Hopp til innhold

Helse Førde: Har over 70 konkrete kuttforslag

Helse Førde har ei liste på over 70 kuttforslag når dei skal redusere drifta med 100 millionar kroner til neste år.

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

ORIENTERER: Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, orienterte styret under møtet på Tronvik.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Sjukehus over heile landet må gjere dramatiske grep for å få 2024-budsjettet i hamn. Det kan gå utover både pasientar og pårørande.

I går vart det kjent at Helse Fonna innfører tilsetjingsstopp og redusert bruk av innleigd personell og konsulentar.

I dag er styret i Helse Førde samla for å stake ut kursen for korleis dei skal spare 100 millionar kroner neste år.

– Det blir ein krevjande dag for Helse Førde. Vi manglar ein del pengar til drifta vi har i dag, seier administrerande direktør, Arve Varden.

Over 70 kuttforslag

Allereie i sommar kom dei første signala om at Helse Førde styrte mot eit underskot på 50 millionar kroner. Trass god drift gjennom sommaren, forverra den økonomiske situasjonen seg. Det vart då klart at ein ville gå inn i 2024 med 100 millionar kroner for lite i høve dagens drift.

Helseføretaket har i løpet av september og oktober fått over 70 konkrete kuttforslag frå klinikkane. Nokre av desse blir presentert for styret i dag.

I ei pressemelding skriv helseføretaket at nokre av tiltaka som er føreslegne kutta er knytt til drift. Fleire av desse kan gjennomførast.

Andre tiltak krev støtte frå administrerande direktør og føretaksleiinga.

Tiltaka med størst innverknad på helsetilbodet og tilsette krev svært nøye vurderingar. Denne prosessen involverer både tillitsvalde og vernetenesta i Helse Førde.

Av tiltaka det no blir jobba med er:

  • Vurdere tenestetilbodet innan rusbehandling og tilbodet på Tronvik
  • Utsetje oppbygging av rehabiliteringstilbodet ved Førde sentralsjukehus
  • Vurdere Helse Førde sitt tenestetilbod i Florø
  • Vurdere tilpassingar i drifta ved ortopeditilbodet i Lærdal
  • Vurdere tilpassingar ved skadepoliklinikk Nordfjord sjukehus
  • Sommarstenging av sengepost ved Indre Sogn psykiatrisenter
  • Tilpasse drift ved Nye Førde sjukehus til dei økonomiske rammene
  • Redusere 10 årsverk i administrasjon og stab
  • Innføre parkeringsavgift ved alle institusjonar
  • Redusere variabel løn og faste tillegg
  • Tilpasse drifta i helg og ferieavvikling
  • Utnytte ressursane betre på tvers av sengepostar og poliklinikk
  • Redusere investeringsbudsjett og vedlikehald av bygg
Marita Aarvik

FREDE: Marita Aarvik i brukarutvalet ber Helse Førde frede klinikkane som har pasientbehandling.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Leiar Marita Aarvik i brukarutvalet til føretaket ventar at pasientane blir skjerma. Ho meiner kutta først og fremst bør skje innan dei administrative områda.

Vi ser at Helse Fonna har same problem som Helse Førde. Dei må kutte mykje, men har vald å frede klinikkane. Vårt råd til Helse Førde er å sjå på same modell, seier Aarvik.

Vedtak i desember

Føretaket skal vidare også vurdere om det er fagområdet der den medisinske utviklinga opnar opp for endringar. Eventuelt om det er fagområdet med overkapasitet.

Ingen av tiltaka er vedtekne å gjennomføre, og de er uvisst kva kutt styret går for. Det blir først vedteke på styremøtet i desember.

Tiltak som krev nærare analyse, samt intern og eventuelt ekstern vurdering av følgjene, skal greiast ut vidare. Varden presiserer at ein slik analyse kan føre til at tiltak blir lagde vekk, eller gjennomført.

Enkelte vurderingar kan kunne gå langt utover 2023.

– Fleire av desse tiltaka vil vere krevjande å gjennomføre. Vi treng difor å gjere grundige analysar før vi kjem med dei endelege forslaga, seier Helse Førde-direktøren.

Politikarane troppa opp

Tilfeldig eller ikkje, dagens styremøte finn stad på Tronvik i Høyanger. Rusinstitusjonen er blant tiltaka som no blir vurdert kutta eller justert.

Varden har allereie orientert leiarar, og skal før dagens styremøte ha møte med hovudtillitsvalde og verneombod på Tronvik.

Varaordførar Geir Helge Østerbø i Høyanger kommune.

APPELL: Varaordførar i Høyanger, Geir Helge Østerbø, retta krav til Helse Førde om å vidareutvikle rusinstitusjonen Tronvik.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Varaordførar Geir Helge Østerbø er av lokalpolitikarane som trappa opp for å tale institusjonen si sak. Dei er uroa for både tilsette og brukarar av tenestene på Tronvik.

– Bygningsmassen er alt for god til å stå tom, og fagmiljøet har godt rykte i lokalsamfunnet og på Vestlandet. Eg kan ikkje forstå at det er mogleg å legge ned noko slikt, seier Østerbø til NRK.

I pressemeldinga presiserer direktøren at det å kunne oppretthalde tre sjukehus i Helse Førde ligg i botn av arbeidet med å tilpasse drifta til dei økonomiske rammene.

– Vi skal så langt råd er strekke oss etter at ingen fast tilsette skal misse jobben. Men vi kan ikkje utelukke at nokre kan få endra arbeidsoppgåvene sine eller arbeidsstad, seier Varden.