Hopp til innhold

Eldrebølga slår inn over akuttmottaket

Ved dette akuttmottaket blir det stadig sett nye rekordar. Og talet på pasientar over 67 år er det som aukar mest.

Akuttmottaket på SUS

Det er rushtid på akutten i Stavanger. Her må dei ta hand om stadig fleire pasientar.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Det lyser raudt på skjermen. Alarmen går.

Ein kritisk sjuk pasient er på veg inn til akuttmottaket ved Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Fire kvite frakkar står klare inne på akuttrommet.

Snart skal døra opna seg. Inn skal det koma ein pasient med hjerneslag.

Dei kan høyra luftambulansen utanfor.

Men det er langt frå dagens første.

Behandling på akutten i Stavanger

Ein anestesilege kjem inn frå luftambulansen med ein slagpasient.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Rushtid på akutten

Ambulansearbeidar på ambulansearbeidar. Båre på båre. I sengehallen der pasientane ventar på behandling, korkar det seg til.

Det er rushtid på akuttmottaket i Stavanger.

– 43 pasientar er til stades her nå, seier avdelingssjukepleiar Stian Bergby.

Då blir det trongt på eit akuttmottak som eigentleg berre har 27 sengeplassar.

Ambulansepersonell på akuttmottaket på SUS

Det er fullt inne på triagehallen på akuttmottaket ved SUS denne dagen. Og nye pasientar er på veg inn.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Det er fullt på romma. Det er lagt på gangen. Det er fullt i sengehallen. Og fleire pasientar er på veg inn.

Dei eldre pasientane me har, som har bygd landet og betalt skatt i alle år. Eg skulle ønska at dei kunne sleppa å sjå gangane våre.

Stian Bergby avdelingssjukepleiar ved akuttmottaket på SUS

På oversikta på skjermen ser Bergby at det vil koma 13 nye pasientar i løpet av kort tid.

Men det vil ikkje stoppa med det.

– Når talet på 56 pasientar kjem allereie klokka halv to på dagen, då veit me at toppen er langt frå nådd, seier avdelingssjukepleiaren.

Stian Bergby på SUS

Stian Bergby er avdelingssjukepleiar ved akuttmottaket på SUS.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Det er fullt over alt. Korridoren er full, seier Monica Belgen-Bertelsen.

Ei årsak til at det har blitt travlare er at befolkninga blir eldre.

Belgen-Bertelsen er akuttsjukepleiar på SUS. Nå står ho i hjartet av akuttmottaket og fordeler oppgåver.

Kva behandlingsrom blir ledig først? Er det bestilt blodprøve? Har anestesien kome?

Det er hektisk.

Dette skjer oftare og oftare.

Monika Belgen Bertelsen på SUS

Monica Belgen-Bertelsen (t.h.) ser på oversikta over pasientar som er på mottaket og på veg inn.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Me set stadig nye rekordar med kor mange pasientar som kjem inn per dag, per veke, per månad. Og også kor mange som fysisk er til stades samtidig på mottaket vårt, seier Bertelsen.

Frå januar til april i år kom det 600 fleire pasientar til dette mottaket, samanlikna med same periode i fjor. Og nær 1400 fleire enn i 2022.

– Det er meir å gjera, men det eg er mest oppteken av, er den kjensla ein går heim med. Følelsen av å ikkje ha gjort ein god nok jobb, seier akuttsjukepleiaren.

Eldre og sjukare

Du las nettopp at akuttmottaket har behandla 600 fleire pasientar i år samanlikna med same periode i fjor.

Over 400 av desse var over 67 år.

Befolkningsframskrivingar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at ein av fem nordmenn kjem til å vere over 70 år i 2050. Befolkninga over 80 år er forventa å dobla seg innan 2050.

Sjef for mottaksklinikken ved SUS, Anita Lyngøy.

Anita Lyngøy er sjef for mottaksklinikken ved SUS.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Menneske over 67 år treng fire gonger så mange kontaktar med spesialisthelsetenesta, som dei under 67 år. Når den befolkningsgruppa aukar, aukar kontaktbehovet hos oss, seier sjef for mottaksklinikken ved SUS, Anita Lyngøy.

Dei siste fem åra har det blitt rundt fem prosent fleire innbyggarar i regionen som SUS har ansvaret for.

Befolkningsauken blant dei mellom 67–90 år er på rundt 20 prosent.

Men dette er berre starten.

Akuttmottaket i Stavanger

Ambulansepersonell kjem inn med ein ny pasient.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Meir ressurskrevjande behandling

Eldrebølga vil treffa akuttmottaket i endå større grad i åra som kjem.

For det blir ikkje berre fleire eldre. Det krev også meir av dei tilsette å gi eldre pasientar ei god og trygg behandling.

– Ofte opplever me at dette er ei gruppe som er meir ressurskrevjande, seier Anne Katrine Bergland, seksjonsoverlege ved observasjons- og behandlingsavdelinga ved SUS.

Ho er også spesialist i akutt- og mottaksmedisin og geriatri.

– Dette er pasientar som ikkje alltid klarer å gjera greie for seg sjølv og sine eigne behov. Så me må ofte henta inn opplysningar frå andre. Det er også ei gruppe som har mange underliggande sjukdommar og medisinar som ein må ta omsyn til i ein akuttsituasjon, seier Bergland.

Anne Katrine Bergland, seksjonsoverlege ved operasjon og behandlingsavdelinga ved SUS.

Anne Katrine Bergland er seksjonsoverlege ved observasjon- og behandlingsavdelinga ved SUS.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Kva tenker de då om tida som kjem?

– Me veit at befolkninga blir eldre og større, samtidig som tilgangen på helsepersonell ikkje blir betre. Me har allereie gjennom mange år førebudd oss på denne utviklinga. Me har endra og effektivisert måten me jobbar på. Og det må me halda fram med. Samtidig som me må ta ut effekten av den teknologiske utviklinga der me kan, seier klinikksjef Lyngøy.

– Men så er det likevel slik at teknologi aldri kan erstatta menneske verken med tanke på medisinskfagleg vurdering eller omsorg. Viss eg skal trekka fram noko eg er uroa for, så er det om me er i stand til å utvikle oss i takt med det auka behovet i befolkninga.

Behandlingsrom på akutten

Det er opptatt på alle behandlingsromma denne dagen.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Meir venting

Toppen er framleis ikkje nådd på akuttmottaket.

– Sengehallen er fullt opp, og me har ingen fleire plassar til dei som treng ei seng.

Nå må avdelingssjukepleiar Stian Bergby finna nye måtar å utnytta plassen.

– Nå opnar me eit sengeareal der me har eit lager for reine senger, for å ta imot pasientar der.

Oversikt pasienter på akutten i Stavanger

På mobilen har avdelingssjukepleiar Stian Bergby oversikta over kor mange pasientar som er til stades og kor mange som er på veg inn.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

For det kan ikkje bli fullt på eit akuttmottak.

Dei kan aldri seia nei til nye pasientar.

– Så nå må me prioritera, kven treng legetilsyn først?

Dei sjukaste skal få hjelp først. Alle skal få hjelp til slutt. Men det blir venting.

Ambulansepersonell på akutten i Stavanger

Ambulansepersonell kjem stadig innom mottaket med nye pasientar.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Meir plass – ikkje fleire folk

I Stavanger blir det nå bygd nytt sjukehus med eit større akuttmottak.

Der vil det også vera fleire enkeltrom. Truleg betyr det færre pasientar på korridoren.

– Men så veit me jo at det ikkje finst sjukepleiarar til å bemanne det. Dei finst jo ikkje lenger, me slit jo allereie nå, seier akuttsjukepleiar Belgen-Bertelsen oppgitt.

Ho trur heller ikkje dei travle dagane hjelper på rekrutteringa.

– Ein går heim og kjenner på at faglegheita er litt på spel, men også medmenneskelegheita. Og det går fint å kjenne på ein gong iblant. Men når me kjenner på det oftare og oftare, blir me veldig slitne. Det er kanskje litt av svaret på kvifor me manglar sjukepleiarar her i landet, seier ho.

Stian Bergby på Nye SUS

Stian Bergby på Nye SUS. Der blir det bygd eit større akuttmottak med fleire einerom.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Ikkje uroa for den kritisk sjuke pasienten

På akuttrommet ligg slagpasienten ferdig behandla.

Nå kan han sjå. Det kunne han ikkje for ein halvtime sidan.

Med «plumbo» for hjernen har dei kvite frakkane redda eit liv.

Men dei skal truleg redda endå fleire denne dagen.

Monika Belgen Bertelsen på SUS

Monica Belgen-Bertelsen er akuttsjukepleiar ved SUS.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Eg er ikkje uroa for den kritisk dårlege pasienten. Den vil alltid bli tatt hand om. Men eg er uroa for alle dei andre, at det blir fleire og fleire av dei og ikkje av oss, seier Bertelsen.

– Eg har ikkje løysinga. Men eg ser at det er eit problem. Og eg kjenner på ei uro, seier akuttsjukepleiaren.