Hopp til innhold

Regnet kjem på onsdag – sjølv om du ikkje ser det på Yr

På langtidsvarselet på yr.no er det berre sol å sjå, men til veka melder Kristen Gislefoss regnbyer over store delar av Sør-Noreg. Men ikkje nok til å avlyse skogbrannfaren.

Badende barn

I heile Sør-Noreg har mai månad vore rekordvarm. Da er det ikkje rart mange kastar seg ut i vatnet.

Foto: Anders Fehn / NRK

Etter tidenes mai i store delar av Sør-Noreg med sol og temperaturar over 20 grader i to veker, må ein til veka skru forventingane ned eit par hakk.

Regnet treffer Hedmark og Oppland fyrst

Tysdag kveld fell temperaturane til like over 20 i staden for 30 og dei fyrste regnbyene på lang tid kan kome innover Austlandet.

– Det ser ut til å bli bygevêr og nedbøren kjem fyrst over Hedmark og Oppland tysdag kveld. Nedbøren kjem austfrå og ser ikkje ut til å nå Oslo før natt til onsdag, seier statsmeteorolog, Kristen Gislefoss.

Laster Twitter-innhold

Men du har kanskje sjekka langtidsvarselet og gledd deg til enda ei ny veke med sol og ingen nedbør?

Skjermdump
Foto: Skjermdump
Yr, Bergen
Foto: Skjermdump
Lillehammer, yr
Foto: Skjermdump

Stort sett sol og ingen nedbør kjem opp stort uansett kva slags stadnamn i Sør-Noreg du skriv inn.

Kan kome regn sjølv om du ikkje ser det på yr

Likevel melder altså Gislefoss regn.

– Det handlar om at symbolet blir sett for ein lengre periode. Om ein ser på ein periode frå klokka 06 til 12 som yr viser, blir vêrsymbolet sett for vêret som er meldt for starten på perioden. Om det er meldt ei regnbye frå klokka 11 til 12 vil ikkje alltid det kome med, forklarer Gislefoss.

Nedbøren blir altså i form av byer og ein kan også vere heldig å sleppe heilt unna regnet.

– Det blir meir ustabile luftmassar og byevêr frå midten av veka. Eg kan ikkje seie at alle stader vil få regnbyer, men både Sørlandet og Austlandet vil få nedbør.

Ein vennegjeng solar seg i parken i Bergen

Også i Bergen har folk kunne sole seg uvanleg mange dagar i strekk i mai.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

På Vestlandet ser det ut til å bli mindre regn, men kan hende kjem regnet også innover Bergen i slutten av veka.

Treng ei skikkeleg rotbløyte

At regnet kjem er på høg tid meiner statsmeteorologen. Det er veldig tørt mange stader i Sør-Noreg og det er svært stor skogbrannfare. Nedbøren som han melder nå vil likevel ikkje gjere stort med den.

– Det må ei skikkeleg rotbløyte til skal det hjelpe noko på skogbrannfaren. Og det ser eg ikkje i prognosane. Det kan gå frå svært stor, til stor skogbrannfare, trur Gislefoss.

Betre til veka i nord

Nord-Noreg er langt unna tropevarmen i sør denne helga. Kristen Gislefoss ser betring i det fjerne, men kan ikkje love shortsvêr for nordlendingane heilt enno.

– Det kan bli betre temperaturar og mykje bra vêr frå tysdag til torsdag i Tromsø. Men det er ei vekslande vêrtype som kan gå frå fint til dårleg fort, seier metereologen.

Hvervenbukta

I Hvervenbukta i Oslo har det vore gode dagar for sol og bading

Foto: Anders Fehn / NRK