Hopp til innhold

Har klart å skaffe geolog

Ein geolog er no på plass på rasstaden i Balestrand. Dermed slepp ein å vente på flybåren geolog utpå føremiddagen.

To personar er framleis sakna etter at eit hus vart teken av skred vest for Balestrand sentrum måndag kveld.

Torer ikkje gå inn i rasområdet

Grunna mangel på geolog har politiet ikkje ville sende leitemannskap inn i sjølve rasområdet, og det blir i mellomtida søkt langs sjøkanten ved hjelp av kystvaktskipet Andenes og Redningsskøyta Utvær.

Ein geolog er venta til staden i med fly via Sogndal i løpet av føremiddagen, men no har Statens vegvesen stilt sin geolog, Svein Helge Frækaland, til rådvelle. Han er no på plass i Balestrand.

Sogn og Fjordane politidistrikt vil leggje Frækaland si vurdering til grunn om ein kan sende folk inn i rasområdet.

LES OGSÅ:

Brukar helikopter

– Planen no er å bruke helikopter og freiste å klare rasområdet i Balestrand, seier Frækaland til NRK.no.

Når jobben er gjort i Balestrand vil han fly vidare til dei mange andre viktige vegane som er stengde grunna dei store nedbørsmengdene i Sogn og Fjordane.

– Det er truleg snøsørpe og is som har demma seg opp. Deretter har demningen sprengt, og det har erodert i jord og stein. Det er truleg situasjonen fleire stader. Her i Balestrand er det bert nede ved fjorden, og så er det sørpe og snø vidare oppover fjellsida, seier geologen.

Skal sjå på flere vegar

Etter Balestrand vil fylkesveg 614 Magnhildskaret mellom Grov og Svelgen og vegen mellom Hyen og Hestenesøyra i Gloppen truleg stå for tur for vurdering.

Frækaland rådar folk til å bruke vegane minst mogleg.

– Folk bør ikkje reise viss det ikkje er heilt nødvendig, seier geologen frå Statens vegvesen.