Hopp til innhold

Sogn og Fjordane innfører omfattande karantenepåbod

Kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane har innført påbod om 14 dagars heimekarantene for personar som kjem frå store deler av Sør-Noreg.

Øystein Furnes i Førde kommune

STRENGE TILTAK: Kommuneoverlege Øystein Furnes i Sunnfjord kommune seier det er naudsynt med drastiske tiltak for å hindre spreiing.

Foto: Raymond Lidal / NRK

SISTE: Gulen kommune presiserer at dei ikkje er med på dette vedtaket. Ifølgje Reidun K. Halland er dette forklaringa:

– Kommunen har helsetenester i nabokommunar, og i tillegg har stor grad av arbeidstakarar frå nabokommuner. Eit slikt vedtak ville ha ei negativ påverknad på samfunnskritiske funksjonar.

Samstundes innfører dei, som mange andre kommunar, 14 dagars heimekarantene for studentar som kjem frå Oslo, Bergen, Trondheim eller Viken.

– Vil sikre lilv

– Vi har per i dag eit lågt smittepress, og som ein sårbar region er det vårt ansvar å gjere det ytste for å halde det slik lengst mogleg. Desse tiltaka vil redde liv, skriv kommuneoverlege i Sunnfjord kommune, Øystein Furnes, i ei pressemelding på vegner av dei andre kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

Her skriv dei at det vert innført krav om karantene for alle som har vore i store deler av Sør-Noreg frå og med 12. mars. Regelen gjeld fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, Trøndelag og det geografiske området som svarar til tidlegare Hordaland.

Vedtaket kan du lese nedst i artikkelen.

– Sårbar region

– Vi er ein sårbar region, prega av små kommunar og lange avstandar. Per i dag har vi god kontroll på smittesituasjonen i regionen. Denne misser vi raskt om vi ikkje får betre kontroll på det innanlandske smittepresset, seier kommuneoverlege Jan Helge Dale i Kinn kommune.

Kommuneoverlegane ser dette vedtaket som ei naturleg følgje av Folkehelseinstituttet (FHI) sine tilrådingar, og Helsedirektoratet sitt nasjonale vedtak.

– Vi reknar ikkje transitt på flyplassar som eit opphald i dei aktuelle områda, seier Thomas Vingen Vedeld, kommuneoverlege i Stad kommune.

Kva betyr dette vedtaket i praksis for folk?'

– Det betyr at alle som var i desse fylka 12. mars eller seinare, må vere i heimekarantene i 14 dagar, på same måte som alle som har vore i utlandet, seier Leiv Erik Husabø, kommuneoverlege i Sogndal kommune.

Råkar ikkje transport av mat

Til NRK seier Furnes at vedtaket ikkje vil få følgjer for naudsynt transport av mat og andre varer. Det same gjeld for transport av pasientar mellom Haukeland og sjukehusa i Bergen.

– Men det er viktig at alle som er unnateke dette vedtaket er nøye på at dei held avstand. Får dei symptom på luftvegsinfeksjon så skal dei ikkje jobbe, presiser Furnes.

Men vanlege jobbreiser vert råka av vedtaket. Furnes oppmodar difor bedriftene om å bruke telefon eller andre digitale løysingar.

Gjeld inntil vidare

På spørsmål om kor lenge påbodet om karantene vil gjelde, svarar Furnes dette:

– Vi må følgje utviklinga. Per no gjeld vedtaket inntil vidare, men eg ser for meg at det vil gjelde ut mars. I utgangspunktet følgjer vi det nasjonale vedtaket, seier han.

Dette seier legen om besøk

Furnes seier at han elles har fått mange spørsmål om korleis du skal stille deg til besøk frå områda som gir karantene.

– Det gjeld ikkje om du alt har fått besøk, men ein må vere avklar over at alle som kjem frå desse områda no må i karantene. Då har det lite for seg å ta imot besøk når dei ikkje har lov til å ta kontakt med deg. Men besøk som ein har fått før no, er ikkje grunnlag for at du sjølv skal gå i karantene, forklarar han.

– Møt på jobb i Helse Førde

Påbodet om karantene får store følgjer for mange. Blant anna for Helse Førde. For ikkje lenge etter at nyheita vart kjent, kom det ei pressemelding frå Helse Førde.

Her ber leiinga om at alle tilsette skal kome på jobb som vanleg.

– Vi har høve til å gje dispensasjon for nødvendig helsepersonell. Vi har definert alle som arbeider i Helse Førde som nødvendige, seier administrerande direktør Arve Varden.