Hopp til innhold

Sommaren held fram på Sørlandet – ventar 25 grader

Sommaren er ikkje over på Sørlandet. Heile veka blir det temperaturer over 20 grader, ifølge meteorologane.

Seinsommarmorgon i Kristiansand.

Det var ein mild morgon i Kristiansand i dag.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

– Det blir ei mild og behageleg veke på Sørlandet, konstaterer statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe.

Mildt heile veka

I dag og i morgon vil det bli opp mot 25 grader i austre deler av Agder.

– Litt inn frå kysten aust i Agder kan det blir 25 grader i dag, og langs kysten vil det bli rundt 20 grader. Så det blir ei seinsommarleg kjense. Det vert heller ikkje så mykje vind om ein ser bort frå ein frisk bris på kysten aust for Oksøy. Her kan det og stige til liten kuling frå sørvest i ettermiddag, seier Walløe.

Han legg til at sumarveret vil vare nokre dagar.

– Tysdag blir minst like bra som måndag. Då vil kunne passere 25 gradar aust for Kristiansand. Etter det vil temperaturen gå litt ned, men det vil framleis vere seinsommaleg vær resten av veka.

Nydeleg dag i skjærgården utanfor Grimstad.

Nydeleg dag i skjærgården utanfor Grimstad.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Ikkje «indian summer»

Det er for tidleg å kalle dette for «indian summer».

– Det må helst ha vore ein kjølig periode og vi må ha haustfargar i naturen før ein kan seie at det er «indian summer», forklarar Walløe.

Terje Alsvik Walløe

Statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe seier det blir sommar heile veka på Sørlandet.

Foto: Kamilla Pedersen

– Dette vil eg berre kalle seinsommar.

Gode badetemperaturar

Det er og gode høve til å ta seg eit bad i sjøen. Meteorologisk institutt varslar om 17,1 grader i sjøen i Kristiansand i dag, medan fleire innsjøar framleis har temperaturar kring 20 grader.

Og mens det i indre Oslofjord ikkje er tilrådeleg å bade på grunn av forureining med kloakk, er det ingen fare knytt til bading på Sørlandet.

Tar du deg eit kvelds- eller nattbad er det gode høve til å sjå morild i sjøen langs kysten av Sørlandet.

Har du bilder fra seinsommaren?

Del dei gjerne med oss!

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,92 kr
Dyrest kl. 18 1 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %