Hopp til innhold

Helse Førde stengjer sjukehusa for besøkande

Helse Førde set no i verk nye tiltak for å avgrense besøk på sjukehusa. Berre mindreårige, funksjonshemma og pasientar som ligg på det siste, kan ha besøk.

Førde sentralsjukehus 17

STENGJER: Alle sjukehusa i Helse Førde innfører strenge restriksjonar på kven som får kome på besøk.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi er klar over at dette er strenge og inngripande tiltak, men ser dette som eit heilt nødvendig tiltak for å hindre spreiing av smitte i sjukehusa våre, seier administrerande direktør Arve Varden i ei pressemelding.

SISTE: I ettermiddag sende helseføretaket ut ei revidert pressemelding etter at dei fekk reaksjonar på tiltaka. Det er difor lempa litt på krava til besøk hos pasientar som er i fare for å døy, samstundes som friske fedrar får vere med på fødslar.

Dette er dei nye tiltaka:

  • Berre born under 18 år og funksjonshemma kan ha følgje av ein person til avtalte timar eller få besøk på sjukehuset. Følgje eller besøk skal alltid avklarast med aktuelle avdelingar på førehand.
  • Pasientar som er i fare for å døy, kan ha besøk av maksimalt tre pårørande eller kjenningar per døgn. Dette skal organiserast som eitt besøk, og alle besøkande må vere symptomfrie.
  • Følgje eller besøk skal alltid avklarast med aktuelle avdelingar på førehand.​​​​​​​
  • Dei nye reglane som Helse Førde innfører frå no, gjer at partnarar ikkje får vere med på rutineultralyd. Partnarar som er symptomfrie og ikkje kjem inn under karantenereglementet til Folkehelseinstituttet, kan få vere med på fødslar. Dette skal avklarast med fødeavdelinga på førehand.
  • Pasientar som kjem til sjukehusa i drosje, vil bli tekne mot av helsetilsette ved hovudinngangane. Drosjesjåførar skal ikkje lenger følgje pasientar inn på sjukehusa. Same gjeld for privatpersonar som køyrer pasientar til time.

Tilsette i helse- og omsorgstenesta er svært utsette for å bli smitta.

– For å ha nok personell til å handtere ein situasjon med fleire smitta, er det heilt avgjerande for oss å hindre spreiing av smitte i sjukehusa våre. Vi ber om forståing for at dette er naudsynt, seier Varden.

Tidlegare i dag vart det kjent at alle kommunane i Sogn og Fjordane innfører karantene for alle som sidan 12. mars har vore i store deler av Sør-Noreg.

Arve Varden i Helse Førde

NAUDSYNT: Sjef i Helse Førde, Arve Varden, seier det er naudsynt å innføre drastiske tiltak for å hindre smittespreiing.

Foto: Steinar Lote / NRK