Hopp til innhold

Helse Førde vurderer nedlegging av rusinstitusjon

Ruseininga på Tronvik i Høyanger er blant tiltaka Helse Førde vurderer å legge ned når dei må spare 100 millionar kroner for å få 2024-budsjettet i balanse. Dei tilsette vart orienterte på eit møte fredag.

– Det er svært tungt å gje slike meldingar til medarbeidarar i eit fagleg sterkt arbeidsmiljø. Vi håpar sjølvsagt at det kjem meir pengar i statsbudsjettet, men slik situasjonen er no må vi snu alle steinar, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

Ordførar i Høyanger kommune, Petter Sortland, seier kommunen vil gå i dialog med leiinga i Helse Førde for å sjå på moglege løysingar for innsparing.

– Eg forventar at heile delar av Helse Førde, og Helse Vest, som Tronvik har basert mykje av sin aktivitet på, ser på alle alternativ og ikkje berre skjer inn mot «vår» rusinstitusjon, seier han til NRK.

Helseføretaket har hatt som mål å styrke drifta med fem nye regionale plassar i år, men har ikkje lukkast å rekruttere legar. No står leiinga framfor eit val om å halde fram drifta, å redusere den eller å legge den ned.

Tronvik er ein tradisjonsrik behandlingsstad innan psykisk helsevern, som opna i 1956. I dag har rusinstitusjonen 15 sengeplassar og 37 årsverk.

Psykiatrisk klinikk avd. Tronvik
Foto: Ottar Starheim / NRK