sokkel dei neste seks åra. Desse investeringane innan tradisjonell olje- og gassproduksjon gjev stor optimisme for fleire verft langs heile norskekysten.

Mykje av investeringane kom grunna oljeskattepakken som vart vedteken sommaren 2020.

For verftet på Stord har ikkje utsiktene vore så lyse på lang tid, og det er venta at prosjekta vil gje arbeid til mange tusen.

– Me skal ikkje påstå at me er inne i ein gullalder. Men at utsiktene ser lysare ut enn på lenge, det er klart, seier konserndirektør Sturla Magnus i Aker Solutions ASA.

Fredag føremiddag var politikarar og toppar frå både næringsliv og fagrørsle samla ved verftet for å få ei orientering om Aker BP sine planar.

Karl Johnny Hersvik, Aker BP

SKAL VINNA UT MEIR: Karl Johnny Hersvik i Aker BP understrekar at dei skal halda fram med å henta opp meir olje og gass i åra framover. Dei skal no investera for over 130 milliardar på norsk sokkel i åra framover.

Foto: Olav Røli / NRK

Der understreka Hersvik i Aker BP at det dei no leverer etter oljeskattepakken. Og at alternativet hadde vore permitteringar for mange norske verft.

Professor åtvarar

Professor Finn Gunnar Nilsen på Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen meiner at gode tider i olje- og gassnæringa gjer av verftsindustrien då slepp å tenkja nytt.

Og at dette går utover satsinga på grøne prosjekt.

– Når det er tronge tider i olje- og gassnæringa må verftsindustrien sjå etter andre alternativ, mellom anna på fornybar energi. Motsett, når det er gode tider, så er det få ting som kan konkurrera med prosjekt innan olje- og gass, seier Nilsen, som har havvind som spesialfelt.

Finn Gunnar Nilsen, professor UiB

ÅTVARAR: Finn Gunnar Nilsen er både professor og leiar for Bergen Offshore Wind. Han meiner gode tider i olje- og gassnæringa kan forsinka utviklinga av grøn industri.

Foto: Dina Olavsen / NRK

– Hårfin balansegang

Han fryktar dei store utbyggingsprosjekta innan olje og gass framover kan gå utover omstillinga.

– Dette er ein hårfin balansegang. Om kompetansen er oppteken av tradisjonelle prosjekt innan olje- og gass får dei ikkje tid til å halda på med prosjekt innan fornybar energi, seier han.

Men legg til:

– Om olje og gassprosjekt vert borte, vil også kompetansen på verfta forsvinna til andre bransjar.

Hersvik i Aker BP meiner ikkje investeringane i olje- og gassfelt er til hinder for grøn omstilling.

– Det som skjer no er heilt sentral for å få til eit grønt skifte. Det er ikkje nok grøne prosjekt til å sysselsetja alle som i dag jobbar mot olje- og gass. Alternativet hadde vore ein nedbygging av norsk industri, meiner han.

Johan Castberg, Equinor. Ligg ved Aker Solutions på Stord

MYKJE JOBB: Det flytande produksjonsskipet Johan Castberg er venta å sysselsetja opp mot 2.000 personar berre ved eit verft. I 2024 skal det vera klar til produksjon.

Foto: Olav Røli / NRK

Påverkar heile kommunen

Konsernet Aker Solutions har eit mål om at ein tredjedel av all omsetnad skal komma frå det så kalla fornybar-segmentet innan 2025. Innan 2030 skal dette opp til to tredjedelar.

– Me er i rute, seier Sturla Magnus.

Under møtet fredag understreka han at dei fornybare prosjekta førebels ikkje er mange eller store nok til at det kan ta over for olje og gass.

– Om me skal omstilla oss, må me ha noko å omstilla oss frå, seier Jørn Prangerød, rådgjevar i Fellesforbundet.

For den lokale ordføraren er meir jobb til verftet godt nytt.

– Aktiviteten på verftet påverkar heile kommunen. Når det går godt på verftet, går det godt for kommunen, seier Gaute Straume Epland (Ap).

Gaute Epland, ordførar Stord.

GODE TIDER: For ordføraren på Stord, Gaute Straume Epland (Ap), betyr gode tider på verftet, også gode tider for kommunen.

Foto: Olav Røli / NRK