Hopp til innhold

Ny rapport set livet i «Instagram-bygda» på vent

Det har kome eit ras av vakre bilete frå Lodalen. No åtvarar ekspertar om at nye ras kan råke perla, slik som i 1936 då bygda blei utsletta.

Kjersti Kvamme og datteren Rebecca stuper i Lovatnet. Bildet ble delt på Instagram, og har igjen blitt delt tusenvis av ganger over hele verden. Det ble senere også brukt i en reklamekampanje for Renault sommeren 2020.

«INSTAGRAM-BYGDA»: Gamle stølshus, blikstille vatn, majestetiske fjell og andre delevennlege motiv gjorde at Lodalen i fjor vart døypt om til «instagram-bygda».

Foto: Kjersti Kvamme

– Rapporten er vel naudsynt om alt skal sikrast på alle baugar og kantar, men det har alltid rasa i fjella på Vestlandet, seier Turid Beinnes, som driv Sande Camping i Lodalen.

Gamle stølshus, blikstille vatn, majestetiske fjell og andre delevennlege motiv gjorde at den pittoreske bygda i fjor vart døypt om til «Instagram-bygda».

Erna Solberg, John Carew og Aksel Lund Svindal var blant dei som delte bilete. Bygda dukka også opp i bilreklamer.

I år er difor campingplassen til Beinnes allereie fullbooka, men noko utviding kjem ikkje på tale.

Fleire grender i «instagram-bygda» har vore utsletta av flodbølger. I dag kom rasrapport som set turistutviklinga på vent.

HASJTAGG LODALEN: Erna Solberg, John Carew og Aksel Lund Svindal er blant dei som har delt bilete frå Lodalen på Instagram.

Foto: Skjermdump

For denne veka fekk kommunen ein rapport på bordet.

Bygda er rasfarleg, konkluderer Sunnfjord Geo Center, som står bak rapporten.

– Det er ganske store område i Lodalen som er bandlagde på grunn av rasfare, seier Geirmund Dvergsdal som er plan- og næringssjef i Stryn kommune.

Rapporten bruker dei same sikkerheitsklassene som NVE (sjå faktaboks).

– Dette vil by på store utfordringar, seier Per Kjøllesdal, som er ordførar i kommunen.

I år skulle han ta tak i problema som melde seg i fjor: Parkeringskaos, avføring i naturen og villcamping.

No er det lite han får gjort.

– Så lenge områda er lagt band på, kan vi ikkje gjere noko, seier han.

Får bu, men ikkje byggje

Plan- og bygningslova inneheld restriksjonar på kva som er lov å gjere om det «er fare eller vesentleg ulempe som følge av natur- eller miljøforhold».

Spenninga mellom tryggleik og fridom er difor ein gjengangar i NRK-arkivet.

I februar fortalde vi om Vivian Guddal i Hjelledalen som kan leige ut huset sitt, eller bu i det sjølv – men ikkje får lov til å selje det.

I Navelsaker fekk ein familie nei til å utvide sauefjøsen. Dei får lov til å bu i den rasutsette bygda – men ikkje lov til å byggje noko.

Familien Kvestad i Hardanger hadde draumar for garden. Så teikna staten ei farelinje tvers gjennom tunet.

– Fleire utset seg for skredfare

I alt bur det i dag 14.000 nordmenn på stader der staten meiner det med stort sannsyn vil koma skred.

– Vi ser ein rask auke av faresoner i eksisterande busetnad der kartlegging blir gjort, seier Steinar Taubøll, ekspert på naturfare og eigedomsrett ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås.

Han meiner kriteria i lovverket kan bli for rigide i møte med dei som «gjerne kan leve med risikoen».

På den annan side kan det vere god grunn til å regulere aktiviteten i Lodalen:

– I denne konkrete saka må vi spørje om betre tilrettelegging vil føre til at fleire turistar oppheld seg i området og dermed utset seg for skredfare.

Villcamparar har sett opp telt langs vegen i Lodalen i Stryn. Mange bilar står parkert langs vegen.

VILLCAMPING: Turistar som ikkje tek omsyn til kvar det er lov å slå opp telt har vore eit problem i Lodalen i Stryn kommune.

Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust / Fjordingen

– Det vil gå skred igjen

Dagleg leiar i Sunnfjord Geo Center, Even Vie er ansvarleg for rapporten.

– Har det gått skred tidlegare, så vil det gå skred igjen, seier han, og legg til:

– Som vi geologar brukar å seie: The past is the key to the present.

Fjellet i Lodalen er av harde lag av kvarts og granitt, men somme stadar sprekk det opp av svart hornblende og glimmer. Her kjem vatnet til, vaskar vekk lausmassar og gjer at underlaget for hardt fjell forsvinn. Om vatnet ikkje kjem seg ut, vert trykket i fjellet større og større.

I 1936 losna meir enn ein million kubikkmeter stein og jord. Det styrta ned i Lovatnet og lagde ei 70 meter høg flodbølge.

Då bølgja var vekke, lå to grender øde. 74 menneske mista livet.

Hendinga er ein del av bakteppet for rapporten, seier Vie. Han avviser at det er ein motsetnad mellom å kartlegge og utvikle.

– Tvert om. Når vi viser kor det er farleg, viser vi samtidig kor det er trygt.

Minnetavle Lodalen

DU BUR UNDER BERGFALL: Flodbølgjene i 1905 og 1936 tok til saman livet av 135 menneske i Lodalen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Må bli sett som ein heilskap

Marita Lindvik er reiselivssjef i Visit Nordfjord. Ho meiner det hastar å få på plass gode ordningar for dei som kjem på besøk til Lodalen.

– Vi manglar ein klar plan for utvikling. Lodalen må bli sett som ein heilskap, med lønsame aktørar i dalen og nøgde gjester på same tid.