Hopp til innhold

Her er det for farleg å gå på do – men tusenvis av turistar kan bade og sole seg

I to år har ei toalettvogn stått på badeplassen i sommaridyllen Lodalen, men no må den flyttast ein kilometer vekk. Skredfaren i området er for stor.

Kjersti Kvamme og datteren Rebecca stuper i Lovatnet. Bildet ble delt på Instagram, og har igjen blitt delt tusenvis av ganger over hele verden. Det ble senere også brukt i en reklamekampanje for Renault sommeren 2020.

IDYLL: Bademotiva frå Lodalen har blitt delt tusenvis av gongar på Instagram. Det naturskjønne området har trekt til seg turistar i hopetal.

Foto: Kjersti Kvamme

Etter to somrar med ei mobil toalettvogn på den populære badeplassen Breng i Lodalen i Stryn, er det no slutt på det.

– Det er mange som kosar seg her, og då må dei jo på do. Eg reknar med at det blir ein del avføring. Det er veldig ekkelt og uhygienisk, seier Karin Sæten Solvik.

Ho er ein av seks grunneigarar på Breng. Badeplassen her er den einaste langs Lovatnet der alle kan bade fritt. Dei andre er tilknytt campingplassar.

Avføring i Lodalen

AVFØRING: Slik såg det ut ved Breng i 2018.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Skredfare

I 2018 fekk grunneigarane i «instagram-bygda» kjenne turistboomen på nært hald. Det var nærast bæsj, dopapir og søppel overalt.

Stryn kommune svara med å sette opp mobile toalettvogner.

Men slik blir det ikkje i år. Rasfaren i området er nemleg til hinder for å sette opp bygg, det inkluderer også mobile toalett.

Plan- og bygningslova inneheld restriksjonar på kva som er lov å gjere om det «er fare eller vesentleg ulempe som følge av natur- eller miljøforhold».

– Om det skulle komme eit flaumskred i juli og kommunen hadde sett opp eit bygg der, ville kommunen stå ansvarleg om nokon skulle bli skadde, seier Sonja Servan som er miljøvernkoordinator i Stryn kommune.

For å vere sikre på at dei hadde tolka skredrapporten og reglane rett, tok dei kontakt med NVE som stadfesta at slik er det.

Det var Fjordingen som først omtalte saka.

Midlertidig toalett og avfallcontainer i Lodalen

2019: Midlertidige toalett og ein avfallsconteinar kom på plass året etter «sjokksesongen» i 2018. No får ikkje Stryn kommune lov å plassere toalettvogna ved badeområdet i Breng.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Populært Instagram-motiv

I fjor auka turiststraumen til Lodalen, trass koronapandemien.

– Det har blitt eit instagrampunkt slik som eit par andre stader i kommunen. Det kjem fleire turistar enn det er infrastruktur til.

Næraste toalett til stranda er no om lag ein kilometer unna.

Det er lov å ferdast i området, men ikkje lov å setje opp bygg. Skal kommunen ordne med toalett, må området skredsikrast.

– Men det er såpass kostbart på Breng at det ikkje ville lønne seg, seier ho.

Breng i Lodalen

POPULÆRT: Setra på Breng i Lodalen er eit populært motiv. Også badeplassen om lag 100 lengre vekke er det mange som besøker kvar sommar.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Håper folk ryddar etter seg

Ordførar Per Kjøllesdal i Stryn beklagar at dei ikkje kan setje opp toalett på Breng i sommar.

– Vi greier ikkje finne andre alternativ enn å setje opp der vi har lov, og det blir i ein viss avstand.

I fjor kom det som ei stor overrasking på kommunen at det kom så mange turistar.

– Alt eksploderte, og det var stappande fullt i eit par månader. Eg trur det kan bli noko liknande i år.

No ber han folk om ikkje å villcampe og ha respekt for skilting. Han håper dalen ikkje blir slik den var sommaren for tre år sidan.

– Følg reglane i utmark. Forlat området utan at noko ligg att, seier han.