Har brukt opp skogbrann-millionar – må be om meir til helikopter

Myndigheitene har allereie brukt opp dei fem millionane dei har fått løyvd for å ha beredskapshelikopter mot skogbrannar. No må dei be justisdepartementet om meir pengar.

Slokker brann med helikopter

HELIKOPTER: Brannmannskapa fekk hjelp frå lufta under skogbrannen på øya Ombo i Ryfylke.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Tørken i Sør-Norge fører no til uante konsekvensar for beredskapen. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har skogbrannhelikopter i beredskap frå 15. april til 15. august i år.

Det er vanlegvis plassert på Torp, men i tider med lengre tørke og stor brannfare har dei fleire basar rundt om i landet. Per no har dei ni helikopter i beredskap i heile Sør-Norge og det kostar pengar.

No er dei fem millionane som er sett av til helikoptera brukt opp og DSB må spørje departementet om meir pengar.

– Eg vil bli overraska om det vert tatt avgjerder som gjer at vi må ta ned den beredskapen som vi har, seier DSB-avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen til NRK.

Ho søkjer no Justisdepartementet om meir pengar for å sikre at kommunane kan bruke helikopter mot flammane.

Femti mann og eit helikopter er i arbeid, men brannvesenet har framleis ikkje kontroll på lyngbrannen i Holvik i Vågsøy.

MANGE: Skogbrannfaren er skyhøg i heile Sør-Norge og gjennom helga har det vore fleire brannar. Her frå Holvik i Vågsøy.

Raudt nivå

Lang tid utan regn i Sør-Norge har gjort at det har blitt innført totalforbod mot tenning av eld i skog og mark fleire stader, grunna ekstrem skogbrannfare.

Gjennom helga har det vore fleire oppdrag for brannmannskap grunna skogbrannar i heile Sør-Norge. Dei fleste av desse har blitt sløkka ved bruk av både bakkemannskap og helikopter.

– Det har vist seg å vera særs viktig. Det som er avgjerande er eit godt samarbeid mellom bakkemannskap og dei som sløkker frå helikopter, seier Rygh Pedersen.

I løpet av sommaren i 2017 vart det utbetalt erstatningar for 126 millionar kroner etter brannar og branntilløp der kjelda var grill, fyrstikker og røyking.

– Ni av ti brannar i skog og utmark startar etter menneskeleg aktivitet. Derfor er det viktig at alle er ekstremt forsiktige, seier Rygh Pedersen.

Ni helikopter

Vanlegvis er det berre på Torp det står eit beredskapshelikopter for skogbrann, men no står det åtte til i beredskap. To er plassert på Værnes og to på Kjeller. Kinsarvik, Sauda, Stavanger og Bringeland har eitt.

alarmen gjekk søndag ettermiddag i Vågsøy vart helikopter sendt frå Bringeland i Gaular.

– Vi har eit helikopter som står i beredskap når det brenn. Det kjem på sida av andre oppdrag vi har så denne tida på året er travel, seier Børre Eimhjellen, kommersiell direktør i Airlift.

Det er meldt nedbør fleire stadar i Sør-Norge på onsdag, men ikkje nok til at ein kan avlyse skogbrannfaren.

Klargjering av helikopteret

TILBAKE: Helikopteret som var nytta til skogbrannslokking ved Måløy i Vågsøy søndag kveld er tilbake på basen på Bringeland i Gaular.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK